Tordner etter at norsk medaljehåp blei stoppa: – Eit hardt slag i trynet

1 month ago 18



«Pappa har aldri vore så nær ein OL-billett».

Det var noko av det første Christian Gyldenøhr sa etter operasjonen i 2019. Litt på spøk, men med eit ambisiøst alvor i botn.

Ein heilt vanleg sykkeltur 24. august for fem år sidan enda på brutalt vis. Med brekt rygg sju meter nede i ei grøft, kjempa han for livet.

Til slutt fekk han ringt etter hjelp. Etter 7,5 timar på operasjonsbordet vakna han opp til ein heilt ny kvardag, lam frå livet og ned.

Med eit positivt livssyn og unikt pågangsmot, har 38-åringen på rekordtid etablert seg i verdstoppen i handsykling. Billettane til Paralympics i Paris var allereie bestilte, men for kort tid sidan kom kontrabeskjeden.

– Det var eit hardt slag i trynet. Utsiktene vi hadde, peika mot at det ikkje var nokon tvil om at eg skulle til Paris, fortel Gyldenøhr til NRK.

Christian Gyldenøhr

TRENING: NRK fekk bli med Gyldenøhr på trening i Kristiansand. Grunna dårleg vêr tok han økta innandørs.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Reagerer på urettferdig reglar

Det norske håpet har gull, sølv og bronse frå verdscupen i handsykling denne sesongen, og ville vore blant medaljefavorittane i Paralympics.

Så kvifor får han ikkje delta under dei kommande leikane?

Det var sjokkerande nyheiter å få. Det var ein stor skuffelse, fortel Jason Dyck, landslagstrenar for parasykling i Noregs Cykleforbund.

Han fortel at avgjerda er tatt av Det internasjonale sykkelforbundet (UCI). Kort forklart fungerer reglane for kvalifisering slik:

  • Kvar nasjon samlar opp poeng som lag, sjølv i individuelle løp. Det samla talet på oppsamla poeng avgjer kor mange ryttarar ein kan sende til Paralympics.
  • Store sykkelnasjonar har ofte 15–20 ryttarar dei kan sende til ei verdscuphelg, og kan samle rundt 2000 poeng. Noreg har berre 2–3 ryttarar, og får ofte med seg cirka 100 poeng.

Da blir det umogleg for Gyldenøhr å nå opp, sjølv om han skulle vinne rittet.

Vi har vore klare over utfordringa lenge, og tar med alle som kan vere med å opptene poeng. Men det blir umogleg når systemet er som det er, seier Dyck, som er klar på at Gyldenøhr ville vore ein klar medaljekandidat i Paris.

Christian Gyldenøhr

I VERDSKLASSE: Gyldenøhr er blant dei aller beste handsyklistane i verda.

Foto: PRIVAT

– Bør ikkje skje igjen

Noreg søkte om «wildcard» og var sterke i trua på at Gyldenøhr likevel skulle få ein billett til Paris. «Det var ei vanskeleg avgjerd å ta. Betre lykke neste gong», var essensen i UCIs svar. Heller ikkje anken nådde fram.

Burde det ikkje vere i UCIs interesse å ha med dei beste?

Det var argumentet vi brukte. Dette er Paralympics og vi burde vise fram dei beste utøvarane. Han burde stått på startstreken. Det bør alle som kan ta medalje.

Jason Dyck

TRENAR: Jason Dyck.

Foto: Annika Byrde / NTB

Er det ein risiko for at det same kan skje til Paralympics i Los Angeles om fire år?

Det er korrekt. Ein del av anken vår gjekk ut på at reglane bør endrast. Det er ikkje rettferdig, og det bør ikkje skje igjen, seier Dyck.

UCI skriv i eit svar til NRK at at dei fekk rekordmange søknader til dei fem tilgjengelege wildcard-plassane.

– Vi ser at mange eksepsjonelle utøvarar ikkje kunne få ein av desse få tilgjengelege plassane, skriv dei.

UCI svarer vidare at dei hadde ein større prosess med Den internasjonale paralympiske komiteen (IPC) om dei fem tilgjengelege plassane, der dei blant anna såg på medaljemoglegheitene og annan representasjon frå landet.

– Dei fem plassane gjekk til utøvarar som var rangerte topp fire på verdsrankinga for 2024 eller som enda topp to i VM i år, skriv dei.

Kjemper for sonen

Gyldenøhr legg ikkje skjul på at UCIs nådestøyt var brutal. Heilt sidan ulykka har han kjempa for å komme til Paris.

Det har blitt lagt ned ein god jobb for å komme dit over fleire år. Spesielt det siste halvtanna året har eg gjort alt rett. Eg har ikkje prioritert andre ting høgare, bortsett frå son min. Da eg fekk beskjeden ramla alt saman. Det heile har blitt litt utviska, seier han.

Christian Gyldenøhr

NÆRT FORHOLD: Sonen Lucas fekk vere med pappa på pallen.

Foto: PRIVAT

Nå prøver han å gløyme Paris. Alt fokus blir retta mot VM i Sveits i slutten av september, der han skal vise kven som eigentleg er best.

Etter ulykka var det ein stor motivasjon å trene seg til ein sterk kropp og ei god helse. Men også å vise sonen Lucas at det aldri lønner seg å gi opp, same kor mørkt det måtte sjå ut.

Når eg går inn for noko, gjer eg det hundre prosent. Eg vil vise son min at uansett kva utfordringar vi møter, må vi kjempe og jobbe målretta, seier Gyldenøhr og avsluttar:

Målet er å bli den beste. For meg er det ikkje ein mellomveg. Eg strevar mot det absolutt største, og det er stort at eg kan gjere det med Lucas og at han kan følge reisa. Det er det største eg kan oppnå.

Paralympics ser du på NRK frå 28. august.

Publisert 24.08.2024, kl. 08.02

Read Entire Article