I mai i år fekk Gulen kommune tips om dei to tunnelane under fylkesvegen, som går gjennom industriområdet i Sløvåg. Tunnelane viste seg å ikkje ha dei naudsynte godkjenningane.
No melder kommunen saka til politiet.
– Ein skal ha respekt for lova, seier Kjell Anders Reigstad, konstituert einingsleiar for plan, landbruk og teknisk.
For det er ikkje første gang Wergeland Eigedom har gjort større tiltak på industriområdet sitt utan løyve. I 2023 vart løysinga å byggemelde tiltaka i etterkant.
Ulovlege tunnelar
Kommunen har ifølgje avisa Strilen, som omtala saka først, meld både eigedomsselskapet og entreprenøren som utførte arbeidet for brot på plan- og bygningslova.
I tillegg har vegeigar Vestland fylkeskommune meld Wergeland Eigedom for sprengingsarbeid på offentleg veggrunn utan løyve.
– Dei har bygd to tunnelar som ikkje har vore søkt og godkjend på rett måte. Etter vår definisjon er tunnelane ulovlege, seier Ann Kristin Nes seksjonsleiar for Vegforvaltning i Vestland fylkeskommune.
Fylkesveg 57 går rett gjennom industriområdet. Dei raude og blå strekane er nye tunnelar.
Foto: Gulen kommuneTunnelane er kring 175 og 50 meter lange, og åtte meter høge, samt 5,5 meter breie.
– Det er store tiltak tett på fylkesvegen. Difor har vi vald å melde tiltaket, seier Nes.
Wergelandgruppa ynskjer ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt, verken ovanfor avisa Strilen eller NRK.
NRK har også prøvd dagleg leiar, som viser til kommunikasjonsdirektør Irene Wergeland.
– Utan å vite kva som ligg i politimeldinga, så vil det vere feil av meg å kommentere saka, seier kommunikasjonsdirektør Irene Wergeland i Wergelandgruppa.
Kommunikasjonsdirektør Irene Wergeland vil ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt.
Foto: Bård Siem / NRKIkkje skade på veg
I politimeldinga frå fylkeskommunen kjem det fram at dei ikkje har opplysningar om tunnelarbeidet er gjort på ein måte som sikrar stabiliteten til fylkesvegen.
Fylkeskommunen har synfare fylkesvegen som går til Sløvåg ferjekai. Den har ingen synlege skader.
– Det er grei overdekking, og vegen er trygg å køyre på. Men dette er slikt vi gjerne skulle vore trygge på før tiltaket var gjort, seier Nes.
– Og det er slik som måtte blitt vurdert om tunnelen vart søkt om i forkant?
– Då vil det vere opp til den som søkjer, altså entreprenøren, å tydeleggjere og vurdere risikoen, og kunne bevise at tiltaket ikkje medfører noko stor risiko. Den risikoen som då er att er dei på ein måte ansvarlege for.
– Følgjene med sprengingsarbeid og bygging av tunnel under ein trafikkert fylkesveg kan vere store om ein ikkje har kontroll, legg ho til.
Dei to tunnelane er kring 175 og 50 meter lange, og store nok til at lastebilar kan køyre gjennom.
Foto: Gulen kommuneFekk avslag i 2024
Frå kommunen får NRK opplyst at det vart søkt om å etablere to tunnelar under fylkesvegen i 2024. Tunnelane skulle gå frå steinuttaket nord for fylkesvegen til utskipingskaia sør for fylkesvegen.
Ifølgje fylkeskommunen var føremålet med tunnelane drenering av overvatn og etablering at eit transportband for steinmassar.
Søknaden vart etter kvart endra til berre ein tunnel, som igjen vart vurdert som i strid reguleringsplanen – og dermed avslått.
– Vi vart samde med Wergelandgruppa om at området trengde ei reguleringsendring. Men då ville det ta vesentleg lengre tid å få løyve, seier Reigstad.
Den tida hadde tilsynelatande Wergeland Eigedom ikkje, og altså bygde tunnelane.
Kan gi gebyr
Påtalejurist Sigrid Sulland stadfestar at politiet har fått anmeldelsane, men seier at desse er så ferske at dei førebels ikkje har fått sett på saka. På generelt grunnlag seier ho at dei alltid vurderer om ei etterforsking skal rette seg mot selskapet, mot enkeltpersonar eller begge deler.
Skulle politiet legge vekk saka, er Gulen kommune klare til å vurdere reaksjonar frå eiga verktøykasse.
– Då kan vi gi lovbrotsgebyr, etter lova avgrensa opp til 200.000 kroner, seier Reigstad.
Ville truleg fått ja
Medan politiet etterforskar om det vankar straffereaksjon, ser også tunnelane ut til å bli verande.
Paradokset i saka er at tunnelane truleg ville fått løyve om ting vart gjort på rett måte.
– Mest truleg må Wergeland starte opp ein planprosess og få tunnelane regulerte, slik at alt er på stell. Litt feil rekkefølgje, men så lenge ikkje tunnelane utgjer noko fare for vegen, så er det nok ikkje grunn til å fjerne dei, seier Nes.
– Så då får Wergeland viljen sin uansett?
– Det er ikkje slik at vi har vore veldig negative til dei to tunnelane. Det må berre gjerast på rett måte.
Publisert 02.09.2025, kl. 16.09