Triatlonstjernas «supermannposisjon» overraskar: – Glad i å provosere

2 hours ago 5



«Dette ser ukomfortabelt ut!»

«Dei første kilometrane i overgangen frå sykkel til springing vil bli interessante.»

«Dette må vere ein spøk!»

Reaksjonane haglar på fleire sykkelforum og i resten av triatlonverda etter at Gustav Iden la ut bilde av den nye sittestillinga si.

For 28-åringen er inne i dei siste førebuingane til VM i Ironman som blir arrangert på Kona i Hawaii. Og Iden har tydd til eit ekstremt grep: Ei sittestilling som triatlonverda nærast ikkje har sett maken til.

Det er mange som trur at eg trollar, da. At eg gjer det berre for å sette ut konkurrentane mine. Det er jo litt artig at folk trur at eg legg så mykje ned i det psykiske spelet at eg endrar sitteposisjon berre for å ta ein video på Instagram, seier Iden til NRK på tråden frå Flagstaff i USA.

På over 2000 meters høgde blir siste finpuss lagd for Noregs fremste triatletar. Innimellom all trening får sjølvsagt også sosiale medium sin plass. Det har ført til «oppstandelse» – også blant konkurrentane.

Eg har fått meldingar frå nokre av konkurrentane mine som spør om stillinga. «Kor mykje raskare er det eigentleg?». Eg vel ikkje å svare på faktiske tal ennå, seier Iden og legg til:

– Eg er glad i å provosere litt på nett, så eg har liksom oppnådd litt det eg har vore ute etter, seier han.

Gustav Iden og Kristian Blummenfelt under trening i Flagstaff før VM i Ironman på Kona 2024

NORSK SUPERDUO: Kristian Blummenfelt (lengst bort) og Gustav Iden undervegs på treningsopphaldet i Flagstaff, USA.

Foto: Privat

Ikkje komfortabelt i det heile

Berre for å vere klinkande klar: Sittestillinga til Iden er ikkje ein spøk. Han trur at ein kan spare opp mot 15 minutt på ein Ironman-distanse berre ved optimal aerodynamikk.

Den stillinga ser ganske anstrengd ut, men eg sit på ein måte i spenn. Eg brukar veldig lite krefter i mage, rygg og skuldrer og sånt. Det einaste eg må gjere er berre å halde igjen på styret, seier Iden.

Gustav Iden tester ut sin nye sittestilling

UTVIKLINGSPROSESS: Det kan sjå ut som at bildet er tatt ut av ein Flåklypa-film, men alle detaljane ved Gustav Idens sittestilling blir nøye analyserte.

Foto: Privat

«Supermannsposisjonen» som kan føre til VM-jubel kan samanliknast med å sitte på ein stol og strekke hendene rett ut, ifølge Iden.

Når ein da skal gjere det opp mot fire timar så blir både den eine og den andre kroppsdelen mørbanka, med mindre ein har kjernemuskulaturen til Iden.

Dette kan ikkje vere komfortabelt i det heile.

Det seier aerodynamikkeksperten Luca Oggiano til NRK.

Han dreg fram nokre ville samanlikningar på Idens stilling: Graeme Obree og Chris Boardman. To syklistar som hadde så ekstreme sittestillingar at dei blei forbodne på grunn av sikkerheitsomsyn. Også Iden er einig i Boardman-samanlikninga.

Spent på «gamblinga»

Oggiano har blant anna samarbeidd med sykkellaget Ineos Grenadiers, tidlegare Team Sky, for å barbere av kvart eit sekund for at Chris Froome skulle vinne Tour de France samanlagt.

Eg er litt nysgjerrig på å sjå korleis dette kjem til å fungere. Dette er noko som skil seg ut, seier Oggiano.

Han var blant anna med på aerodynamiske testar før Kristian Blummenfelt skulle prøve å bli den første i verda til å komme under sju timar på ein Ironman-distanse. Det klarte han 5. juni 2022: Ein merkedag i triatlonsporten.

Dette er ein radikal posisjon

Sjølv om Oggiano seier han er nysgjerrig på korleis Iden vil takle å sitte i «supermannsposisjonen» over så mange timar, kjem trenaren til nordmannen med roande ord.

Alle store endringar i sykkelposisjonen vil alltid krevje noko tilpassing før kroppen er fullt vand til det. Dette er ein radikal posisjon, så den krev litt meir tilvenning. Men det er der at Gustav føler at det er under kontroll.

Det seier Olav Aleksander Bu som er trenar både for Iden og tidlegare olympisk meister Kristian Blummenfelt.

Olav Aleksander Bu under trening i AdO arena

JAKTA PÅ DETALJANE: Olav Aleksander Bu er trenar for Gustav Iden og Kristian Blummenfelt. Saman jaktar dei å komme seg raskast frå A til Å, både på land og sjø. Bildet er frå Alexander Dale Oen Arena i Bergen før OL i Paris.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Til NRK fortel Bu at dei har eksperimentert med endå meir ekstreme stillingar, men at denne stillinga gir gode forbetringar i forhold til den Iden har hatt tidlegare.

Gustav er framleis under opptrapping. Dermed gir det ei moglegheit for å vere litt meir ekstrem eller radikal på ein del område, sånn som for eksempel aerodynamikk, seier Bu.

For Iden ville vore rekna som ein av dei store favorittane før årets Ironman på Kona, men på grunn av akillesproblem har nordmannen slite med å få lagt ned dei viktige treningstimane med løpeskoa på.

– Eg får jo berre håpe at det er den som er dårlegast trent, som vinn Ironman Hawaii. Det er målet, seier ein fleipande Iden, som raskt også presiserer at ambisjonen hans for den prestisjefylte VM-Ironmanen er å hamne topp fem.

Publisert 12.10.2024, kl. 16.38

Read Entire Article