Det er slett ikkje alle kommunar som har tatt tilstrekkelege grep for å tilpasse seg til meir ekstremvêr, viser ny rapport.
Publisert 27.10.2025 15:00
Klimaendringane er berre blitt meir synlege i Noreg dei siste åra.
Framover vil dette berre bli verre.
Men kor godt i gang er kommunane med å tilpasse seg til den nye normalen?
Ikkje godt nok, ifølgje ein ny rapport.
Men vil du vite korleis din kommune ligg an, får du ikkje svar på det her. Kommunane som kjem dårlegast ut, er nemleg anonymisert. Meir om det seinare.
Liten framgang
For fjerde gong har CICERO Senter for klimaforsking, på oppdrag frå forsikringsselskapet If, kartlagt korleis kommunane førebur seg på meir ekstremvêr.
STERKE KREFTER: To veker etter stormen «Amy», var felte tre ei hyppig hindring på populære turstiar på Fløyen i Bergen. Foto: Trine Svanholm Misje / TV 2
STERKE KREFTER: To veker etter stormen «Amy», er dette ei kjent hindring på populære turstiar på Fløyen i Bergen. Foto: Trine Svanholm Misje / TV 2
153 kommunar har svart på undersøkinga.
Rapporten viser at det er store forskjellar på korleis norske kommunar ligg an når det kjem til å tilpasse seg til klimaendringane.
– Vi ser av årets rapport at fleire kommunar opplever konsekvensen av ekstremvêr, men vi ser ikkje framgang i korleis kommunane jobbar systematisk for å unngå skader som kjem etter ekstremvêret, seier Line Gjengedal Ruud, nordisk leiar for skadehandtering i If.
Rapporten viser mellom anna at:
- Ni av ti kommunar har erfart ekstremvêr eller klimaendringar.
- Åtte av ti seier dei har gjort politiske vedtak om klimatilpassing, men berre tre av ti har sett av ressursar til arbeidet.
- Fire av fem vurderer korleis fremtidige klimaendringar kan påverke kommunen.
- Halvparten av kommunane har kartlagt moglege tiltak.
- Litt over halvparten har gjennomført klimatilpasningstiltak.
- Mangel på ressursar utgjer dei viktigaste barrierane.
Gjengedal Ruud meiner det er på høg tid at kommunane tar naudsynte grep for å tilpasse seg endringane.
– Vi synest dette er urovekkande. Vi ser at ekstremvêret er her, og det kjem antageligvis til å bli meir. Då må kommunane jobbe meir systematisk for å tilpasse seg.
Fleire ekstremvêr
Sidan starten av 2015 har det vore 21 namngitte naturhendingar i Noreg, mellom anna ekstremvêret «Hans» som la fleire bygder nærmast under vatn i 2023.
Finans Norge omtala ekstremvêret som ei av dei dyraste naturkatastrofane i Noreg.
Ekstremvêrrapporten 2025
* Undersøkinga er utført av Cicero på oppdrag for If.
* 153 av 357 kommunar har svart på undersøkinga.
* Kartlegginga tar for seg seks delar: Organisering, kartlegging av risiko og sårbarheit, identifisering av klimatilpasningstiltak, val av tilpassingstiltak, gjennomføring, og evaluering/oppfølging.
Gjengedal Ruud seier det er på tide å tenke nytt på dette området, ikkje berre for å handtere ekstremvêret når det skjer, men også for å førebygge mot konsekvensane.
– Vi blei jo litt overraska over at ein ikkje er kome lenger når ein ser at vi har sett meir ekstremvêr dei siste åra. Vi må ofte kjenne det på kroppen før vi trur på det og ser kor dei største sårbarheitene er.
Store forskjellar
I rapporten kjem det fram at dei største kommunane er dei som er kome lengst i arbeidet med klimatilpassing. Det er også dei som i mindre grad trekk fram utfordringar med tid, kompetanse og ressursar.
Det seier assisterande direktør i CICERO, Frode Longva.
– Det er stort strekk i laget. Dei største kommunane har kome lengst med å kartlegge risiko, organisere arbeidet, gjennomføre tiltak og evaluere tiltaka, seier Longva.
– Men i andre enden av skalaen ser ein at det og finst kommunar som gjer lite eller så å seie ingenting på dette området, seier Frode Longva, avdelingsdirektør i Cicero.
Manglar ressursar
CICERO har gitt kommunane poeng ut ifrå fleire kriterium. Dei beste kommunane, med Stavanger på topp, har scora 33 poeng.
Men det er også enkelte kommunar som har scora 0 poeng i denne undersøkinga.
– Då er det mykje å gripe fatt i. Desse kommunane har verken kartlagt farar ved framtidige klimaendringar, fordelt ressursar eller ansvar i kommunen eller sett klimatilpassing på den politiske dagsordenen, seier Frode Longva i CICERO.
Han seier dei største barrierane er mangel på ressursar i form av midlar, personell og kompetanse, men også politisk vilje til å prioritere.
Han meiner det er behov for at tilpassing til klima kjem høgare på den politiske agendaen, både nasjonalt, regionalt og ikkje minst lokalt.
– Dei som har jobba med beredskap og klimatilpassing vil vere meir førebudd når ekstremvêr først treff. Dermed vil dei og ha færre og mindre kostnadar i etterkant, anten det er i form av økonomiske kostnadar til opprydding eller i verste fall tap av menneskeliv.
Anonymiserer dei dårlegaste
Av forskingsetiske omsyn har Cicero anonymisert kommunane som kjem dårlegast ut.
Longva grunngjev dette mellom anna med at dette er ei frivillig undersøking å delta i og at kommunane ikkje er pliktige å svare. Dei håpar anonymitet vil gjere at fleire svarar og at dei svarar ærleg.
I tillegg seier han det ikkje er meininga å henge ut kommunane som gjer minst, men at rapporten skal fungere som ein reiskap og ein inspirasjon for kommunar, slik at dei kan lære av kvarandre.
Dette er kommunane som har gjort mest
1. Stavanger, Rogaland (33 poeng)
2. Oslo (32 poeng)
3. Herøy, Møre og Romsdal, 31,5 poeng
4. Fjord, Møre og Romsdal 31,25
5. Skien, Telemark 30,25
6. Trondheim, Trøndelag 30
7. Drammen, Buskerud 29,25
8. Indre Østfold, Østfold 29
9. Lørenskog, Akershus 29
10. Sandefjord, Vestfold 29
11. Time, Rogaland 28
12. Samnanger, Vestland 27,75
13. Vågå, Innlandet 27,75
14. Gildeskål, Nordland 27,25
15. Hamar, Innlandet 27,25
16. Larvik, Vestfold 26,75
17. Lunner, Akershus 26,75
18. Modum, Buskerud 26,75
19. Utsira, Rogaland 26,75
20. Skjåk, Innlandet 25,25
21. Bærum, Akershus 25
22. Gol, Buskerud 25
23. Oppdal, Trøndelag 25
24. Stad, Vestland 25
25. Verdal, Trøndelag 24,75
26. Moss, Østfold 24,25
27. Stange, Innlandet 24,25
28. Øvre Eiker, Buskerud 24
29. Ullensaker, Akershus 23,75
30. Fredrikstad, Østfold 23,5
31. Tønsberg Vestfold 23,5
Kjelde: Ekstremværrapporten, 2025, fra forsikrinsselskapet If i samarbeid med CICERO Senter for klimaforskning.
– Tenker du ikkje at innbyggarane i norske kommunar burde få tydeleg innsyn i kva kommunen dei bur i gjer på dette området?
– Kommunane sitt arbeid med klimatilpassing burde vere transparent overfor innbyggarane, og det er mange måtar å gjere det på lokalt. Eit frivillig forskingsprosjekt som vi gjennomfører her har andre formål og er neppe best eigna til å oppnå akkurat det, seier Longva.
Kostar pengar og tar tid
Nesbyen kommune i Buskerud fylke er ein av kommunane som seier til TV 2 at dei kjenner på både behov og utfordringar med klimatilpassing.
– Det er ingen som ønskjer at innbyggarane skal stå i denne usikkerheita som folk i Nesbyen har stått i dei siste to åra, seier ordførar Anne Kari Eriksen (Sp).
I 2023 blei nemleg den vesle kommunen hardt råka av flaum under ekstremvêret «Hans».
No, to år etter, held dei framleis på med utgreiingar om kva vidare tiltak dei skal innføre.
– Klimatilpasning er viktig, men det kostar pengar og det tar tid.
Sjølv om kommunen har fått pengar til flaumsikring over statsbudsjettet, hjelper det ikkje at Nesbyen er på Robeklista, som er ei liste over kommunar som er i økonomisk ubalanse.
– Vi er ein ras- og flaumutsett kommune og må prioritere dette. Men det er tøffe prioriteringar opp mot andre tenester kommunen skal levere, seier Eriksen.
Må endre tankesettet
Måndag blei rapporten overlevert til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
Han erkjenner at arbeidet som blir gjort, på fleire område ikkje er godt nok.
– Eg trur ein god del kommunar driv med klimatilpassingsarbeid som dei ikkje tenker på som klimatilpassingsarbeid. Men dette viser at vi har ein veg å gå med å integrere dette arbeidet i alt anna ein held på med, seier Bjelland Eriksen.
Han seier regjeringa skal stille opp med ein del av reiskapane som kommunane treng gjennom tilskotsordningar.
– Men det tek frå ikkje kommunane for ansvaret for å følgje opp sjølv og bruke desse reiskapane i planlegginga.
Tidlegare har det ikkje vore eit system på plass i Noreg for å jobbe med klimatilpassing, seier klimaministeren. Det har regjeringa endra på no, gjennom eit fireårig system som skal lage nasjonale risikoanalysar og styrke samarbeidet med kommunane.
– Eg trur framleis vi har litt for mange kommunar der administrasjon og politikarar tenker at klimatilpassing er noko man kan drive med om det finst ein tilskotspost for å halde på med det. Sånn må vi slutte å tenke.

















English (US) ·