Topphemmeleg dokument lekka: Skal vise Israels planar om å angripe Iran

9 hours ago 7



Eit dokument stempla som topphemmeleg har blitt delt på meldingstenesta Telegram. Det inneheld detaljerte skildringar av det som skal vere Israels førebuingar på eit angrep mot Iran.

Dokumenta skal vere lekka frå etterretningsorganet National Geospatial Intelligence Agency (NGIA) og National Security Agency, som begge ligg under forsvarsdepartementet i USA.

Skal vere lekka dokument frå USAs etterretningstenester om eit israelsk angrep på Iran.

Dokumentet blei delt på Telegram før helga. Kjelder med kjennskap til dokumenta seier dei har blitt lekka frå amerikansk etterretningsteneste.

Foto: Middle East Spectator / Telegram / Middle East Spectator / Telegram

Lekka dokument Israel Iran USA

Foto: Middle East Spectator / Telegram / Middle East Spectator / Telegram

Kjelder tett på seier til CNN at lekkasjen er «djupt urovekkande».

Israel har varsla at dei vil gjengjelde Iran sitt rakettangrep mot dei den 1. oktober.

Ikkje overraska

Hanne Eggen Røislien er forskar ved Forsvarets høgskule og har forska på den israelske hæren. Ho meiner det er hald i lekkasjane.

– Det er jo veldig detaljert, det som står der, og det er sikkert lekka. Det er jo uheldig for ein kvar at dei reint operative planane blir lekka, seier ho.

Ei kvinne med svart hettegenser og svart, stripa blazer over. Ho har skulderlangt, blondt hår og ser inn i kamera. Bak henne er det eit bygg og grøne buskar og tre.

Hanne Eggen Røislien trur det er hald i lekkasjane, men ikkje at det betyr at det blir krig mellom Iran og Israel no.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / Aurora Ytreberg Meløe

Ho vil ikkje spekulere i kven som kan ha lekka dokumenta, eller kvifor. Men ho er ikkje det spor overraska over det som står i dei.

– Dette bør ikkje kome som ei overrasking for nokon. Den israelske hæren byrja å planlegge dette allereie i oktober i fjor.

Fast oppskrift

Om ein ser tilbake på angrepa Israel har gjennomført i Gaza og Libanon, har dei alle starta følgt det same sporet, ifølge Røislien.

Først tar dei luftvåpenet sitt i bruk, deretter går dei eventuelt inn med bakkestyrkar.

– Vi treng ikkje spekulere for å vite veldig mykje om korleis denne krigen utviklar seg. Israel gjer det dei heile tida har sagt at dei skal gjere, og det er å føre ein krig i tre trinn.

Første trinn er krigen mot Hamas på Gazastripa, trinn to er krigen mot Hizbollah i Libanon, og tredje og siste trinn er krigen mot Iran, sjølve sponsoren til både Hamas og Hizbollah.

– For korleis skal dei fjerne Hamas og Hizbollah om dei ikkje tek Iran inn i krigen? Det er umogleg, seier Røislien.

Du kan lese om korleis Iran er innblanda i både krigen i Libanon og på Gazastripa her:

– Kan svekke tilliten mellom USA og Israel

Relasjonen mellom Israel og USA er spent for tida. USA har gitt Israel fleire åtvaringar, mellom anna mot å bombe tett befolka område i Beirut og å stanse naudhjelp inn i Nord-Gaza, noko som har irritert israelarane.

– Om det stemmer at den israelske planane for eit motangrep mot Iran har blitt lekka, er det eit alvorleg brot, seier Mick Mulroy til CNN.

Mulroy, som tidlegare har jobba med Midtausten i det amerikanske forsvarsdepartementet og i CIA, legg til at dette kan skade dei framtidige koordineringane mellom Israel og USA.

– Tillit er ein nøkkelingrediens i forholdet, og denne tilliten kan no bli svekka.

Vil ikkje ha ein storkrig

Det siste året har vore katastrofalt for palestinarar på Gazastripa og etter kvart dei som bur på Vestbreidda, i Nord-Israel og i Libanon.

Internasjonale medium har stilt det same spørsmålet sidan 7. oktober i fjor: Kjem dette til å bli ein regional storkrig? Eller til og med tredje verdskrigen?

Folk set fyr på ei bålpanne og held iranske og palestinske flagg. Ei kvinne i niqab går forbi ein mann med caps og kvit skjorte. I bakgrunnen står fleire folk, og vi ser ein moské og ei bygate med bygningar.

Iranarar under ein demonstrasjon mot Israel, i Teheran i dag.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters

Røislien er ei av dei norske ekspertane som har mått svare på dette flest gongar, også i dag:

– Det at Israel førebur seg i detalj, treng ikkje bety at ein krig er uunngåeleg, seier ho.

– Iran kan jo verkeleg framstå som krigshissarar, men vi ser no at når det verkeleg skrur seg til der nede, så vil dei ikkje ha dette, seier ho, og viser til Irans reaksjon på gårsdagens droneangrep mot hamnebyen Caesarea, der Israels statsminister bur.

Vanlegvis pleier ikkje Iran skugge unna å ta på seg ansvaret for slike angrep, men denne gongen er det annleis. Iran har lagt all skuld på Hizbollah.

Israel har varsla at dei vil hemne seg på Iran sidan 1. oktober, då Iran angreip Tel Aviv med rakettar. NRK-reporter Sidsel Wold blei vitne til angrepet.

– Iran forventar eit stort angrep frå Israel, og prøver å unngå det. Det les eg som at dei ikkje ønsker noko storkrig, seier Røislien, og utdjupar:

– Sjølv om Iran er ei stor militærmakt, og kan samanliknast med Israel, har dei ikkje sjanse mot eit Israel pluss USA. Det er ein krig som ingen vil ha, om dei kan unngå det.

Kanskje med unnatak av Israel.

– At dei vil ha den krigen, det vil eg ikkje seie. «Vil» blir feil ord. Men det er nok fleire argument for enn imot han, slik dei ser situasjonen no. Men det betyr ikkje at det kjem til å skje.

Publisert 20.10.2024, kl. 12.39

Read Entire Article