Syklist omkom etter kollisjon med bil i Øygarden

1 day ago 4



Søndag morgon klokka 06.58 fekk politiet melding om det dei først trudde var ei sykkelulykke, men der det fort vart klart at også ein bil var involvert.

Ulykka skjedde på Ågotnes i Øygarden, ved CCB-basen.

– Det ser ut som ein samanstøyt mellom ein bil og syklisten. Dette har skjedd på ei relativ rett strekke på bilvegen, seier operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad til NRK.

Vegvesenet si ulykkesgruppe, i tillegg til politiets kriminalteknikarar, vart raskt kalla ut.

Det vart sett i verk livreddande førstehjelp overfor syklisten, men han vart etter kort tid erklært død på staden. Dei pårørande er varsla om ulykka.

Kriminalteknikarar på åstad etter sykkelulykke

Kriminalteknikarar undersøkte ulykkesstaden på Ågotnes søndag føremiddag.

Foto: Bergen Foto og Media

Mistanke om promille

Politiet har kontroll på bilførar, ein mann i 20-åra. I tillegg er det mistanke om promillekøyring, og det har blitt teke blodprøve av han.

– Det vart teke innleiande alkoholprøve av mistenkte på staden, som indikerte promille. Han er no også teken med til ytterlegare blodprøvetaking. Det er også avgjort at han skal pågripast i saka.

Det er førebels uvisst om og når mannen blir framstilt for fengsling. Søndag føremiddag var det heller ikkje klart når han blir avhøyrd.

Fylkesveg 5268 vart stengt som følge av ulykka.

Utover dagen blir det no utført ulike undersøkingar på ulykkesstaden.

Ågotnes ligg nord på Sotra i Øygarden kommune.

Vitne var i nærleiken

Politiet har snakka med vitne som var i nærleiken då ulykka skjedde.

– Eg veit ikkje om dei såg sjølve ulykka, eller om dei kom til like etterpå, seier Brakstad.

Politiet skal ha fått opplysningar at bilen køyrde fort.

– Vi har vitne som har sett bilen køyre i stor fart. Men det er også noko vi må kome tilbake til etter at vi har fått verifisert det i formelle avhøyr.

Politiet har også sikra videomateriale frå området som er teke av overvakingskamera på CCB-basen. Dette blir ein del av etterforskinga.

CCB-basen Ågotnes

CCB-basen på Ågotnes i Øygarden.

Foto: Pal Bentdal

Publisert 28.09.2025, kl. 11.37 Oppdatert 28.09.2025, kl. 11.45

Read Entire Article