Etter to dagar med samtalar mellom Kinas president Xi Jinping og USAs president Donald Trump i Beijing.
– Vi har gjort nokre fantastiske handelsavtalar med Kina, sa Trump til pressa før avreise.
I eit intervju med Sean Hannity i Fox News natt til fredag, sa Trump at Kina skal kjøpe olje og soyabønner frå USA.
President Donald Trump og president Xi Jinping møtte pressa før den amerikanske presidenten skulle forlate Kina.
Foto: Evan Vucci / Pool Reuters,NTBKina har redusert kjøpet av amerikansk olje og soyabønner etter at USA innførte toll i fjor.
Torsdag sa den amerikanske presidenten at Kina også skal kjøpe 200 Boeing-fly.
Kina vil ha løysing i Iran
Ei rekke tema har vore oppe i løpet av dei to dagane dei to statsleiarane har sete i samtalar i Beijing.
Ifølge det kinesiske utanriksdepartementet har dei to statsleiarane blitt einige om ei rekke tema på møtet.
Medan Trump fekk ei omvising rundt i hagen ved komplekset der den kinesiske leiarskapen held til i Beijing, kom departementet med ei fråsegn.
Dei seier at Kina ønsker at Hormuzsundet skal bli opna igjen, og at ei snarleg løysing på krigen vil vere bra for både dei stridande og landa i regionen.
Då Xi og Trump møtte pressa, sa Trump også at USA og Kina var einige om at Iran ikkje burde ha atomvåpen.
– Vi har funne løysingar på ei rekke problem som ingen andre har klart å løyse, sa han.
Interessert i utanriksstoff? Oppdater deg med NRKs podkast.
Publisert 15.05.2026, kl. 06.51













English (US)