Sverige kutta renta – likevel svekker den norske krona seg mot den svenske

1 month ago 24



Våre naboar i aust kutta renta for tredje gong onsdag. Det går dårlegare i svensk økonomi enn i den norske, og no håper Riksbanken å få fart på økonomien igjen.

Riksbanksjef Erik Thedéen varslar ytterlegare kutt, og utelukkar ikkje at dei vil slå til med eit såkalla dobbelt rentekutt på 0,5 prosentpoeng seinare i haust.

Styringsrenta i Sverige er no 3,25 prosent. I eurosona er den på 3,5 prosent, medan den i Noreg framleis ligg på 4,5 prosent.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

– Har ikkje godt svar

I utgangspunktet skulle denne rentedifferansen tilseie at den norske krona skulle styrke seg – fordi ein valutaspekulant vil få meir igjen for pengane i Noreg, og dermed ha insentiv til å kjøpe norske kroner.

Men det motsette har skjedd – den norske krona har svekka seg mot den svenske. Kvifor det?

– Eg har ikkje eit godt svar, seier Ole Håkon Eek-Nielsen, valutaanalytikar i Nordea.

– Eg mistenker at nokre kan meine at når ein no kuttar i Sverige, så vil det gi ein ganske sterk stimulans, som gjer at det etter kvart vil gå betre i svensk økonomi.

Men både Eek-Nielsen og Nils Kristian Knudsen peiker på oljeprisen for å kome med ei forklaring på kronesvekkinga vi no ser.

Sjekk hva det koster

Fra danske kroner

Til norske kroner

158,06

Valutakurser fra Norges Bank.
Siste kurs fra 26.09.2024

Oljeprisfall

Eit fat nordsjøolje (brent spot) blir onsdag ettermiddag 70,4 dollar. Det er meir enn 3 dollar mindre enn i går.

Det er to konkrete nyheiter som ligg bak oljeprisfallet, som begge truleg vil sende meir olje inn i marknaden:

  • Libya: Det har vore stor usemje mellom dei ulike fraksjonane i landet om kven som skal vere sentralbanksjef. Vedkommande har også makt over oljeverdiane i landet. I protest har det ført til stans i oljeproduksjonen, som har ligge på kring ein million fat per dag. No skal partane vere samde, ifølgje Bloomberg – og meir olje vil truleg snart kome inn i marknaden.
  • Saudi-Arabia: Landet, som står i spissen for oljekartellet Opec+, har lenge valt ein strategi der dei ønskjer å halde oljeprisen på kring 90–100 dollar fatet – og har tilpassa sin oljeproduksjon deretter. Men no skriv Financial Times at Saudi-Arabia er i ferd med å gå vekk frå denne prisstrategien, og difor vil kome til å hente ut meir olje enn tidlegare.

Historisk har oljeprisen og krona hengt tett saman. Og sjølv om dei har blitt meir lausrivne dei seinare åra, har dei framleis noko med kvarandre å gjere.

Nils Kristian Knudsen - valutastrateg i Handelsbanken.

Nils Kristian Knudsen er valutastrateg i Handelsbanken.

Foto: Handelsbanken / Pressebilde

– Om det no viser seg at Saudi-Arabia tenker annleis rundt oljeprisen, så vil det føre til ein del usikkerheit. Det fører til at dei som har investert i den norske krona blir meir usikre på framtida. Så dette er eit element som tidvis pregar den norske krona, seier Knudsen.

Må sjå på kvifor dei andre kuttar

– Betyr det ikkje lenger noko særleg for kronekursen at våre handelspartnarar Sverige, EU og USA kuttar renta?

– Jo, det betyr framleis noko, seier Knudsen.

Erik Thedéen, sentralbanksjef i Sverige.

FULL FART: Sentralbanksjefen i Sverige, Erik Thedéen, signaliserte onsdag at han vil sette ned renta raskare enn tidlegare kommunisert. «Det vil bidra til ein sterkare konjunktur, og ein inflasjon nær målet», skreiv han i ei pressemelding.

Foto: CLAUDIO BRESCIANI / AFP

Men Knudsen seier vi også må hugse på kvifor handelspartnarane våre kuttar renta.

– Det er store endringar i sving no. Vi har gått frå ei frykt for høg prisvekst og høge renter, til å no ha større frykt for resesjon. Det set valutamarknaden litt meir på hold.

Og nettopp denne generelle usikkerheita der ute, skaper trøbbel for krona. Knudsen peiker på at Riksbanken, ved å opne for eit dobbelt rentekutt i Sverige i løpet av hausten, også tydeleggjer ei usikkerheit knytt til utviklinga i den svenske økonomien.

– Dette set kroneoppgangen i Noreg på vent, og vi må rett og slett vere litt meir tolmodige, seier Knudsen.

  • Prisen på euro dei siste 25 åra:

Prisen for euro de siste 25 årene. Grafen har en topp i 2008 under finanskrisen, i 2020 under pandemien og er nå igjen på et høyt nivå.20002004200820122016202020246 kr8 kr10 kr12 krFinanskrise →Pandemi →

Prisen for euro de siste 25 årene. Grafen har en topp i 2008 under finanskrisen, i 2020 under pandemien og er nå igjen på et høyt nivå.20002004200820122016202020246 kr8 kr10 kr12 krFinanskrise →Pandemi →

Grafen viser valutakurser fra Norges Bank. Siste kurs fra 26.09.2024.

Publisert 26.09.2024, kl. 17.08

Read Entire Article