– Vi startar gjerne her når det kjem afrikanske spelarar hit.
Alexander Klaussen er mediekontakt i Sarpsborg 08. Han er også eigaren av det som på folkemunne blir kalla «talentkjellaren».
Kjellaren til Alexander Klaussen har eiga inngangsdør, rett ut i hagen med fotballmål og nyklipt gras.
Foto: Tomas Berger / NRKFor her blir mange talentfulle spelarar integrerte frå andre kulturar med eiga kjellarleilegheit, men med kort veg opp til middagsbordet til Alexander og familien hans.
No er det 19-åringen Bop Gueye frå Senegal som bur der. Men mange har komme før han og fått store millionovergangar til utlandet.
Tre av dei er i VM. Noreg møter to av dei på banen.
Besøk i Monaco
I 2017 kom Krépin Diatta til Sarpsborg.
Han budde først ei lita tid åleine, men enda ganske raskt opp hos Klaussen etter ein kulturkrasj i samband med matlaging.
– Han sette fyr på parketten i den første leilegheita. Vi hadde nokre episodar her òg, med fisk rett frå frysaren i kokande olje, røyklegging og brannalarmar.
Hos Klaussen fekk han rettleiing og selskap, og voks både på og utanfor banen.
No speler han i Monaco i den franske eliteserien, og 23. juni skal han prøve å øydelegge Noregs VM-sjansar med sitt Senegal.
– Av dei som har budd her er det nok Krépin vi fekk best kontakt med, seier Klaussen.
Sommaren 2025 var heile familien på besøk hos den tidlegare leigetakaren sin i glamorøse omgjevnader i Monaco.
Alexander Klaussen og familien seier Krepin Diatta framleis var den same guten då dei besøkte han i Monaco.
Foto: Alexander Klaussen / Privat– Det var superhyggeleg. Ein får eit forhold til mange av gutane som har budd her. Det som er så kult for meg og familien, er at vi lærer masse om heilt andre kulturar.
– Dei er ofte opptatte av å forsørge familiane sine i heimlandet. Krépin har nærast bygd opp ein heil landsby i Senegal. Eg veit at det er draumen til Bop òg, seier Klaussen, og ser bort på 19-åringen i sofaen.
«Oslo Football Académie» i Senegal
Bop Gueye kjem frå same akademi som Krépin Diatta i Dakar i Senegal, Oslo Football Académie.
Banda frå akademiet til Noreg er fleire enn berre namnet. President Youssoupha Fall sin familie bur i Sarpsborg, og den norske trenerprofilen Tor Thodesen - som no lever i Botswana - har lenge vore engasjert i akademiet. Og fleire av talenta har Noreg som sitt første stopp på utanlandskarriera.
– Mange spør kvifor det heiter Oslo Football Académie. Grunnen er at eg ser på Noreg som eit veldig godt organisert og reint land, seier Fall.
AKADEMIPRESIDENT: Youssoupha Fall.
Foto: Vegard Tjørhom / NRK– Oslo er eit eksempel for meg. Når folk høyrer Oslo, tenker dei på eit vakkert land med god organisasjon. Derfor bruker eg det namnet.
Fall fortel at han dagleg i Senegal får spørsmål frå folk som vil snakke om norsk fotball.
– Eg seier til dei at om du klarer deg i norsk fotball, kan du klare deg kvar som helst i verda. Norsk fotball er fysisk sterk, taktisk god og har ein veldig god mentalitet.
– Som familien min
I kjellaren til Klaussen har 19 år gamle Gueye lært seg engelsk på Duolingo og lært seg å sette pris på norske matvanar.
Bop Gueye kjenner seg som ein del av familien heime hos Alexander Klaussen.
Foto: Tomas Berger / NRK– Eg elskar taco, det må eg lære meg å lage! No kan eg berre lage pasta, ris og kylling.
Gueye vil gjerne gjere som Krépin Diatta og få ein overgang til ein stor klubb. I mellomtida trivst han veldig godt i Sarpsborg.
– Alexander er ein fin fyr, kona og barna òg. Dei er som familien min, dei tar veldig godt vare på meg.
– Éin dag vil eg gjere som Krépin, men først vil eg gjere det bra i Sarpsborg, understrekar Gueye.
Føredøme
Carl-Erik Torp, fotballekspert i NRK, synest historia om kjellaren til Klaussen er rørande.
Han meiner også denne typen oppfølging er heilt avgjerande for at unge, utanlandske spelarar skal lykkast.
– Skal du hente spelarar som er langt unna vår eigen kultur, må du følge dei opp. Dei må ha hjelp med nesten alt i starten.
NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp meiner Sarpsborg 08 er eit føredøme.
Foto: BILDBYRÅN NORWAYHer meiner Torp at norske klubbar har blitt betre, men at det framleis er mykje å gå på.
– Lillestrøm var eigentleg først ute med skikkeleg oppfølging av afrikanske talent i Noreg. Dei hadde ein eigen tilsett til å passe på at dei hadde det bra.
No meiner han Sarpsborg 08 er eit føredøme.
– Det er ei fantastisk fin løysing, og sånn det bør gjerast. Det er heilt avgjerande, både for dei unge gutane som kjem hit og klubben dei skal spele for.
Ser VM saman
Sjølve kampen mot Senegal trur Torp blir jamn og tøff.
– Den blir dritspennande! Eg blir nervøs berre av å tenke på det. To jamne lag med bra fysikk.
Heime hos Alexander Klaussen har garasjen blitt forvandla til ein liten kino. På den eine veggen heng det eit norsk flagg.
På den andre heng det eit senegalesisk, til ære for Bop.
Alexander Klaussen og Bop Gueye heiar på kvart sitt lag i VM, men foreløpig er stemninga god likevel.
Foto: Tomas Berger / NRK– Han må jo kjenne seg velkommen han òg.
Stemninga er god i forkant av VM, men det spørst om det blir like gemyttleg etter at Noreg har spelt mot Senegal.
– Senegal vinn, hundre prosent! Då skal eg danse og ete taco, ler Gueye.
– Jo meir du snakkar, Bop, jo sikrare blir eg på at Noreg vinn denne matchen, svarer Klaussen.
Publisert 22.06.2026, kl. 12.06















English (US)