Stor boligbrann like ved festival – trudde brannen var ein del av lysshowet

1 week ago 9



Nødetatane rykte natt til søndag ut til ein bustadbrann i Veggli i Rollag kommune i Numedal.

Meldinga om brannen kom klokka 00.40. Ifølgje Sør-Øst politidistrikt var huset i full overtenning då nødetatane kom fram.

– Huset er overtent, så her blir det berre utvendig innsats, sa vaktleiar Jan Rundtom ved Sør-Øst 110-sentral til NTB.

Samtidig, like ved, pågjekk den store musikkfestivalen Monument med rundt 2000 publikummarar.

– Først trudde vi det var ein del av lysshowet, før vi innsåg at det var ein dramatisk brann, fortel ein av festivaldeltakarane til NRK.

Éin person er registrert som busett på adressa der brannen starta.

Etter kort tid fekk politiet stadfesta at personen er gjort greie for og er uskadd.

Sundag morgon får NRK stadfesta at ingen var heime i huset då brannen starta.

– Det er ingen kjend årsak til brannen. Vi vil utføre åstadsgransking på eit seinare tidspunkt, fortel operasjonsleiar Øystein Eikedalen i Sørøst politidistrikt.

Ved 6-tida søndag morgon heldt brannmannskapa framleis på med etterslokking på staden.

(NTB)

Den kraftige boligbrannen var godt synleg for festivaldeltakarane.

Publisert 03.08.2025, kl. 01.09 Oppdatert 03.08.2025, kl. 09.40

Read Entire Article