Trailer­mannen sine forsvararar: – Folk sonar lenger enn nødvendig

4 hours ago 7



Noko av poenget med ­forvarings­straff er at den domfelte skal få eit reelt høve til å endre seg i løpet av soninga.

Men akkurat no ventar fleire som er dømte til forvaring i kø. På ein forvaringsplass.

Debatten rundt forvaring har blussa opp igjen etter at NRK publiserte Brennpunkt-dokumentaren Trailermannen.

Og i påska blei tidlegare drapsdømte Stig Millehaugen pågripen og sikta for drap eller medverknad til drap. På eit tidspunkt da han var på permisjon frå nettopp – forvaring.

Advokatane Tonje Lilaas Larsen og Anders Westeng har vore forsvararar for fleire forvaringsdømte. Dei forsvarte blant andre Pål OIsen, som er hovudpersonen i dokumentaren Trailermannen. No uttaler dei seg på generelt grunnlag om forvaringsstraff.

– Sonar lengre enn nødvendig

Det er for få plassar til dei som blir dømte til forvaring i Noreg. Akkurat no står rundt 13 personar i kø. Det bekymrar advokat Tonje Lilaas Larsen.

Forsvarsadvokat Tonje Lilaas Larsen.

Tonje Lilaas Larsen er advokat og nestleiar i tilsynsrådet for Kriminalomsorgen.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

– Då sit du kanskje nokre år på ein vanleg fengselsplass før du får det behandlingstilbodet forvaringsdømte skal få. Då er jo det tid som rett og slett kjem i tillegg til den tida du bruker til å gjere det du blei dømt til å gjere.

– Men kva konsekvensar får det?

– Det kan få som konsekvens at folk sonar lenger enn nødvendig. Staten har jo ei plikt til å sørge for at ein ikkje tar frå folk fridomen lenger enn strengt nødvendig. Det gjeld også forvaringsdømte.

Ventar fleire år i kø

I starten av 2025 venta 13 personar på å få sone forvaringsstraffa si.

  • éin av dei hadde venta i over 3 år
  • tre av dei hadde venta i over 2 år
  • fire personar hadde venta i rundt eitt år.

Det viser tal frå Kriminalomsorgsdirektoratet.

Personar i kø kan altså ende opp med å ikkje få behandlinga forvaringsdømte har krav på, før etter fleire år. Dei får dermed ikkje starta prosessen med å endre seg, og opphaldet i fengsel kan verte lenger.

Advokat Westeng seier ventetid særleg er eit problem for dei som er dømt til kortare forvarings­straffer. Nokre av dei får ikkje starta behandlinga før soninga nærmar seg slutten.

Forsvarsadvokat Anders Westeng myser mot sola.

Anders Westeng

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

– Systemet er innretta mot lange straffer. Men så får dei med korte straffer svi, forklarer Westeng.

Dei to advokatane er opptatte av at mange forvaringsdømte ikkje får tilbod om den rehabiliteringa dei har krav på.

– Korleis er det med Pål Olsen? Har han fått tilbod om rehabilitering, og ønsker han å nytte seg av det?

– Det ønsker eg ikkje å svare på no. No har han ein ikkje-rettskraftig forvaringsdom, så eg synest ikkje det er naturleg å diskutere hans sak.

Pål Olsen nektar for det han er dømt for og har anka saka til Høgsterett.

Vanskelege forhold for å endre seg

Westeng peikar på at folk i forvaring skal jobbe med å endre seg frå då dei levde fritt ute i samfunnet. Det er vanskeleg når dei er heilt avskore frå samfunnet.

– Viss årsaka til at ein fekk forvaring er langvarige rusproblem eller vanskar med sjalusi eller andre ting som oppstår i nære relasjonar, då er det avgrensa kva du kan få gjort med det innanfor murane på Ila, understrekar Westeng.

Fengselsleiar ved Ila fengsel Tonje Sandal peikar på at det å vere skjerma frå samfunnet er ein del av det å vere dømt til forvaring.

– Domstolen har vurdert at samfunnet må vernast. Då er jo det ein konsekvens av forvaringsdommen at den domfelte ikkje lever eit vanleg liv i samfunnet, seier ho og legg til:

– Eit fengsel er eit beskytta miljø. Dei innsette møter ikkje alle situasjonar i fengsel som dei møter utanfor. Oppgåva til fengselet er å legge til rette for at dei forvaringsdømte likevel skal kunne redusere risikoen sin.

Nokre av dei som sit inne får utdanning, mens fleire får hjelp med nettverksbygging. Dei kan få hjelp til å handtere situasjonar betre og mange får behandling i helsevesenet.

– Har tru på at folk kan endre seg

I 2022 var det dobbelt så mange forvaringsdømte i fengsel som for ti år sidan. Kriminalomsorgsdirektoratet skriv i ein e-post til NRK at auken kjem av at det har blitt fleire slike dommar, og at dommane blir forlengde.

Rundt 140 personar er til kvar tid dømte til forvaringsstraff i Noreg, dei aller fleste menn.

Fengselsleder foran en celledør i Ila fengsel

Tonje Sandal, fengselsleiar Ila fengsel.

Foto: Kriminalomsorgen

Ila er det fengselet i Noreg med flest forvaringsdømte, med over 90 slike plassar. Fengselsleiaren seier det er fleire forvaringsdømte enn talet på plassar.

Ho ser også at det er behov for fleire plassar på lågare sikkerheitsnivå. Det er der dei insette skal gjere seg klare til livet utanfor murane.

– Vi gjer det vi kan for at dei innsette skal kunne jobbe med utvikling. Eg har tru på at folk kan endre seg, seier Sandal.

Justisdepartementet skriv i ein e-post til NRK at Straffereaksjonsutvalget har anbefalt fleire forvaringsplassar på lågare sikkerheitsnivå. På den måten kan ein hjelpe forvaringsdømte med å tilpasse seg eit liv utanfor fengselet.

Departementet går nå gjennom utgreiinga, og den vil bli send på høyring før vidare oppfølging.

Publisert 05.05.2025, kl. 22.04

Read Entire Article