Times of Israel: Ein drepen og fleire skadde etter angrep ved busstasjon

3 weeks ago 13



Søndag ettermiddag blei det meldt om eit angrep i byen Beer Sheeva sør i Israel, der så langt ti personar skal vera skadde og éin er drepen.

Den drepne er ei 25 år gamme kvinne, ifølge den israelske avisa Haaretz.

Angrepet skal ha skjedd to stader i byen, mellom anna ved ein busstasjon.

Den antekne gjerningsmannen er ifølge fleire israelske medium skoten og drepen, og blir også identifisert av Times of Israel som ein 29 år gammal mannleg beduin.

Sikkerheitsminister i Israel Ben-Gvir

Israels sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir er til stades der angrepet skjedde søndag.

Foto: Amir Cohen / Reuters

Mogleg terrorangrep

Ifølge israelske tenestemenn er angriparen ein beduin og kjem frå ein by i nærleiken av Lakiya, og har israelsk statsborgarskap – i tillegg til eit kriminelt rulleblad.

Politiet behandlar hendinga som eit mogleg terrorangrep.

Byen Beer Sheeva ligg kring 100 kilometer frå Jerusalem.

Nyheitsbyrået Reuters skriv at det truleg er ei skyting, men det er ikkje enno stadfesta av israelske styresmakter.

Publisert 06.10.2024, kl. 15.38 Oppdatert 06.10.2024, kl. 16.24

Read Entire Article