I Kåfjord i Troms er fjella høge – og tidvis farlege.
Det fekk familien Myrvold oppleve tett på fredag. Massar frå fleire store steinskred kom farleg nær geitegarden dei driv.
– Det er store steinmassar som kjem imot garden til gamlingan, seier Roger Myrvold på klingande Kåfjord-mål til NRK.
Gamlingane i dette tilfellet er foreldra hans Siv Nina og Roar Myrvoll som har rundt 200 geiter på garden.
Steinar frå skredet trefte berre om lag 20 meter frå geitefjøsen.
Ifølgje Myrvold har det kome minst tre store skred i løpet av dagen. Mor hans kontakta NVE tidleg på morgonen, bekymra for tryggleiken.
– Det kom steinsprang heile dagen, seier Myrvold.
Natt til laurdag held bygdefolket auge med fjellsida, seks bustadhus er evakuerte.
Beredskapsleiar i Kåfjord kommune, Greta Larsen, seier at evakueringa varer til sundag ettermiddag.
– Dei fleste har valt å dra til familie. Nokon har vi funnet plass til, seier ho.
Ikkje første gong
For familien Myrvold er det ikkje første gongen skreda har kome så nært.
For nokre år sidan måtte dei sende alle geitene på slakt fordi steinmassane truga garden.
No har dei klart å bygge opp att bestanden av geiter.
– Dei har lagt heile livet sitt i den garden. Å sjå at det skjer igjen, det er heilt forferdeleg.
Han meiner dei burde vore evakuerte for lenge sidan.
– Når du ser at det går skred 20 meter unna fjøsen, og du veit at dei er inne der og mjølkar dyra, då veit du at det ikkje er bra, seier Roger Myrvold.
– Korleis har foreldra dine det no?
– Gamlingen sjølv er roleg som skjæra på tunet, uansett kva som skjer. Men mamma er livredd. Eg skjønar det godt.
Anders Bjordal i NVE seier at det har gått fire store og fleire mindre steinsprang.
Anders Bjordal er senioringeniør NVE region nord.
Foto: Alf Harald Martinsen / NRK– Det smell og dundrar og det er mykje støy. I går kveld gjekk det stadig steinsprang heile tida, seier Bjordal.
Set opp overvakingsradar
For å halde eit betre auge med bevegelsane i fjellet, har NVE sett opp ein bakkeradar. Den skal kontinuerleg skanne fjellsida, slik at NVE kan lære meir om korleis fjellet beveger seg og kor det kan rase.
– Til i morgon ettermiddag håper vi å kunne mykje meir om kor det er farleg og eventuelt kor mykje meir som kjem.
Publisert 02.08.2025, kl. 01.40 Oppdatert 02.08.2025, kl. 10.32