Stjerna som hoppa av landslaget

3 hours ago 2



Ho overraska mange då ho tok bronse i VM som 19-åring i 2023.

Så dalte motivasjonen, og taekwondo-talentet vurderte å leggje opp.

Mari måtte heim til Aure for å finne gløden igjen.

No er taekwondo-talentet meir motivert enn nokon gong før VM.

Sara Lovise Roaldseth

Sidan ho var lita har Mari Romundset Nilsen villa bli best i taekwondo.

Trenarpappa Tor har hjelpt 22-åringen til verdstoppen. Ho måtte sjølvsagt til Oslo for å trene med landslaget.

Norges kampsportforbund

I 2023 tok ho den første norske VM-medaljen på fjorten år. Ein draum var blitt oppfylt.

Bronsen var meir sensasjonell enn de fleste nordmenn aner. Taekwondo er ein olympisk idrett, med fleire medlemsland enn FIFA har i fotball.

Men lykka varte ikkje lenge for Mari.

Kvardagen på landslaget i Oslo var ikkje for henne.

– Eg følte at heile livet mitt berre var taekwondo. Gjekk det dårleg med idretten, så gjekk på ein måte alt dårleg.

Då landslaget plutseleg skulle flytte til Spania i tillegg, braut ho og vende tilbake til heimbygda.

No måtte ho stille seg spørsmålet: Skal ho halde fram med satsinga?

Det gjekk eit halvt år utan at ho deltok i konkurransar.

Mari held fram med å trene på den nedlagde skulen i Foldfjorden i Aure. I den vesle kampsport-klubben som foreldra starta.

Her har ho ikkje landslagseliten, men kan sparre med den fem år yngre broren,  Martin (17).

Han er Norges beste juniortalent, og dessutan mykje større enn Mari.

– Han vaks ifrå meg, plutseleg er det han som kan gje meg litt bank. Det var hardt i starten, men no hjelper vi kvarandre.

– Det var naturleg for meg å finne glede då eg kom tilbake til det gode miljøet her. Med broren min som eg kan trene med, og pappa, som er ein superbra trenar og støtte.

– Vi kjenner Mari veldig godt, og dei rammene vi har her, passa henne perfekt. At ho kom tilbake og fekk igjen gløden, det var eg ikkje i tvil om.

Kan Chen / Norges kampsportforbund

– Vi driv med ein toppidrett som er ganske brutal, og då er det fint at ein så ung utøvar skjønnar når det er på tide å ta eit steg tilbake.

– Det har gjort at vi fekk henne tilbake, og det er eg ikkje sikker på om vi hadde viss ho hadde fortsett å tøye strikken som var i ferd med å ryke.

No er motivasjonen større enn nokon gong. Mari konkurrerer og reiser på samlingar med landslaget igjen. I januar blei ho nordisk meister.

Ho må reise mykje, men har ingen planar om å flytte frå Aure igjen.

– Viss vi ikkje hadde vore i familie, så trur eg ikkje vi hadde nådd dei resultata vi har no. Det bandet vi har er veldig viktig for suksessen.

– Vi jobbar begge to saman for å nå eit nivå som er ganske høgt internasjonalt. Det synest eg det er ganske kult at vi har klart.

I oktober er det tid for eit nytt VM, denne gongen i Kina. Kan Aure-jenta kome på pallen slik som sist?

– Eg må nesten seie at eg aldri har sett henne betre enn ho er no. Vi gler oss veldig til årets VM.

Ho kjenner ekstra på forventningane, men sjølv om mange håpar, er ikkje medalje det viktigaste målet.

– Målet mitt er jo eigentlig som sist, og då gjekk det veldig bra.

– Eg skal gå inn avslappa, ha fokus på å ha det artig og på å gjere mine oppgåver. Så kan det gå så bra som eg ønskar det.

Read Entire Article