Takkar kjærasten etter tung tid: – Eg har vore mykje einsam

4 days ago 4



– Det er ingen hemmelegheit at eg har vore mykje einsam og aleine. Etter å ha kome heim frå tur, så har eg berre sett fram til å kome meg ut igjen, for det har vore ganske trått å rusle rundt for meg sjølv. Nei, det hjelper å ha nokon å dele kvardagen med, fortel ein ærleg Opseth til NRK.

Smilande Silje Opseth

BREITT SMIL: Silje Opseth kjenner seg betre enn på lenge både fysisk og mentalt.

Foto: Frode Søreide / NRK

Smilet er minste like breitt som det haustsola varmar, då NRK møter ho i hopparenaen Granåsen denne haustdagen.

Ho ser opp på VM-bakken der ho eigentleg skulle kjempa om gull i vinter. Men slik vart det aldri for skihopparen frå Hønefoss.

Like før VM skada ho kneet og sesongen var brått over.

– Det var ganske tøft, er det korte og konsise svaret.

I dag er ho eigentleg glad det vart slik. For kneskaden var trass alt noko som kunne reparerast. Verre var det som skjedde inne i hovudet.

Stod fram med vektproblem

I februar valte ho å stå fram med sin historie i NRK. Her fortalde ho ærleg om ein idrettskarriere med mange vonde tankar og vektproblem.

– For min del er det til tider ein vanvettig stor psykisk belastning at eg alltid må ha fokus på vekta. Det tappar meg for krefter. Eg føler meg som ein ordentleg mislykka person og eg har det ikkje noko bra med meg sjølv, sa ho den gong.

Opseth angrar ikkje på at ho valte å ta bladet frå munnen.

– Det har utelukkande vore fine tilbakemeldingar. Eg trur det er veldig mange fleire enn dei som snakkar opent om det som kjenner seg igjen.

For dette er ingen ukjent problemstilling i hoppmiljøet eller innan toppidretten.

– Samtidig er det vondt. Både å høyre andre snakke om det, men også at det er ein del av sporten vår, seier Opseth, no eit halvt år seinare.

26-åringen var aldri i tvil om at å opne opp om det som skjedde var det rette.

– Først og fremst fordi eg føler det er det rette ovanfor alle dei rundt meg, alle dei som føl sporten vår og dei som har heia på meg i alle år. Plutseleg blir resultata borte. Det er beinhardt kvar dag. Føler at eg trenger å fortelje litt om kva eg føler på, men og fordi det er eit tema det blir snakka litt for lite om.

Å få seg kjæraste endra alt

Midt oppe i alt det vonde skjedde det også noko som skulle endre livet til skihopparen, som heilt inn til i vår hadde verdsrekord med eit hopp på 230,5 meter i Vikersundbakken.

I oktober i fjor møtte ho nemleg Mathias Harstad på Tinder.

Silje og Mathias på tur

SAMBUAR: Silje Opseth møtte i vinter kjærasten Mathias. Det skulle få stor betydning for livet til skihopparen.

Foto: Privat

– Det trur eg har vore ganske avgjerande. Både i skadesituasjonen, men og i livet generelt. Eg har alltid hatt familien sin støtte, men det å ha ein person som faktisk er ordentleg glad i deg, det har betydd veldig mykje.

Både hausten og vinteren var blytung for skihopparen. Ho hadde valt å flytte frå Lillehammer til Oslo. Samtidig sleit ho med vektutfordringar.

Heller ikkje i bakken fungerte ting. I løpet av sesongen nådde ho berre tre finaleomgangar i verdscupen.

– Eg trur året i fjor sportsleg sett var ræva på alle måtar, men veldig bra for meg som person.

Kjærasten Mathias seier han blir varm i hjarte når han får høyrer attesten.

– Eg blir veldig glad og veldig stolt, seier han til NRK. Han er rask med å legge til at ho har betydd minst like mykje for han.

Han visste ikkje kven Silje Opseth var då dei to sveipa kvarandre til høgre på Tinder. Men dei fann raskt ut at dei hadde overraskande mykje til felles.

– Eg har fått erfare at ho er streng med seg sjølv. Men eg har heile tida sett på det som er bak og den fantastiske personen ho er. Få ho til å sjå kor bra ho er og støtte opp om det.

Anstrengt forhold til mat

I vinter kjøpte paret seg leilegheit med utsikt til hopptårnet i Granåsen. I tillegg kom ho under dagleg oppfølging med landslagssjef Christian Meyer.

Plutseleg skjedde ting med kroppen også.

en gruppe mennesker som bruker hjelm

JUBEL: Silje Opseth fall stygt og slo seg under prøveomgangen i Vikersund. Etterpå sette ho verdsrekord for kvinner med eit hopp på 230,5 meter.

Foto: Geir Olsen / NTB

For første gong på lang tid klarte ho å slappe meir av og det store presset på skuldrene forsvann. Stressnivået sokk også dramatisk.

– Det gjorde at eg plutseleg «svosj» gjekk ned dei kiloa eg hadde forsøkt kome meg ned heile tida. Det var litt sånn sjokkoppleving på ein måte, samtidig som eg føler meg mykje meir komfortabel i eigen kvardag no.

Kvardagen med sambuaren fekk Opseth til å endre sitt forhold til mat.

– Det er klart når du sitt og ete kvart måltid gjennom ein dag heilt aleine, så tenker iallfall eg meir på kva eg faktisk puttar i meg.

– I tillegg til at no ete eg når eg er svolten. Eg ete ikkje berre fordi eg veit eg må eller held igjen fordi eg føler at det er det eg må.

Silje Opseth i tårer

TÅRER: Det har blitt mange tårer for Silje Opseth i karrieren. Under VM i Planica vart ho vraka til opningsrennet etter dårlege resultat.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Opseth har gjennom heile prosessen hatt tett dialog og oppfølging gjennom støtteapparatet og ernæringsfysiolog frå Olympiatoppen.

– Har du nokon gong tenkt at du er sjuk?

– Nei, eg har ikkje det på den måten. Eg har berre hatt eit veldig anstrengt forhold til mat og det er ikkje så uvanleg det heller, seier Opseth.

Og no håpar Opseth at dette også skal gi resultat i hoppbakken

– Eg har sett meg som eit mål å vinne eit hopprenn igjen. Og så har eg veldig lyst til å delta i OL.

En gruppe menn som holder grønne og gule stolper

SIGER: Silje Opseth kan juble etter å vunne i Holmenkollen under RawAir på heimebane.

Foto: Geir Olsen / NTB

Publisert 25.09.2025, kl. 16.13

Read Entire Article