Industri- og næringspartiet ser ut til å smuldra opp, eit halvår før stortingsvalet.
Ei kartlegging NRK har gjort, viser at partiet har mista 18,5 prosent av representantane dei fekk inn i kommunestyre i Noreg for halvannan år sidan.
Partiet, som vart starta i 2020, tok Noreg med storm gjennom ein politikk som dei sjølv skildrar som «sunn fornuft».
Det gav dei 3 prosents oppslutning på landsbasis og 238 lokalpolitikarar i 115 kommunar under førre lokalval.
Men no har partiet mista 44 av politikarane, viser NRKs kartlegging. Dei utmelde er fordelt på 28 kommunar i ni fylke.
Det er særleg Vestland som er ramma. Men partiet slit også stadvis på Austlandet, i Møre og Romsdal og i Trøndelag.
– INP fekk ein veldig vekst, ein plutseleg popularitet, som vart vanskeleg å handtera i ettertid, seier Bjarte Folkestad.
Han er valforskar ved Høgskulen i Volda og peiker på kranglar om posisjon og leiing som ein av årsakene til usikkerheit og oppsplitting i partiet.
Av dei som melder seg ut, har dei aller fleste blitt uavhengige kommunestyrerepresentantar, mens ein del går til eller er på veg inn i VI-partiet eller DNI.
Nokre få har gått til Frp, Høgre eller Ap.
Halvert sidan kommunevalet
Problema til partiet viser seg også på meiningsmålingane.
Brakvalet dei gjorde i kommunevalet med 3 prosents oppslutning på landsbasis, er no blitt til 0,8 prosent på den siste stortingsmålinga til NRK.
– Problema i partiet fører til at veljarane vert usikre, og populariteten går ned, seier Folkestad.
Han forklarar at i dei lange linjene er dagens veljarar mindre lojale til parti enn tidlegare. Dermed røyster dei gjerne på nye parti som fossar fram.
Meningsmåling februar 2025 Hvordan ville Norge stemt?
Vis i tillegg
Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin
28,7 % | +8,5 |
25,3 % | +1,6 |
16,2 % | −3,5 |
7,4 % | −1,4 |
6,0 % | +1,1 |
5,3 % | −0,6 |
3,1 % | −2,7 |
2,7 % | −0,6 |
2,1 % | −1,7 |
Partimåling fra Norstat for februar 2025 med 989 spurte. Viser endring fra meningsmåling i januar.
INP har også mista rundt 5000 medlemer det siste året, opplyser partileiar Ann Jorun Hillersøy til lokalavisa Strilen.
Til NRK seier Hillersøy at dei ikkje gjev ut tal. Men ho erkjenner at dei har mista fleire medlemmar.
Ekskluderingar og utmeldingar
Det siste året har ekskludering, baktaling og lokallag som legg seg sjølve ned, vore nokre av stikkorda for partiet.
Først gjekk grunnleggaren av INP gjekk ut og stifta Partiet DNI.
Då kom Joar Nesse frå Bømlo i Vestland inn som fungerande partileiar.
Han var klar på at partiet måtte samlast.
– Eg hadde eit håp om å få det til. INP hadde mykje god politikk, noko dei framleis har. Men når makt og posisjonar vert viktigare, kan eg ikkje stå inne for det lenger.
I april 2024 var også Nesse ferdig. Då tok Ann Jorun Hillersøy over som leiar.
Joar Nesse var med og starta Industri- og næringspartiet. No har han meldt seg ut i lag med mange andre i heimkommunen Bømlo.
Foto: Olav Røli, NRKTidlegare INP-leiar: Beklagar til veljarane
I idylliske omgjevnader på Stautland i Bømlo kommune sit Nesse med kaffikoppen og ser ut på dei rimdekte bakkane. I heimkommunen fekk INP 12,8 prosent oppslutnad ved valet.
– Det var heilt fantastisk eigentleg. Eg trur aldri noko nytt parti har gjort noko liknande tidlegare, seier han.
INP fekk inn fire representantar i kommunestyret. No er det berre ei tilbake. Resten, inkludert Nesse, har gått ut av INP og inn i Velferds- og innovasjonspartiet (VIpartiet).
– Kva vil du sei til alle veljarane som røysta på dykk, men som fekk noko heilt anna?
– Eg vil berre beklaga til veljarane. Det er rett og slett ei tragedie det heile, meiner Nesse.
Han hevdar den nye leiinga har skulda for alt som har skjedd.
Joar Nesse er leiar for fagrørsla SAFE i Cosl Drilling i Noreg. Der har han hatt fleire harde kampar. Men i INP førte kampen til at han melde seg ut.
Foto: Olav Røli, NRKINP-leiar: Må byggja partistruktur
Uroa rundt den nye leiinga ved Ann Jorun Hillersøy frå Bergen førte til at sentralstyret i haust har forsøkt å ekskludera fleire personar.
Sentralstyret møtte to fylkestoppar i Vestland i retten før jul for å få tak i bankkontiane til fylkeslaget, men tapte.
NRK har stilt partileiar Ann Jorun Hillersøy fleire spørsmål i denne saka. Ho har svart på e-post.
– Som relativt ungt parti har INP ein jobb å gjera med å byggja ein solid og erfaren partistruktur. Når konfliktar oppstår i nye parti, er det ofte vanskeleg å handtera utan at det eskalerer, skriv ho.
Ann Jorun Hillersøy i Industri- og næringspartiet seier dei tek dårlege meiningsmålingar på stort alvor.
Foto: NRKVert motivert av dårlege meiningsmålingar
På påstandane frå Nesse om at makt og posisjonar er viktigare enn politikk, understrekar Hillersøy at Nesse vart vraka av landsmøtet som partileiar i fjor vår.
Ho skriv vidare at partiet ikkje let seg skremma av dårlege meiningsmålingar.
– Dette gjer oss tvert i mot meir motiverte, skriv ho.
– Kva signal gjev alle utmeldingane til veljarane som røysta for ei endring med INP?
– Alle nye parti opplever turbulens og avskaling. INP har ikkje vore noko unnatak. Men kjernen som er igjen vil kvar dag jobba hardt for våre medlemmer og veljarane, og fronta vår politikk, svarar ho.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.
Publisert 13.02.2025, kl. 11.44