Store vassmengder på Ørnes i Nordland

2 weeks ago 9



 Kristin Axelsen Kildal / Kulingen
Foto: Kristin Axelsen Kildal / Kulingen

Publisert 05.11.2024 09:58

Det har kome store vassmengder på Ørnes i Meløy kommune tysdag.

Bilete frå Avisa Nordland viser at det har fløymt over på parkeringsplassen til Møbelringen og ein sportsbutikk på Ørnes.

– Det var ein propp som sette seg i elva, som gjorde at vatnet flaut over, seier vaktleiar Yngvar Braute ved Salten Brann IKS.

Brannvesenet har no fått vekk vatnet.

Politiet ber om at folk ikkje parkerer i Ørnes sentrum.

– Fleire forretningar er stengt grunna vasskadar. Uvisst kor lang tid det vil ta før skadane er utbetra.

Det har regna mykje i delar av Nordland natt til tysdag. Lenger sør i Meløy har det gått eit jordksred over fv. 7420 ved Foravik.

Read Entire Article