Studentar droppar å kjøpe pensumbøker

15 hours ago 2



Etter ei stund som student seier Richard von Erpecom Mumford at han vurderer å ikkje kjøpe nye pensumbøker.

– Eg føler mange gjer det same. At ein kjøper bøker første semester, men så sluttar ein fordi ein erfarer å ikkje bruke bøkene, seier von Erpecom Mumford, som studerer økonomi og administrasjon ved Universitetet i Stavanger.

Richard vin Erpecom Mumford ved Universitetet i Stavanger

Richard von Erpecom Mumford studerer ved Universitetet i Stavanger og går andre året på bachelor i Økonomi og administrasjon.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

I staden for å lese pensum brukar han notat frå forelesingar eller kunstig intelligens, som ChatGPT.

– Då får ein med seg det viktigaste, seier von Erpecom Mumford.

Og han får støtte frå medstudent, Pernille Coward.

– Veldig mange av dei eg kjenner gjer det veldig bra på skulen og har klart seg utan pensum, seier Coward.

Pernille Coward ved Universitetet i Stavanger

Pernille Coward studerer også Økonomi og administrasjon ved Universitetet i Stavanger. Her gir ho og studiekameratane ut gratis studentpakkar til studentane ved campus.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Tahar Naser meiner at pensum ikkje er nødvendig for å få gode karakterar.

– Eg trur kanskje at det er litt derfor mange droppar det, seier økonomistudenten.

Tahar Naser Universitetet i Stavanger

Tahar Naser er begynt på siste året av bachelor i Økonomi og administrasjon ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Les også: Nærare 15.000 elevar går ut av grunnskulen utan å kunne lese på skikkeleg vis, ifølgje regjeringa. Elevar i Noreg har også lågast leselyst av elevar i 65 land.

Nedgang over fleire år

På tre år har salet av pensumbøker gått ned med 36 prosent, viser Forleggerforeningens bransjestatistikk for 2024. Ein student kjøper i gjennomsnitt berre 1,5 pensumbok.

I fjor blei det selt 100.000 færre fagbøker og lærebøker i høgare utdanning enn året før.

Direktør i Forleggerforeningen, Trine Skei Grande er uroa for konsekvensane.

– Om få år kan heile fagområde i Noreg vere utan lærebøker og fagspråk på norsk, seier Skei Grande.

Trine Skei Grande iført briller

Trine Skei Grande er direktør for Forleggerforeningen.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Som konsekvens av blant anna dei låge salsinntektene har bransjen sett ei nedbemanning på heile 40 prosent berre dei siste to åra i dei akademiske forlaga.

– Det er frå vår side ein akutt situasjon, seier fagsjef i Forleggerforeningen, Ingvil Kogstad Brodal.

Les også: Professor reagerer på ordbruk: Studentar kallar universitetet for «skule».

Slit med å lese

Nedgangen på salet av pensumbøker ser leseforskar, Marte Pupe Støyva på som skremmande.

Ho har kartlagt korleis ei mindre gruppe masterstudentar vel å lese pensum og funne ut at fleire av dei slit med å lese pensumtekstar. Og difor gjerne droppar pensumbøkene.

  • Marte Pupe Støyva

    Marte Pupe Støyva

    • Doktorstipendat ved Nasjonalt Lesesenter
    • Forskar på lesing.

– Sjølv om dei har studert i minst tre år, sit mange av dei framleis og lurer på korleis dei skal lese pensum. Det synest eg er veldig interessant og litt urovekkande, seier Pupe Støyva.

Ei av hovudårsakene ho peikar på er dårlegare lesevanar, der studium viser at ungdommar brukar mindre tid på å lese enn før.

– Lesevanane våre har forandra seg, og det ser vi igjen i høgare utdanning. Om ein ikkje er vand med å lese lange tekstar, kan ein ikkje forvente at studentane berre skal sette seg ned med langt og vanskeleg pensum og ta det på strak arm, seier Pupe Støyva.

Student leser pensum (Illustrasjon)

Endring i lesevanar peikar leseforskaren på som ei av hovudårsakene.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Eit stort problem

Pupe Støyva er ikkje åleine om bekymringane.

– Vi ser at studentane som kjem no har dårlegare leseferdigheiter enn kull som har kome hit tidlegare, seier professor Gerd Berget ved Oslo Met.

Berget har forska på ulike utfordringar som står i vegen for lesing. No ser ho ein generasjon som manglar den indre motivasjonen og gleda for å lese.

– Det er verkeleg eit stort pedagogisk problem. For ein klarar ikkje å utvikle viktige akademiske evner, med mindre ein lærer seg å lese tekstar.

Det seier Tarjei Mandt Larsen, førsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Stavanger.

Tarjei Mandt Larsen UiS

Tarjei Mandt Larsen har undervist ved Universitetet i Stavanger i snart 20 år.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Han opplev at studentar les mykje mindre pensum enn det forelesarane skulle ønske.

NRK har tidlegare skrive om at unge les mindre. Professor og medievitar Espen Ytreberg ved UiO opplev at mange studentar har problem med å lese og skrive lengre og tyngre tekstar.

– Eg merkar ei stor usikkerheit blant studentane når det gjeld kva som krevjast av dei og korleis dei skal handtere leseutfordringane, seier han til NRK.

Og for studentane sjølv, opplev dei at pensumtekstar kan vere vanskelege.

– Mykje av pensum er veldig komplisert og det er gjerne store tekstar med vanskeleg språk, seier von Erpecom Mumford.

Taha Naser og Richard von Erpecom Mumford ved Universitetet i Stavanger

Studiekameratane Taha Naser og Richard von Erpecom Mumford har ulike lesevanar når det kjem til pensum.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Kva er eller var ditt forhold til pensum?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Kan få konsekvensar

Pupe Støyva seier at dei ser også fleire dømer på at forelesarar kuttar i mengde pensum og set opp enklare tekstar for å møte studentane.

student les pensum illustrasjonsbilde

Å legge til rette for at studentane skal lese pensum, er noko fleire forelesarar gjer, erfarer leseforskaren.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Det fungerer nok til ein viss grad, men om ein tenker dei langsiktige konsekvensane, vil det til slutt ende opp i dårlegare kvalitet på utdanningar, seier ho.

Studenten Tahar Naser ser at forelesarane gjerne tilpassar innhaldet i forelesingane, fordi få les pensum.

– Dei seier at dei forventar at vi les, men eg føler dei veit at ingen gjer det.

Taha Naser ved Universitetet i Stavanger

Tahar Naser ser at forelesarar tilpassar forelesingar for å møte studentane.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Dett av utan tilpassa forelesing

– Ideelt ville eg lagt opp forelesinga slik at ein fekk utbytte av det ein hadde lest på førehand. Men ettersom såpass mange ikkje les pensum, så blir det vanskeleg, seier Mandt Larsen.

For om han ikkje tilpassar forelesingane, seier han at fleire droppar å gå på forelesing.

– Eg veit heilt ærleg ikkje korleis vi skal løyse utfordringa, seier Mandt Larsen.

Tarjei Mandt Larsen UiS

Tarjei Mandt Larsen prøver å finne balansen mellom å tilpasse undervisninga etter pensum og å motivere studentane til å lese sjølv.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Likevel prøver han å minne studentane på kor viktig det er å lese pensum.

– Men om det er effektivt er eg veldig usikker på.

Publisert 29.09.2025, kl. 06.02

Read Entire Article