Trur 2025 blir eit tøffare år for bankane

4 hours ago 5



SpareBank 1 Nord-Norge har eit resultat på 4,5 milliardar kroner før skatt for 2024. Det opplyser dei sjølv i ei pressemelding.

Same tal for 2023 var 3,2 milliardar. Med det har banken tent over ein milliard kroner meir enn året før.

Kampen mot inflasjonen har ført til at rentene i perioden etter pandemien har vore høgare enn banken har vore vande med.

Det gir høgare inntenning i finansbransjen.

Konsernsjef Hanne Karoline Kræmer trur at 2025 blir eit tøffare år for bankane.

– Eg trur 2025, i tråd med det sentralbanksjefen har indikert, vil bringe med seg fleire rentekutt. Det er bra for folk og næringsliv, men vil gi lågare inntening til bankane.

Read Entire Article