Trump og Netanyahu møtes i Det kvite hus: – Sjølvmord å seie nei til Trump no

6 hours ago 2



Donald Trump seier at ein avtale som får slutt på krigen i Gaza er i sikte.

USA og fleire arabiske land har laga ein 21-punkts plan for våpenkvile og styring av Gazastripa etter krigen.

Denne planen skal Trump prøve å få Benjamin Netanyahu med på når de møtes i Det kvite huset seinare på måndag.

Presidenten lovar «noko spesielt» om Gaza, men israelske kjelder seier til CNN Netanyahu har innvendingar – sjølv om mykje av planen var førehandskoordinert.

Yama svarer på tre sentrale spørsmål om Trumps plan for fred i Gaza.

Våpenkvile og gjenoppbygging

Ikkje alle av dei 21 punkta i Trumps plan er offentleg kjende enno. Men det vi veit, er at planen inneber:

  • Full våpenkvile mellom Israel og Hamas
  • Alle 48 israelske gissel skal bli lauslatne. Israelsk etterretning antar at 20 av dei framleis er i live.
  • Israel skal trekke seg ut av Gaza etter ein overgangsperiode
  • Ein sivil administrasjon av Gaza skal bli oppretta. Denne skal vere heilt utan Hamas.
  • Arabiske og muslimske land skal finansiere gjenoppbygginga av Gaza

Med andre ord er det mykje i denne planen som er likt tidlegare forslag. Men også noko nytt:

– Denne gongen er det eit svakt hint til ein palestinsk stat, seier Erling Lorentzen Sogge, førstelektor i midtaustenstudiar ved Universitetet i Oslo (UiO).

Erling Lorentzen Sogge

Erling Lorentzen Sogge, førstelektor ved UiO.

I motsetning til tidlegare planar, legg denne opp til ein framtidig palestinsk stat, og at Israel må gi frå seg okkuperte område. I planen står det også at palestinarar vil bli oppmoda til å bli i Gaza, stikk i strid med tidlegare planar om «frivillig flytting», som både FN og Human Rights Watch seier utgjer tvungen fordriving i praksis.

– Konturane av ein stat

Avtalen inneber også at ein midlertidig palestinsk overgangsregjering skal styre Gaza. Det kan tyde på at Trump sikter til dei palestinske sjølvstyresmaktene (PA), som no styrer delar av Vestbredden.

Og det er nok heilt uaktuelt for Netanyahu, trur Sogge. For med den løysinga vil det bli eit samanhengande styre mellom Vestbreidda og Gazastripa.

– Då ser ein konturane av ein palestinsk stat, seier han.

Netanyahu har vore tydeleg på at PA ikkje skal ha noka som helst makt på Gazastripa. Den siste tida har han òg lova at det aldri vil bli ein palestinsk stat.

Trumps forslag og Netanyahus ønskje går rett og slett ikkje overeins, seier Sogge. Det skal mykje til for at Netanyahu-regjeringa godtek planen, slik han ser ut no. Difor tvilar han på at det blir våpenkvile i Gaza denne gongen òg.

Israel treng USA

Midtausten-forskar ved UiO, Dag Henrik Tuastad, trur derimot det vil vere umogleg for Netanyahu å seie nei til Trumps forslag – uansett kva det inneber.

– No har han kome til eit punkt der han ikkje lenger kan smiske seg rundt Trump. Israel er i ein enorm krise fordi dei er på veg til å miste USA, seier Tuastad og peikar på at Israel mistar støtte blant amerikanarar.

– Utan USA er Israel heilt venelaust i verda. For Netanyahu å seie nei til Trump no, det er sjølvmord.

Dag Henrik Tuastad på Marienlyst.

Forskar Dag Tuastad ved UiO.

Foto: n22592

Han trur det kan vere meir usannsynleg å få Hamas til å legge ned våpen og forlate Gaza.

Netanyahu møter Trump

Måndagens besøk i Det kvite huset blir Netanyahus fjerde sidan Trump blei president igjen i januar. For Netanyahu blir det viktig å sikre det gode forholdet til USA no som Israel i aukande grad blir isolert internasjonalt over krigføring i Gaza.

Velkomsten i Det kvite huset blir nok varmare enn den han fekk av FNs generalforsamling, der fleire reiste seg og gjekk då han talte førre veke.

Ein person har på seg ei Trump.maske og held eit skilt med det amerikanske flagget der det står "Yalla, end it!"

Demonstrasjon i Jerusalem i august.

Foto: AHMAD GHARABLI / AFP / NTB

I talen kritiserte Netanyahu Storbritannia, Frankrike, Canada, Australia og fleire andre land som nyleg har anerkjent Palestina som stat. Han sa at tanken på ein framtidig palestinsk stat er «rein og skjær galskap».

Trump har også kritisert anerkjenninga og kallar det ein «premie til Hamas». Likevel inneber planen han no skal prøve å overtale Netanyahu om, utsikter til nettopp ein palestinsk stat.

Lover ingenting

I eit intervju med Fox News søndag kveld, sa Netanyahu at ingenting er ferdigstilt enno, men at dei «jobbar med det». Ifølge dei israelske talspersonane som CNN har snakka med, vil han presse på for fleire endringar av planen.

Finansminister Bezalel Smotrich har informert Netanyahu om seks vilkår for at partiet hans, Det religiøse sionistpartiet, skal støtte planen.

Ifølge The times of Israel inneber desse krava mellom anna at ein slutt på krigføringa berre skjer etter «total øydelegging og demilitarisering av Hamas og Gazastripa», og at den israelske hæren framleis skal vere stasjonert langs grensa og ha full bevegelsesfridom på heile kyststripa.

Ei røyksky stig frå Gaza by, vi ser byen i bakgrunnen og strandvegen som fører ut av han og sørover i forgrunnen.

Gaza by måndag 29. september.

Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB

Smotrich krev også at dei palestinske sjølvstyremyndigheitene skal vere heilt utelatne frå Gaza i framtida, og at avtalen ikkje kan innehalde så mykje som ein antydning til ein palestinsk stat.

– Ideen om ei palestinsk stat må vere heilt av bordet, seier han i ei utsegn, skriv The Times of Israel.

Hamas seier på si side at dei ikkje har fått nokon nye forslag til ein våpenkvileavtale, skriv CNN.

Publisert 29.09.2025, kl. 15.29

Read Entire Article