Trur vindturbinar vil halvere verdien på hytta til Odd-Geir

6 hours ago 3



– Me har mange gode minner frå denne plassen.

Odd-Geir Rosland viser fram hytta si ved Moifjellet i Bjerkreim. Faren bygde ho i 1960.

Mykje har endra seg sidan den gongen. I dag er det vindturbinar som pregar store delar av landskapet. Og snart kan det kome endå meir.

Statkraft vil nemleg bygge eitt av landets største vindkraftverk: 38 vindturbinar på 200 meter i eit område på meir enn 16 km².

Kvar blå prikk er ein vindturbin.

Her planlegg Statkraft 38 nye turbinar.

– Eg har hatt forståing for at ein har villa bygga ut med vindkraft tidlegare. Men det dei nå vil gjera er å ta det siste som er att av naturlandskap her, seier Rosland.

  • Moifjellet kan bli det første vindkraftverket i Noreg som får konsesjon etter seks år med full stopp. Kommunen får 50 millionar om dei gir grønt lys. Det kan du lesa meir om her.

Skyggekast og støy

Bjerkreim kommune skal seie ja eller nei til planane.

Dei har bede Statkraft om å vurdere korleis dette vil ramme dei nær 2000 eigedommane som ligg opptil 10 kilometer frå anlegget.

I rapporten kjem det fram at 28 bustader vil få såkalla skyggekast og støy. 83 bustader vil få auka støy. Nær 500 bustader vil få utsyn til turbinane.

Odd-Geir Rosland er på hytta si på Moi i Bjerkreim kommune.

Slik har Odd-Geir Rosland fått presentert den nye utsikta si frå Statkraft.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det er med andre ord 111 bustader som blir aller hardast ramma, blant dei Rosland si hytte.

Anslår verditap mellom 20 og 26 prosent

Statkraft har også fått i oppgåve å gje eit anslag på kor mykje desse eigedommane vil falle i verdi på grunn av vindparken.

I rapporten, som er utarbeida av Oslo Economics, står det:

«For boliger som både får økt støy, skyggekast og utsyn til turbinane på Moifjellet, er det estimerte verditapet på mellom 20 og 26 prosent.»

Eigedommar som blir mindre ramma vil ha eit verditap på mellom 3 og 26 prosent, anslår dei.

  • Odd-Geir Rosland er på hytta si på Moi i Bjerkreim kommune.

    Slik ser hytta til Rosland ut.

  • Odd-Geir Rosland er på hytta si på Moi i Bjerkreim kommune.

    For Rosland og familien er det naturen rundt, som gir hytta verdi.

  • Odd-Geir Rosland er på hytta si på Moi i Bjerkreim kommune.

    Og ein utsikt utan vindturbinar.

  • Odd-Geir Rosland er på hytta si på Moi i Bjerkreim kommune.

Henta inn eigen takst og verdivurdering

Dette er alt for lite, meiner Rosland.

Han kontakta Eiendomsmegler 1 i nabokommunen Gjesdal får å få ei vurdering på hytta.

Dei konkluderer slik:

«Basert på vår erfaring vil vi si at det er grunn til å tro at hytta dessverre halveres i verdi ...»

Det vil seie ein skilnad på 24 prosentpoeng.

Eigedomsmeklar Anette Egeland Bråtveit gjennomførte verdivurderinga for Rosland.

Ho meiner generelt sett at vurderingane av verditap i Statkraft-rapporten verkar låge.

– Det høyrest forsiktig ut. Me opplever stor skepsis hos folk når det kjem til vindmøller, seier Bråtveit, som har erfaring med sal av hytter nær vindparkar.

Ho legg til at planane om vindkraftutbygging vil kunne setja andre faktorar i sving, som vil påverka salet.

– Prisnivået på hyttene i området, samt tempo i salet, kan få stor innverknad i eit tilfelle som dette, ettersom vindmølleparken ennå ikkje er bygd.

– Skremmande

Hytteeigar Rosland meiner måten verditapet blir presentert for politikarane på er urovekkande.

Han meiner tala frå Statkraft gir eit for mildt bilete av konsekvensane.

– Det er skremmande at dette er ein del av avgjerdsgrunnlaget for politikarane. Eg føler eg må seie ifrå, seier han.

Odd-Geir Rosland er på hytta si på Moi i Bjerkreim kommune.

Odd-Geir Rosland fryktar at profitt vil vinna over natur.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Rosland er også skeptisk til andre påstandar som kjem fram i dei mange rapportane Statkraft har sendt til kommunen.

– Eg meiner rapportane er rigga. Eg har ikkje tillit til jobben Statkraft gjer, seier han.

Statkraft: – Moifjellet er godt greidd ut

Statkraft svarar at dei har brukt fagfolk og følgt krav i alle utgreiingar. Dei syns det er trist dersom nokon har mista tillit til dei.

– Me har hatt fokus på å vera opne og transparente, seier prosjektleiar Andreas Stokke.

Andreas Stokke er prosjektleiar i Statkraft

Andreas Stokke er prosjektleiar for Moifjellet vindkraftverk, i Statkraft.

Foto: Statkraft

– Kva tenker du om dei ulike vurderingane rundt verdien til Odd-Geir Rosland si hytte?

– Eg kan ikkje anna enn å registrera at det er henta inn ei meklarvurdering som kjem fram til eit anna tal enn rapporten.

Han seier også at det er vanleg med såkalla «avbøtande tiltak» eller å vurdera innløysing av eigedom for dei som blir aller hardast råka av utbygginga.

I utgangspunktet blir det ikkje planlagt for ekstra tiltak for eigedommar som ligg innanfor anbefalte grenseverdiar og ikkje er direkte råka av tiltaket, seier Stokke.

Hytteeigar Rosland har ikkje fått tilbod om avbøtande tiltak.

Kommunen med oppmoding til Rosland

Politikarane i Bjerkreim har fått om lag 2000 sider frå Statkraft. I haust skal dei avgjera om saka skal sendast ut på høyring eller ikkje.

Vindkraftprosjektet kan gi kommunen 50 millionar.

– Heile saka er omfattande og me skal behandla ho grundig, seier ordførar i Bjerkreim kommune, Tone Vaule (Ap).

 Tone Vaule, Arbeiderpartiet, er ordførar i Bjerkreim i perioden 2023 – 2027

Tone Vaule (Arbeidarpartiet) er ordførar i Bjerkreim kommune. Ho og dei andre politikarane skal vurdera fordelane med eit nytt vindkraftverk opp mot ulempene.

Foto: Erik Waage / NRK

Ho meiner det ikkje er uventa at enkelte har innvendingar mot rapportar, og ho ser på det som ein del av den demokratiske prosessen.

– Det er sjølvsagt greitt å vera usamd i ein rapport, men eg ser ingen grunn til å hevda at tilliten til prosessen er svekka av den grunn.

Ordføraren legg til at ho har opplevd Statkraft som ryddige ovanfor kommunen.

– Dersom planen nå blir lagt ut på høyring vil eg oppmoda Rosland å senda inn dokumentasjon på kvifor han meiner at desse tala er feil, og då tar me sjølvsagt dette vidare.

I tillegg må Statkraft få konsesjon – altså løyve – frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) før det eventuelt kan byggjast. Også den prosessen har eigne høyringar.

– Det er profitten som vinn

Dette er dokumentasjon Odd-Geir Rosland alt har sendt inn til kommunen. Sjølv om han håper det skal hjelpa, har han lita tru på det.

– Det er profitten som vinn, slår han fast.

Han er open om at det viktigaste for han ikkje er at verdivurderinga skal bli rett, men at naturen ikkje skal bli bygd ned.

– Moifjellet er omtrent det siste turområdet me har att her, og nå vil dei ta det òg, seier han.

I dette kartet kan du sjå kor i landet det er bygd vindturbinar. Kjelde: NVE

Hei! Har du tips eller innspill etter å ha lest denne saken, send gjerne redaksjonen en e-post. På forhånd takk!

Publisert 08.07.2025, kl. 19.07

Read Entire Article