Trump vil ha Elon Musk til å effektivisera USA

1 month ago 13



Republikanarane sin presidentkandidat Donald Trump la torsdag fram visjonen sin for amerikansk økonomi.

Om han vinn valet, vil Trump kutta selskapsskatten med 15 prosent og oppretta eit «effektivitetsutval», som milliardær Elon Musk skal leia. Det opplyser Brian Hughes, ein av Trump sine talspersonar, til Reuters.

Vil gje tilbake «den amerikanske draumen»

Det var på New York Economic Club at den tidlegare presidenten la fram planane sine.

– Eg er her i dag for å legga fram planen min for å redda landet vårt frå dette marerittet, og for å gje innbyggarane den amerikanske draumen tilbake, sa han, ifølge Fox News.

Trump nytta også anledninga til å understreka kor godt den amerikanske økonomien gjekk sist han var president, og at inflasjonen har auka under Biden-Harris-regjeringa.

Han sa også at Harris støttar marxisme, kommunisme og fascisme, skriv Fox News.

Vil ha Elon Musk som leiar

Den tidlegare presidenten har tidlegare snakka om ein effektivitetskommisjon, opplyser kjelder med kjennskap til saka til Reuters.

Kommisjonen skal vera ei anbefaling frå milliardær og X-eigar Elon Musk, som tidlegare i august delte at han støttar Trump.

Under talen torsdag la Trump for første gong fram planane offentleg, og sa at Musk har takka ja til å leia kommisjonen.

– Eg ser fram til å tena Amerika om eg får denne moglegheita, skreiv Musk på X torsdag.

 Tesla CEO and X owner Elon Musk attends the VivaTech conference in Paris

Elon Musk har takka ja til å leia effektivitetsutvalet.

Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters

Kommisjonen skal, ifølge Trump, utvikla ein plan for å «eliminera svindel og feilutbetalingar» innan seks månadar.

– Eg vil oppretta ein statleg effektivitetskommisjon som skal gjennomføra ein fullstendig finansiell resultatrevisjon av den føderale regjeringa og komme med tilrådingar for drastiske reformer, sa Trump til New York Economic Forum.

Utover dette gav ikkje den tidlegare presidenten detaljar om kva kommisjonen faktisk skal arbeida med, ifølge Reuters.

Publisert 05.09.2024, kl. 19.56 Oppdatert 05.09.2024, kl. 20.04

Read Entire Article