Sveriges Radio-journalist mista sin beste venn i Israels angrep: – Eg må fortsette for henne

2 hours ago 1



20 personar blei drepne av skota frå den israelske stridsvogna, blant dei fem journalistar. Sjølv fekk Lafi mindre skadar i beinet.

– I dag har eg det ganske bra, men eg er også knust etter at eg mista mange av mine journalistkollegaar, seier ho til nyheitsprogrammet Ekot.

Blant dei var Lafi sin beste venn, fotografen Mariam Dagga. Dei budde og arbeidde saman.

Baraa Lafi filmar her trappa til Nasser-sjukehuset etter at 20 personar blei drepne i angrep. Blodsporet går heile vegen ned.

– Hjartet mitt knuste då eg mista Mariam. Men eg må fortsette for henne, og for alle folka som er her, seier Lafi.

– Som journalist i Gaza finst det ingen tryggleik for meg. Eg brukar å ha på meg pressevest, men eg er redd.

Fleire små barn dei har møtt på har blitt skremt av desse pressevestane, held Lafi fram.

Mariam Dagga held ein hjelm midt i ein ruinhaug i Gaza

Mariam Dagga er ein av dei fem journalisten som blei drepne i to israelske angrep mot Nasser-sjukehuset måndag.

Foto: Jehad Alshrafi / AP / NTB

– Dei sa: kom dykk vekk herifrå. De er journalistar. Israel drep journalistar. Vi vil ikkje døy.

NRK sende tysdag denne påstanden til Det israelske militæret (IDF).

Dei svarte at dei ikkje drep sivile med vilje, og skreiv seinare same dag at journalistane ikkje var målet for angrepet.

«Hamas-kamera» tilhøyrde Reuters

Reuters-journalisten som blei drepen først i angrepet, Hassam al-Masri (49), stod bak kamera og filma frå sjukehuset.

Masri sende videoen direkte på Reuters sine plattformer, slik han hadde gjort kvar dag i mange månader, seier nyheitsbyrået.

Men ifølge dei som har leidd Israel si tidlege etterforsking av angrepet, blei kameraet brukt av Hamas til å overvake israelske styrkar.

En mann i pressevest og hjelp som styrer et TV-kamera

Reuters har delt dette biletet av al-Masri, som blei drepen i det første av dei to angrepa mot sjukehuset.

Foto: Stringer / Reuters / NTB

Formålet var å «rette terroraktivitet mot soldatane», heiter det vidare i utsegna.

Dei legg ikkje fram noko dokumentasjon på dette, men oppgir dette kameraet som mål for angrepet.

IDF har vidare sagt at seks av dei drepne personane var Hamas-krigarar, utan å legge fram bevis på dette.

Dei har heller ikkje kome med noko forklaring på kvifor det blei utført eit andre angrep etter at al-Masri og kameraet hans blei trefte.

Hevdar trappa var ein kjend journalist-base

Den palestinske fotojournalisten Abdelrahman Alkahloot har på Instagram delt ei rekke videoar han har teke frå trappa som blei angripen.

Desse er filma som statusrapportar.

– Vi slit med å sende bileta. Korleis er situasjonen hos deg, Amjad, spør han og ser bort på naboen.

– Alt er ok. Ingenting å uroe seg for, svarar Amjad bak eit TV-kamera. Det blir ikkje oppgitt når dette blei filma.

Staden som blei angripen var ein vanleg møteplass for journalistar, seier fotojournalist Abdelrahman Alkahloot. Han har delt nokre av sine turar dit i eit innlegg på Instagram.

I fleire av videoane, som er filma både i dagslys og på nattetid, er han iført pressevest. Kring han sit andre personar på mobilane sine. Fleire har kamera.

– Sidan byrjinga av krigen har eg vore avhengig av denne plassen i sjukehuskomplekset Nasser, som den einaste der ein får tilgang på internett, særleg ved straumbrot, skriv Alkahloot i innlegget.

– Denne plassen blei angripen med vilje i eit forsøk på å kneble oss og hindre oss i å dokumentere det som skjer i Gaza.

Publisert 27.08.2025, kl. 19.38

Read Entire Article