8. april tok tiltalte med seg oransje spraymåling og drog til Nidarosdomen.
Her brukte han spraymålinga til å formidle fleire bodskapar på dørene og steinveggane.
På besøkssenteret spraya han «Hitler» på glasveggen, forutan sitt eige, fulle namn.
– Det var for å provosere. Eg er ikkje nazist. Eg er sosialdemokrat, sa tiltalte i retten.
26 lovbrot i løpet av to månader
I mars og april i år fekk operasjonssentralen i Trøndelag politidistrikt mange meldingar frå publikum som galdt tiltalte:
Utagerande og skremmande framferd, mindre skadeverk og nokre butikktjuveri i Trondheim.
Han erkjente straffskuld for den omfattande tiltalen.
Om kvifor han gjorde det, svarte han i retten:
– Det var eit rop om hjelp.
Sakkunnige: Psykoseliding
Tiltalte i slutten av 40-åra var innlagd åtte gonger frå januar til juni i år med mistanke om psykose.
Men etter få dagar vart han utskriven utan behandling.
Også i 2022 skjedde det same.
Dei rettspsykiatrisk sakkunnige konkluderte med at tiltalte har ei psykoseliding som han no er tvangsinnlagd for.
Dei meiner tiltalte ikkje skjønar han er sjuk.
Aktor, statsadvokat Jarle Wikdahl, la ned påstand om at tiltalte må dømast til tvungent psykisk helsevern fordi han er utilrekneleg.
Forsvarer Frode Wisth meinte behandlinga tiltalte får no fungerer og at utsiktene til betring er gode. Han bad om at tiltalte måtte frifinnast for straff i form av dom på tvungen behandling.
–Ei eventuell anke av domen vil vere på om vilkåra for tvungent psykisk helsevern er oppfylte, seier Wisth til NRK onsdag.
Vil ikkje slutte med rus
Dei siste åra byrja tiltalte å ruse seg på cannabis og amfetamin, forutan alkohol.
Dei sakkunnige meinte det er viktig at tiltalte ikkje ruser seg på nytt sjølv om han med tida kan få bu utanfor institusjon.
På spørsmål frå retten om han kjem til å følgje råda, svarte tiltalte:
– Nei, eg må jo vere ærleg. Eg kan ikkje sitte her og lyge. Eg kjem nok til å ruse meg igjen, sa tiltalte.
Fare for nye straffbare handlingar
Trøndelag tingrett viser til at tiltalte no er tvangsinnlagd og får behandling.
Men han kan teoretisk når som helst bli utskriven av dei som behandlar han.
Risikoen for at tiltalte då ruser seg på nytt og sluttar å ta antipsykotiske medisinar er til stades, meiner dei sakkunnige.
Med ein dom på tvungen behandling kan ikkje slik utskriving skje utan at påtalemakta blir høyrd.
Også omsynet til samfunnet og fare for nye straffbare handlingar, gjer at tiltalte må dømast til tvungent vern, meiner retten.
Umogeleg å fjerne all målinga
Nidarosdomen er eit freda kulturminne. Bygginga av steinkyrkja starta på midten av 1100-talet. Etter mange brannar i mellomalderen måtte kyrkja fornyast og delvis byggast på nytt.
Mange av steinane stammar frå mellomalderen. Nokre av dei vart skadde som følgje av hærverket.
– Derfor var det viktig å freiste å avgrense skadane ved å raskt freiste å fjerne målinga.
Det sa Rune Langås ved Nidaros Restaureringsarbeider som vitna i retten.
Men steinen var ujamn og porøs så det var umogeleg å få bort alt utan å skade steinen, fortalde Langås.
Tiltalte må betale erstatning på dryge 50 000 kroner for skader på bilar og ein flaskeautomat.
Publisert 09.10.2024, kl. 12.15 Oppdatert 09.10.2024, kl. 12.51