Tidlegare barneskuletilsett i Ålesund dømt til fengsel for overgrep

3 days ago 5



Aktor Maria Vike Nørve la ned ein påstand om to år i fengsel då saka blei behandla i Sunnmøre tingrett 11.–12. september. Dermed er straffa frå retten i tråd med det ho bad om under rettssaka.

Ho la også ned ein påstand om at mannen burde bli dømt til å ikkje kunne vere lærar eller assistent på grunnskule eller barnehage på ubestemt tid. Også dette er mannen dømt for.

– Dette er ein grundig dom. Vi er fornøgde med at tingretten er einige i at han har handla som det er skildra i tiltalen, og har fått den straffa som vi påstod, seier Nørve.

I dommen står det at retten har lagt vekt på omfanget og alvoret i saka, og at det er eit behov for beskytting.

– Retten legg til grunn at tiltalte sine handlingar har vist at han både er uskikka til å ha og vil kunne misbruke ei framtidig stilling i grunnskulen og barnehage, står det i dommen.

Mannen har tidlegare uttalt at han ikkje har nokon protestar mot dette.

Dømt for fleire lovbrot

Mannen er dømt for brot på straffelova § 299 – bokstav c, som gjeld valdtekt av barn under 14 år.

All seksuell omgang med barn under 14 år blir rekna som valdtekt. Det gjeld også enkelte seksuelle handlingar.

Mannen var tiltalt for å ha tatt på eit barn under kleda. Dette erkjente han delvis straffskuld for under rettssaka.

Under rettssaka sa mannen at han hadde vore borti jenta, men var ueinig i omfanget.

I dommen står det at retten ikkje legg lit i det mannen har fortalt om det som skjedde og har derimot lagt vekt på forklaringa til den fornærma.

Dei vektla mellom anna at mannen har endra forklaring fleire gonger i løpet av etterforskinga av saka.

Aktor Maria Vike Nørve

Aktor Maria Vike Nørve.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I tillegg er mannen dømt for 12 tilfelle av brot på straffelova § 311, første ledd.

Mannen er dømt for å ha tatt og oppbevart bilde og video som seksualiserer barn. Han er også dømt for manipulert bilde slik at dei seksualiserte barn. Dette er snakk om barn i alderen 6 til 17 år.

I tillegg skal han ha fått tilgang til videoar på internett som viser overgrep av barn.

Desse tinga erkjente han straffskuld for under rettssaka.

Fleire fornærma

Det var den 29. mai i 2024 at mannen, som var tilsett ved ein skule i Ålesund, blei arrestert av politiet. Han var først mistenkt for eit fysisk overgrep mot eitt barn.

Saka blei rulla opp som følge av at dette barnet fortalde mora si om hendinga.

Etterforskinga avdekte etter kvart fleire fornærma og mannen blei til slutt tiltalt for ulike lovbrot mot totalt 12 fornærma barn.

Alle dei fornærma høyrer til skulen som mannen har jobba på.

Mannen var tilsett ved skulen i fleire år, men mista jobben som følge saka.

Ueinige om kva mannen burde bli straffa for

Under rettssaka var det usemje rundt kva mannen burde bli dømt for når det gjaldt overgrepet.

Mannen sin forsvarar, Erling Flisnes, meinte at han heller burde bli dømt for brot på straffelova § 304, som gjeld seksuell handling med barn under 16 år, enn straffelova §299.

Flisnes meinte at ei passande straff var på under eitt år.

Forsvarar Erling Flisnes

Mannen sin forsvarar, Erling Flisnes.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I dommen frå Sunnmøre tingrett blir mannen altså dømt for brot på straffelova § 299 – bokstav c.

Retten meiner at dei samla omstenda ved hendinga gjer at det som skjedde var ei kvalifisert seksuell handling. Dei meinte også at det var gjort med forsett.

Under rettssaka nekta mannen for at handlinga var seksuelt motivert.

– Retten legg til grunn at det er bevist utover ein kvar rimeleg tvil at den tiltalte sine handlingar var seksuelt motivert, står det i dommen.

Bistandsadvokat Camilla Solbakken bad om ei erstatning på mellom 100.000 til 125.000 kroner for den fornærma jenta. Retten har bestemt at mannen skal betale 125.000 kroner i erstatning.

Bistandsadvokat Camilla Solbakken i retten.

Camilla Solbakken er bistandsadvokaten til ei av dei fornærma i saka.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fann ulovleg bilde

Totalt hadde politiet identifisert 61 digitale filer som dei kategoriserte som ulovlege.

Desse var henta ut frå mellom anna mobiltelefonar og PC-ar som tilhøyrde mannen.

Publisert 26.09.2025, kl. 11.13 Oppdatert 26.09.2025, kl. 12.06

Read Entire Article