Det melder Trump sjølv på sitt eige sosiale medium, Truth Social.
Årsaka er det presidenten kallar «svært provoserande» utsegn frå Medvedev, som Russlands tidlegare president og statsminister.
– Ord er svært viktige, og kan ofte føre til utilsikta konsekvensar. Eg håpar ikkje dette vil vere eitt av desse tilfella, skriv Trump.
Medvedev er no nestleiar i Russlands sikkerheitsråd. Utsegna Trump viser til er frå eit innlegg på X, som Medvedev publiserte 28. juli:
«Trump leikar ultimatumsspelet med Russland: 50 dagar, eller 10... Han bør hugse to ting: 1. Russland er ikkje Israel og heller ikkje Iran. 2. Kvart nye ultimatum er ein trugsel og eit steg mot krig. Ikkje mellom Russland og Ukraina, men med hans eige land. Ikkje gå ned same veg som Sleepy Joe!».
Sleepy Joe var det Trump kalte tidlegare president Joe Biden under valkampen i 2024.
Til det svarte Trump at Medvedev, som han hevdar blir omtalt som «den mislukka tidlegare presidenten», må passe orda sine.
Reagerer på ultimatum
Ultimatuma som Medvedev viser til, er tidsfristane Trump har gitt Russland til å gå med på ei våpenkvile i Ukraina.
14. juli gav han Moskva klar beskjed om at dei måttte stoppe krigføringa og inngå ein avtale innan 50 dagar. Om ikkje, ville han innføre 100 prosent toll på russiske varer, samt sanksjonar mot tredjeland som handlar med Russland.
Russland svarte med intense angrep mot Ukraina den følgande natta.
Tysdag denne veka korta Trump ned fristen til ti til tolv dagar. Russland svarte igjen med angrep mot Ukraina.
Torsdag omtalte Trump Russlands krigføring i Ukraina som «motbydeleg», eit tydeleg toneskifte frå tidlegare.
Putin og Trump i 2017.
Foto: Jorge Silva / Reuters / NTBPublisert 01.08.2025, kl. 21.07