To kvinner trefte av stein på Stølsnostinden: – Må heisast ut

1 month ago 16



Politiet fekk like før klokka 15 melding frå ein familie om at ein stein hadde falle ned og treft mor og dotter i følgjet. Hendinga skal ha skjedd i kring 1700 meters høgd.

Det er snakk om to vaksne kvinner. Begge skal vere bevisste, men utover det er det ukjent skadeomfang.

Steinen skal i hovudsak ha treft dei to i beina. Ingen er fastklemde.

Hovudredningssentralen stadfestar at både redningshelikopter og luftambulansen er sendt til staden. Det er politiet som organiserer redningsaksjonen.

– Redningshelikopter og luftambulanse er på staden. No skal dei til å heise de opp, fordi det er ikkje moglegheit til å lande der, seier operasjonsleiar i vest politidistrikt Steinar Hausvik.

Politiet opplyser at posisjonen til dei skadde er kjend, og at det er fint vêr i området.

– Slik eg har skjønt det på Hovedredningssentralen, så blir dei no heist opp av redningshelikopter. Så blir dei flydd til ein annan lokasjon kor luftambulansen overtar vidare transport derfrå, seier Hausvik.

Publisert 06.09.2024, kl. 15.21 Oppdatert 06.09.2024, kl. 15.55

Read Entire Article