Israelske medium melder at USAs president Donald Trump og Israels statsminister Benjamin Netanyahu har snakka saman over telefon.
Etter samtalen seier Trump at Israel ikkje kjem til å angripe Iran og at israelske fly vil returnere.
– Alle fly kjem til å snu og dra heim, mens dei gjennomfører ein «vennleg flybølge» til Iran. Ingen kjem til å bli skadd, skriv Trump i eit innlegg på Truth Social.
Samtidig melder Axios at dei har opplysningar om at Netanyahu sa til Trump at dei ikkje kunne avblåse angripe og at ein viss reaksjon mot Irans brot på våpenkvila var nødvendig.
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu.
Foto: Michael Sohn / AP / NTBIranske medium melder samtidig om to nye eksplosjonar i Irans hovedstad Teheran.
Irans nyheitsbyrå Mizan og avisa Shargh skriv også at den nordlegen byen Babolsar blir angripen av Israel.
Trump: Ikkje slepp dei bombene
– Israel og Iran har kjempa så lenge og så hardt at dei ikkje veit kva i helvete dei driv med.
Det seier den amerikanske presidenten Donald Trump under ein pressekonferanse utanfor Det kvite hus før ombordstiging i Marine One, som skal ta han til Nato-toppmøtet i Haag.
Trump seier vidare at han ikkje er fornøgd med verken Israel eller Iran.
Han hevdar at Israel angreip Iran rett etter dei hadde blitt einige om ein våpenkvileavtale.
– Israel. Ikkje slepp dei bombene. Om de gjer det, er det eit enormt brot, skriv Trump på Truth Social, etter pressekonferansen.
Donald Trump ber Israel om å ikkje slipp bombene.
Foto: NRKIrans revolusjonsgarde seier at dei fyrte av 14 rakettar mot israelske militærsenter minutt før våpenkvila tredde i kraft, ifølge det iransk statlege nyheitsbyrået Tasnim.
Annonserte våpenkvile
Tysdag morgon gratulerte Trump alle partar for å ha kome fram til full semje om våpenkvile i krigen mellom Iran og Israel:
– VÅPENKVILA HAR NO TRETT I KRAFT, skriv Donald Trump på Truth Social.
Trump skreiv på Truth Social at våpenkvila er i gang.
Foto: NRKMen 09.30 kom melder Det israelske militæret (IDF) at Iran har sendt rakettar mot Israel. Flyalarmen gjekk nord i Israel etter meldinga.
Trump hevdar at både Iran og Israel har brote våpenkvila.
No seier forsvarssjefen Eyal Zamir at Israel vil «svare kraftig på at Iran har brote våpenkvila».
Samstundes melder det iranske militæret at dei ikkje har sendt rakettar mot Israel dei siste timane og då heller ikkje brote den føreslådde våpenkvila. Iran har ikkje offisielt sagt at dei godtek våpenkvila.
Ifølge kunngjeringa til Trump skulle våpenkvila ha starta klokka 06.00 tysdag morgon, norsk tid. Ein talsperson for the iranske militæret hevdar at Israel skaut mot Iran i ein og ein halv time etter at våpenkvila skulle ha tredd i kraft.
Tysdag føremiddag er det enno uklart kva status på våpenkvila er og situasjonen endrar seg minutt for minutt.
Midtaustenkorrespondent Åse Marit Befring kallar angrepa for «krampetrekning» før den påståtte våpenkvila trer i kraft.
Dette blir sagt om våpenkvila
Kjelder i Det kvite hus seier at Trump fekk i stand ei våpenkvile mellom Israel og Iran måndag. Dette skal ha skjedd etter ein telefonsamtale med statsminister i Israel Benjamin Netanyahu og kontakt mellom Trumps team og iranske myndigheiter, melder nyhendebyrået Reuters.
Tysdag morgon stadfestar statsminister Netanyahu at Israel har gått med på Trump sitt forslag.
Donald Trump hevdar no at våpenkvila mellom Iran og Israel er i gang.
Foto: AFPSamstundes har USAs visepresident JD Vance, utanriksminister Marco Rubio og spesialutsending Steve Witkoff hatt kontakt med Iran. Natt til tysdag seier Det kvite hus at Iran har gjeve signal om at dei vil følge avtalane.
Men frå iransk side har det kome motstridande informasjon.
Ein høgtståande iransk tenesteperson har stadfesta til Reuters at Iran har gått med på USA sitt våpenkvileforslag, med Qatar som meklar.
Men utanriksministeren i Iran melde klokka 04.15 natt til tysdag at dei ikkje gått med på noko avtale.
– Per no ligg det ikkje føre nokon avtale om våpenkvile eller stans i militære operasjonar mellom Israel og Iran, skriv Irans utanriksminister Abbas Araghchi på X natt til tysdag.
Irans utanriksminister Seyed Abbas Araghchi seier natt til tysdag at dei ikkje har gått med på noko avtale om våpenkvile.
Foto: Alexander Kazakov / AP / NTBLikevel skriv han at dei vil stanse bombinga, om Israel gjere det same.
– Dersom Israel stansar den ulovlege aggresjonen sin mot Iran seinast klokka 04.00 (lokal tid), har vi ingen intensjon om å fortsette svaret vårt etter det.
Våpenhvilens tidslinje
Natt til tirsdag 24. juni kunngjorde USAs president Donald Trump en kommende våpenhvile mellom Iran og Israel. Ifølge ham skal krigen endelig ta slutt etter tolv dager. Etter kunngjøringen kommer det inn mange motstridende meldinger.
Kjensleladd
Ifølgje Trump skal avtalen gå ut på at Iran først skal innleie ei tolv timar lang våpenkvile. Når desse timane er over, vil Israel starte den tilsvarande våpenkvila si.
– Etter 24 timar vil verda hylle den offisielle slutten på «tolvdagerskrigen», skriv den amerikanske presidenten, skriv Trump.
Vidare oppmoda han begge partar til å vere fredslege og vise respekt under våpenkvila.
Etter utspela til Trump er situasjonen uoppklart, meiner Sigbjørn Halsne oberstløytnant ved Forsvarets høgskole.
Oberstløytnant ved Forsvarets høgskole, Sigbjørn Halsne.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRK– Vi ser at våpenkvila ikkje har skjedd. Iran skaut missil mot Israel etter klokka 06, og iranske medium har rapportert med at våpenkvila skulle tre i kraft klokka 02 norsk tid. Her er det ulike tidspunkt og ulike strukturar – dette har gått fort.
Halsne er spent på å sjå om begge partar vil halde seg til sin del av avtalen tysdag.
Utanriksminister Espen Barth Eide synest verda ser litt lysare ut i dag enn i går.
Foto: Johanna HaugeUtanriksminister Espen Barth Eide meiner likevel at verda ser litt lysare ut i dag enn i går.
– Det kan høyrest paradoksalt ut sidan han nettopp var med å bombe Iran, men det er heilt genuint at Trump har jobba med å faktisk avslutte denne krigen dei siste dagane, seier Eide.
Statsminister Jonas Gahr Støre seier at når våpena teier, må ein raskt over på diplomati.
– Det handlar om forholdet USA-Iran i første omgang. Det er mykje mellom her for det er jo ikkje noko direkte kontakt mellom Iran og Israel. Eg trur USA-Iran blir noko av det viktigaste, seier Støre til NRK.
Også EUs Ursula von der Leyen og den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov ynskjer Trump sitt initiativ til ei våpenkvile velkommen.
Publisert 24.06.2025, kl. 02.43 Oppdatert 24.06.2025, kl. 13.59