To år gamle Kia er blant dei første i verda som får dødsviktig vaksine

1 month ago 31



Me har enorme utfordringar med malaria her. Det ligg så mykje søppel i gatene, og der likar myggen å formeire seg, seier Aurline Fuebu.

Ho sit med sin to år gamle baby i fanget, og les seg opp på alle vaksinane som er del av Kameruns vaksineprogram.

Og ei av vaksinane er heilt ny. Så ny at Kamerun har prega overskrifter verda over.

Landet er det aller første som inkluderer ein vaksine mot malaria i sitt nasjonale program for babyar.

Eg er redd, for ho har allereie hatt malaria då ho var sju månadar. Me var rundt sju dagar på sjukehuset, og det var enormt dyrt. Så, eg håper verkeleg, om det er mogleg, at me kan stanse denne sjukdommen, seier Fuebu.

Barn og foreldre i vaksinekø i Yaounde, Kamerun

Lang kø for å vaksinere småbarn i Yaounde, Kamerun.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

94 prosent av tilfella i Afrika

Ho er ei av mange mødrer, og nokre fedrar, som har møtt opp til vaksinering. Bortimot alle kjenner nokon som er døde av malaria, og nesten alle har sjølv vore smitta av sjukdommen som vert spreidd med mygg.

I 2022 var 94 prosent av alle registrerte tilfelle av malaria i Afrika, og også 95 prosent av dødsfalla var i Afrika.

Folk i alle aldrar vert sjuke, men for barn under fem år, sjuke menneske og eldre, er malaria dødeleg.

Me har jobba med å spreie informasjon blant foreldre. Tre månader i førevegen starta me med å forklare, fortel sjukepleiar Danielle Ekoto. Ho arbeidet med vaksinane på klinikken NRK besøker i hovudstaden Yaounde.

Ekoto seier at skepsisen til vaksinen er ganske liten, sjølv om kamerunarane er dei første som får den i stor skala. Ønsket om ein vaksine mot malaria vinn over vaksineskepsis.

Det er ei veldig ny og god kjensle. Me er stolte over å kunne tilby ein vaksine som beskyttar borna våre, seier sjukepleiaren som set fleire hundre sprøyter i løpet av ein vaksineringsdag.

Frykta barnet skulle døy

To år gamle Kia er ei av dei som ikkje aner at ho snart skal hylgråte fordi nokon stikker ei nål inn i armen hennar. Akkurat no er ho mest oppteken av å ta ting ut av veska til mor Chrystel Bifouma.

Eg har frykta at eg skal miste babyen min, seier mora og kikkar ned på dottera.

Sidan eg sjølv var lita har eg levd med malaria. Og eg har visst at eg påfører borna mine den same risikoen. Men no er eg veldig godt nøgd med at ho får vaksine, seier Bifouma.

To år gamle Kia frå Kamerun sit på venterommet saman med mamma Chrystel og skal snart frå malariavaksine.

Kia har allereie hatt malaria, og klarte seg. No håper mor at den nye vaksinen skal hjelpe mot nye sjukdomsrundar.

Foto: Luke Dray / NRK

Ho har sjølv mista ein bestefar som vart smitta av malaria, og dottera har allereie hatt ein runde med malariasmitte.

Vaksinen som dottera hennar no får har vist seg å vere effektiv, men det er endå meir gledeleg at ein annan malariavaksine også er på veg ut på marknaden.

Kia er trygg hos og mamma Chrystel Bifouma. Snart skal ho få sprøytestikket som kan hjelpe ho seinare.

Kia er trygg hos mor.

Foto: Luke Dray / NRK

To effektive vaksinar

Det har teke tid å utvikle ein malariavaksine, men mykje har skjedd dei siste åra.

– Som malariaforskar drøymde eg om den dagen me skulle få ein trygg og effektiv vaksine mot malaria. Nå har me to, sa WHOs direktør Tedros Adhanom Ghebreyesus, då det i oktober i fjor viste seg at også ein vaksine nummer to hadde vellukka resultat.

Professor emeritus ved Liverpool School of Tropical Medicine, Allister Craig, sa til nyheitsbyrået AP at vaksinane vil kunne redde liv.

– Om den nye vaksinen vert rulla breitt ut over heile Afrika, kan den om nokre år dramatisk redusere mengda alvorleg sjukdom og dødsfall som følger av malaria, sa Craig.

RTS S, Mosquiritx er namnet på vaksinen som er den første av fleire vaksiner som kan redde millionar av liv.

RTS S var den første av førebels to vellukka vaksiner mot malaria.

Foto: Luke Dray / NRK

Og no sit Chrystel der på ein trebenk i Kamerun, håpefull og optimistisk på dottera sine vegner.

Eg håper verkeleg at alle vert medvitne om kor viktig dette er, for eg unner ingen andre mødrer å oppleve det som eg har måtte gå gjennom på grunn av malaria, seier Chrystel.

Deretter tek ho Kia opp på hofta, og inn på rommet der søte barnesmil raskt forsvinn og blir erstatta med gråt i nokre minutt, mens viktige sprøyter blir sett inn i små armar.

Publisert 18.08.2024, kl. 12.28

Read Entire Article