Det tok fullstendig av på Sarpsborg stadion etter at heimelaget scora to mål på overtid og sikra poeng i 3-3-kampen mot Viking. På tribunen sat Martin Foyston, som skal leie laget ut sesongen frå og med neste kamp.
– Sander (Nyland) og trenarapparatet har gjort ein fantastisk jobb. Eg er veldig stolt av dei. Det var ein skikkeleg «aldri gi opp»-haldning. Eg tek null av æra. Eg er berre glad for å at eg var her og fekk oppleve det, seier Foyston til NRK.
Engelskmannen gjekk også av hengslene på tribuneplass. I intervju med NRK har han ein ispose rundt fingeren.
– Det var litt for mange metallstenger rundt der eg sat. Det kan skje, men det var verdt det, seier Foyston med eit stort smil.
– Er den brekt?
– Nei, det går bra. For meg symboliserer det entusiasme, lidenskap, stoltheit og kjærleik for spelet.