Stripping, sex og pengar. «Anora» er ein av årets beste filmar

3 hours ago 4



FILM: Gullpalmevinnaren frå filmfestivalen Cannes er både morosam og underhaldande – men har samtidig ei kjerne av frekt alvor. «Anora» er ein av årets beste filmar.

Milliardærsonen Vanya blir saman med stripparen Ani. Dei lever i sus og dus og lutter glede. Ei stund. Foto: Augusta Quirk

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

 5 out of 6

ANORA

Kinopremiere: 25.10.2024. Med: Mikey Madison, Mark Eydelshteyn, Yura Borisov, Darya Ekamasova, Karren Karagulian, Vache Tovmasyan. Sjanger: Drama / Komedie. Manus og regi: Sean Baker. Nasjonalitet: USA, 2024. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 2 timar, 18 minutt.

Ani er strippar. Ho tener til livets opphald ved å kle seg naken og pirra betalande, mannlege kundar på high end-klubben «HQ» på Manhattan, New York. Så drar ho heim til det slitne husværet sitt i russiskdominerte Brighton Beach i Brooklyn. Det er low end.

Sidan Anora – som ho eigentleg heiter – har russisk bakgrunn og snakkar språket, får ho ein kveld ansvar for å ta seg av Ivan «Vanya» Zakharov. Ivan viser seg å vera svært ung – og svært rik. Han er son av ein russisk oligark.

Ein relasjon – eller skal me heller kalla det ein transaksjon? – oppstår mellom dei to. Ani har ein vakker kropp å tilby – hennar kapital er seksuell. Vanya har uavgrensa med pengar – han har økonomisk kapital. Han får sex. Ho får pengar. Dei legg ut på ein ellevill joyride, full av sex, drugs og avsindig pengebruk.

Rike Vanya og vakre Ani i Las Vegas.

Som sjåar sit du den første tredelen av filmen og tenkjer at dette umogleg kan vara. Dette kan jo ikkje gå godt. Men når det går gale, skjer det heldigvis på litt andre og meir overraskande måtar enn du kanskje skulle tru.

Sean Baker er ein kritikarrost regissør som altså vann ein av verdas mest prestisjefulle prisar då han fekk Gullpalmen i Cannes for «Anora». I denne filmen går han inn i ein tematikk han har tangert før, nemleg folk som ikkje nødvendigvis har så mykje pengar og som kjempar for å klara seg i USAs nådelause kapitalistiske system.

I «Anora» kontrasterer han dei mot folk som har altfor mykje pengar. Dei strevar på sitt vis med å bli heile, vaksne og gode menneske i sine gullbur av pengar, der dei kan betala seg ut av alt. Pengar er makt. Makt er pengar. Pengar og makt korrumperer folk.

Men desse ganske så alvorlege og aktuelle tema, viser altså Baker fram på særs underhaldande, friskt og sjarmerande vis. Når trøbbelet verkeleg tårnar seg opp, går «Anora» over i ein tydeleg komediesjanger – i periodar kanskje litt i overkant slap stick-aktig.

Men dette er til gjengjeld einaste minus eg finn i ein film som oser av overskot og overraskingar. Mikey Madison er rett og slett drivande god som Ani, ei jente som kjem frå vanskelege kår, men som på ingen måte er tapt bak noko vogn eller redd for å slå ifrå seg.

Og så er her eit herleg persongalleri av russarar og armenarar i USA-eksil. Av folk som er pressa både frå den eine og den andre kanten. Greitt nok med rike Vanya, men det viser seg at dei fleste andre russarane lever under eit heilt anna åk enn vekta av milliardar av rublar.

Mot slutten er det interessant å sjå maskene falla og kven som faktisk er moralske og skikkelege folk når det til slutt handlar om ekte menneskelege relasjonar, ikkje økonomiske transaksjonar.

«Anora» er definitivt ein av årets beste filmar.

Publisert:

Publisert: 23. oktober 2024 17:23

Read Entire Article