– Eg er glad for å vere her, starta den amerikanske presidenten, Donald Trump tala si med.
Det er fyrste gong sidan 2020 Trump står på talarstolen i FN.
– Sidan den gong har krigsvåpena øydelagt freden eg skapte på to kontinent, haldt han fram.
Kritiserer Europa for migrasjon og Palestina
Dei siste dagane har fleire land anerkjent Palestina som stat. Det er USAs president sterkt imot.
– Vi kan ikkje gløyme 7. oktober, sa han, og la til:
– Det ville vere ei lønn for deira handlingar.
Utspelet fekk applaus frå fleire, mellom anna Israels FN-ambassadør, Danny Danon.
Blant dei som høyrer på Trump tale er statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Noregs delegasjon til FNTrump retta også kraftig kritikk mot migrasjon i Europa. Han meinte landa er i ferd med å bli «øydelagde», og kalla situasjonen «ikkje berekraftig».
Han hevda at politisk korrektheit hindrar europeiske leiarar i å handle, og peikte særleg på London, som etter hans syn er blitt «fullstendig forandra».
I byrjinga av talen var Trump misnøgd med telepromptarane til FN og hevda at dei ikkje fungerte.
Trump åtvara også om sharialover og kom med påstandar om vald og valdtekter i Europa.
– Det er på tide å avslutte det mislukka eksperimentet med opne grenser. Landa dykkar blir øydelagde, sa Trump.
Temaet om migrasjon i Europa var også hans visepresident JD. Vance opptatt av då han talte på tryggingskonferansen i München tidlegare i vår.
Starta tala med å skryte av seg sjølv
I fyrste del av tala la Trump vekt på eige innsats, der han skrytte.
Han hevar at han har snudd ei økonomisk krise frå førre administrasjon, med lågare prisar og sterk vekst.
Vidare hevda han at investeringar og aksjemarknaden i USA har nådd rekordnivå under leiinga hans, og at arbeidarløner stig raskare enn på fleire tiår.
Trump på talarstolen i
Foto: Shannon Stapleton / Reuters / NTBSå begynte han å snakke om innvandring til USA, der han sa følgande:
– Bodskapen vår er enkel. Viss du kjem ulovleg inn i USA, går du i fengsel eller skal du tilbake dit du kom frå.
Trump trekte så fram sju konfliktar som han hevdar han har løyst sidan han kom tilbake i Det kvite huset i januar.
– Det er trist at eg måtte gjer dette sjølv, i staden for at FN gjorde det, sa han.
NRK har faktasjekka dei sju konfliktane han tar æra for å ha løyst:
Trump gjentok også diskusjonen om han bør vinne Nobels fredspris:
– Alle seier at eg bør få Nobels fredspris for kvar og ein av desse bragdene. Men eg bryr meg berre om å redde liv, ikkje om prisar.
Guterres: – Verda har aldri hatt meir bruk for FN
Før Trump, tala FNs generalsekretær António Guterres til forsamlinga.
– I dette augneblikket av krise har verda aldri hatt meir bruk for FN, sa han.
Han kalla FN ein «brannmur mot konflikt og ein tredje verdskrig», og meinte organisasjonen må bli sterkare og meir inkluderande.
– Verda treng vår unike legitimitet, vår evne til å samle nasjonar, byggje bruer og møte utfordringane vi står framfor, sa Guterres.
Generalsekretæren bad om at krigane i Sudan, Ukraina og Gaza må ta slutt.
– Det er ikkje nok å vite kva som er dei rette vala, eg oppmodar dykk til å ta dei, sa han.
Publisert 23.09.2025, kl. 16.03 Oppdatert 23.09.2025, kl. 16.59