Tornar mot norske fotballtoppar: – Berre tomme ord og festtalar

1 month ago 28



– Eg ser inga tilrettelegging, og det skuffar meg stort, seier Molde-trenar Erling Moe til NRK.

Torsdag er det klart for europakveld for Molde igjen, der dei skal prøve å ta seg til playoff i Europaligaen. I andre banehalvdel ventar i utgangspunktet tøff motstand i belgiske Cercle Brugge, men Molde har eit draumeresultat frå første kamp med ein 3-0-siger i banken.

Likevel uttrykker altså Molde-sjefen ei bekymring for eit tett kampprogram, som består av både europaspel og medaljekamp i Eliteserien.

Han saknar tilrettelegging frå Norsk Toppfotball (NTF) og Fotballforbundet (NFF).

– For då opplever eg at det berre er tomme ord og festtalar. Det er for dårleg når vi pratar om heilskapen til norsk fotball, seier Moe.

 Lillestrøm - Molde

FRUSTRERT: Erling Moe hevdar han har gitt klar beskjed til fotballtoppane om kva han synest om kalenderen.

Foto: Thomas Andersen / NTB

Reagerer på kampflytting

Overfor NRK kjem han med eit hjartesukk.

– Og det er sjølvsagt det at vi ikkje får tilrettelagt på den måten vi ønsker. No får vi det flytta, og vi hadde planlagt kamprytmen vår i den perioden her på éin måte. Og så kjem forbundet og Norsk Toppfotball og gjer om på det ei veke eller to før vi går inn i perioden. Det er eg skuffa over, at det ikkje blir lagt betre til rette når dei seier at laga som er i Europa skal prioriterast, seier Moe.

Førre torsdag spelte dei altså det første oppgjeret mot Cercle Brugge, før dei møtte Lillestrøm borte søndag og spelar returoppgjer mot Cercle Brugge denne torsdagen.

I motsetning til Tromsø og Brann, som også speler europakvalifisering desse to torsdagane, hadde altså ikkje Molde spelefri førre helg.

Moldensarane har i staden fri denne helga, sidan bortekampen mot Kristiansund måtte utsettast på grunn av dårlege baneforhold i Kristiansund.

Dermed begynner det å gå tomt for datoar utover hausten der utsette kampar kan spelast, noko som gjorde at Moldes ønske og opphavlege plan om å utsette kampen mot HamKam om ei og ei halv veke – helga mellom playoff-kampane for europaspel – gjekk i vasken.

– Då kan du seie at Kristiansund har ein øydelagd fotballbane, og det betyr at vi får ikkje spelt den kampen. Og så skal vi spele mot HamKam, som vi hadde tenkt å flytte. Det gjer noko med heilskapen når vi har førebudd oss sidan tidleg i år, at dei kjem inn og forandrar her på slutten, seier ein irritert Moe.

 Molde - Cercle Brugge. (3-0)

MOLDE I EUROPA: Molde-spelarane jublar for mål i 3-0-sigeren over Cercle Brugge førre veke.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Slik svarer NTF og NFF

NRK har vore i kontakt med NTF-sjef Jens Haugland. Han deler frustrasjonen med Moe, men hevdar samtidig at dei har gjort alt dei kan for å legge til rette for Molde og andre lag som skal spele kampar i Europa.

– Eg har full forståing for at han står opp for laget før kampar som betyr veldig mykje for Molde og norsk fotball. Det er eit vanskeleg tema, fordi vi har ein bane i Kristiansund som blei skikkeleg øydelagd i sommar og det er vanskeleg å finne optimale løysingar i kalenderen. Den kritikken må vi berre tole å høyre, seier Haugland.

Haugland fortel at dei såg på ulike alternativ for å flytte Kristiansund mot Molde til ein annan bane, men at ingen av moglegheitene var optimale.

– Vi prøvde å finne ei løysing med å spele i Ålesund, men der er det festival. Vi har jobba intenst for å få det til.

Tour de France 2023

SVARAR: Administrerande direktør i Norsk Toppfotball Jens Haugland forstår frustrasjonen hos klubbane i Europa.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Konkurransedirektør i Noregs Fotballforbund (NFF), Nils Fisketjønn, fortel at dei prøver å legge til rette for laga som skal ut i Uefa-turneringar.

– Vi kan heilt sikkert gjere meir, men det må diskuterast og forankrast med dei andre klubbane, seier Fisketjønn til NRK.

Han forklarer justeringa i siste liten slik:

– Den kjem av at Kristiansund ikkje har heimebane og ikkje vil ha han i orden før 1. september. Ein av kampane som må utsettast er Kristiansund mot Molde. Dersom Molde i tillegg skal få utsette kampen mot HamKam, vil det ikkje vere datoar å spele denne på dersom ikkje heile serien skal utsettast med ei veke, fortel Fisketjønn.

– Eg er ikkje einig

Sjølv om Haugland forstår kritikken til Moe, er han likevel ueinig i at det berre er «tomme ord og festtalar» frå NTF-hald.

– Trenarar som melder på vegner av eigne lag er bra, det må vi tole. Eg er ikkje einig i at vi ikkje har stor tilpassing. Vi bruker mykje energi på vegner av ligaen og vil vise at Europa-kampane er viktige. Vi prøver å omsette det i handling til speleplanane. Men vi får berre ta til oss kritikken, seier Haugland.

At kalenderen blir opplevd litt vel tett når eins lag speler i Europa er ikkje ukjend.

Bodø/Glimt-sjef Kjetil Knutsen har også tidlegare gått hardt ut mot programmet og tilrettelegginga.

Kjetil Knutsen

GLIMT-TRENAREN: Kjetil Knutsen.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Vi har alltid gledd oss til desse periodane, men eg må også vere litt ærleg, som eg liker å vere. Det er at eg er bekymra for tilstanden i gruppa no, for då vi spelte mot Odd sist så var vi 17 stykk i troppen, sa han til Avisa Nordland i slutten av juli.

Også Moe påpeikar at han har klaga over dette ved fleire høve.

– Eg trur dei som er i dei posisjonane, er klar over kva eg meiner. Det er for dårleg at dei ikkje seier at det skal satsast. Vi skal forbetre oss. Vi skal ut i Europa, det skal vere gruppespel og det skal vere eit landslag som er med i meisterskap.

Konfrontert med svara til NTF og NFF i denne saka, svarer Moe:

– Dei er jo heilt einige med meg i at dette er altfor dårleg av dei involverte partane.

Publisert 15.08.2024, kl. 15.00

Read Entire Article