Stor vulkan-uvisse på Island: – Ein svært uvanleg situasjon

1 week ago 20



– Me veit eigentleg ikkje kva me kan forventa.

Det seier Páll Einarsson til NRK.

Han er professor emeritus ved Universitetet på Island og ein av dei fremste vulkanekspertane i landet.

Sidan november i fjor har det vore fire vulkanutbrot på sagaøya. Det førebels siste byrja 16. mars og er ikkje ferdig ennå.

Det er i og for seg ikkje så uvanleg med vulkanutbrot på Island, men no har det oppstått ein ny situasjon som overraskar ekspertar.

For mens utbrotet held på, hevar jorda seg i området. Jordhevinga er eit teikn på at det samlar seg magma under bakken – som igjen er eit teikn på at eit vulkanutbrott kan vere på veg.

Det er «berre» snakk om nokre få centimeter, så det er ikkje mogleg å sjå med det blotte auget.

Men ved hjelp frå informasjon frå satellittar kan forskarane sjå utviklinga klart og tydeleg.

Graf som viser jordheving rundt Svartsengi desember 2023–april 2024

Dei vertikale, raude linjene markerer et vulkanutbrot. Dei raude punkta viser korleis jorda har heva seg, litt etter litt. Det er slike grafar forskarane følger med på for å anslå når det kan koma eit nytt utbrot.

Foto: Skjermdump / Veðurstofa Íslands

I samband med dei siste fire utbrota har ein sett at det gjerne kjem eit utbrot når det har samla seg mellom 8 og 13 millionar kubikkmeter magma under jorda.

No anslår forskarane at det har samla seg opp rundt 10 millionar kubikkmeter i området rundt kraftverket Svartsengi.

Dermed kan eit nytt utbrot vere på veg – medan det førre utbrotet framleis held på.

Sidan november 2023 har det vore fire vulkanutbrot i det raudmarkerte området.

Kan opna seg nye sprekkar

Einarsson samanliknar det heile med eit bildekk med eit hol i.

Du kan pumpe inn meir luft i dekket, men så lenge det er eit hol der vil det vere vanskeleg å få nok trykk.

– Det som ser ut til å skje no, er at trykket i dekket aukar – sjølv om det lekker. Me er overraska over denne situasjonen, seier Einarsson.

Páll Einarsson, vulkanekspert på Island. Professor emeritus ved Háskóli Íslands

Páll Einarsson er ein av dei fremste vulkanekspertane på Island. Han seier dagens situasjon er prega av mykje uvisse.

Foto: Privat

Han hadde forventa at det pågåande utbrotet skulle verte større på grunn av auka trykk, men det har altså ikkje skjedd.

– Det er ein svært uvanleg situasjon, seier han.

Også ved det meteorologiske instituttet er dei usikre på kva som no kan skje.

– Me har ikkje sett før at me har vulkanutbrot og jordheving samtidig. Så det er betydeleg uvisse om kva som vil skje.

Det seier Benedikt Ófeigsson ved det meteorologiske instituttet på Island til kringkastaren RÚV.

Ekspertane trur det mest sannsynlege er at magma byrjar å bevega på seg under bakken i området, eller at dagens utbrot vert større.

Då aukar òg faren for at det kan opne seg nye vulkansprekkar.

– Svært farleg scenario

Nye sprekkar kan dessutan dukka opp med svært kort førevarsel.

Det bekymrar fleire, spesielt viss det liknar på tidlegare tilfelle. Då kan det potensielt opna seg ein 2–3 kilometer lang sprekk.

Bilde fra den islandske kystvakta viser vulkansprekken som åpnet seg 16. mars 2024.

Vulkansprekken som opna seg i jordskorpa 16. mars var omtrent 3 kilometer lang.

Foto: Handout/kystvakta på Island / AFP

– Viss det er folk i nærleiken då er det eit svært farleg scenario, og det er ikkje mogleg å varsla folk i tide, seier Ófeigsson til RÚV.

Politiet på Reykjaneshalvøya har bede folk om å halde seg unna området på grunn av faren for eit nytt utbrot.

– Det kan koma med svært kort førevarsel og dermed vert området farlegare for kvar dag som går, skriv politiet i ei oppdatering på Facebook.

Páll Einarsson oppfordrar òg folk om å vere forsiktige og ta forholdsreglar dei neste vekene, medan uvissa rår.

For eit vulkanutbrot er alltid farlegast i byrjinga, når ein sprekk opnar seg og lavaen straumar ut i full fart.

– Den første timen kan vere veldig farleg. Ein må sørgja for at det ikkje er mange i området, seier han.

Einarsson understrekar likevel at Island generelt er godt førebudd på vulkanutbrot.

Mange råka

Dei fire vulkanutbrota sidan november 2023 har hatt store konsekvensar for mange islendingar.

Spesielt innbyggjarane i den vesle byen Grindavík har fått merka uvissa på kroppen.

Dei vart evakuerte frå heimstaden sin i byrjinga av november, og har berre fått flytta heim igjen i periodar.

I januar skjedde dessutan noko som ikkje har skjedd på sagaøya sidan 1973: Eit vulkanutbrot råka utbygde område.

Tre hus i Grindavík hamna til slutt heilt eller delvis under lavaen.

På direktebilete kunne innbyggjarane sjå korleis lavaen nærma seg husa deira.

Slik så det ut då lavaen strøyma inn til Grindavík 14. januar 2024.

Under utbrotet i februar rann dessutan lava over varmtvassforsyninga til store delar av Reykjaneshalvøya.

Varmtvatn vert òg nytta til å varma opp hus på Island, og dermed vart fleire tusen innbyggjarar ståande utan varme i fleire dagar.

Publisert 27.04.2024, kl. 19.35

Read Entire Article