Stine trudde ho kjøpte den tryggaste solkremen – testen viser noko anna

2 days ago 1



Det tryggaste teiknet på at sommaren er her, er raude skuldrer og nasetippar.

Alle ønsker å nyte sola mest mogleg, og då er solkrem viktig.

Men kva solkrem skal ein velje? Har det eigentleg noko å seie?

– Eg går ikkje etter spesifikke merker, men eg kjøper solkrem på apoteket når eg treng ein god ein eller skal til Syden. Der har dei jo litt meir skikkelege merker, seier Stine Emilie Johnsen, som nyt ein solfylt dag på badestranda i Kvalvika i Bodø.

Bak ei lys strand er det ei rekke med røde naust. På stranda sit det to damer og soler seg.

I Nord-Norge har det vore fleire solfylte dagar i år, der det har vore behov for å smørje seg med solkrem.

Faksimile: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

Ein ny test gjort av Forbrukarrådet viser at solkrem varierer stort, både i pris og kvalitet. Og dei to faktorane heng ikkje nødvendigvis saman.

Fleire av dei dyraste solkremane som du får kjøpt på apoteket i dag, kjem verst ut i testen.

Heile testen kan du sjå testen, men dei 10 beste solkremane finn du her:

  • Bilde av solkremtube

    Derma Sun Lotion SPF30, 8,1 av 10 poeng.

    Grafikk: Forbrukerrådet
  • Bilde av solkremtube

    Eucerin Oil Control Sun Gel-Cream 30, 7,9 av 10 poeng

    Grafikk: Forbrukerrådet
  • BIlde av solkremtube

    Værbitt Sunscreen For Men Body SPF 30, 7,9 av 10 poeng.

    Grafikk: Forbrukerrådet
  • Solkrem roll on

    Riemann P20 Sensitive Face SPF 50+, 7,9 av 10 poeng.

    Grafikk: Forbrukerrådet
  • Solkremtube fra Rema 1000

    Rema 1000 Beskyttende Solkrem SPF 30, 7,8 av 10 poeng.

    Grafikk: Forbrukerrådet
  • Solkremtube

    Avivir Aloe Vera Sun Lotion SPF 30, 7,8 av 10 poeng.

    Grafikk: Forbrukerrådet
  • Solkrem roll on

    Derma Sun Stick High spf 50, 7,7 av 10 poeng.

    Grafikk: Helene Mehammer / Forbrukerrådet
  • Solkrem spray

    La Roche-Posay Anthelios UVmune 400 Dermo-Pediatrics Invisible Spray 50+ spf, 7,7 av 10 poeng.

    Grafikk: Helene Mehammer / Forbrukerrådet
  • Solkremspray

    Derma Sun Spray spf 30, 7,7 av 10 poeng.

    Grafikk: Helene Mehammer / Forbrukerrådet
  • solkremtube

    Rudolph Care Sun Body Lotion 50, 7,5 av 10 poeng.

    Grafikk: Helene Mehammer / Forbrukerrådet
  • Solkrem roll on

    Riemann P20 Sensitive Skin SPF 50+, 7,4 av 10 poeng.

    Grafikk: Helene Mehammer / Forbrukerrådet

Vanskeleg å velje riktig

Hensikta med testen er å hjelpe folk med å finne fram i eit krevjande terreng med eit uendeleg utval av solkremar, fortel Elin Volder Rutle, fagsjef for berekraft i Forbrukarrådet.

– Det vi har undersøkt er om solkremen har den beskyttelsen han hevdar på pakken, om han inneheld mistenkte hormonforstyrrande stoff og om han er god i bruk.

  • Elin Volder Rutle, seniorrådgiver og leder for bærekraft i Forbrukerrådet

    Elin Volder Rutle

    • Fagsjef for berekraft i Forbrukerrådet

Rutle er positiv til resultata i testen, og peiker på at dei fleste solkremane held det dei lova. Når ein skal velje solkrem oppfordrar ho til å tenke på kva ein sjølv vektlegg. Men eit tips er gode nyheiter for lommeboka.

– Solbeskyttelse er det viktigaste vurderingskriteriet. Og høg pris er ikkje noko teikn på betre kvalitet, viser testen.

En håndfull solkrem.

Forbrukarrådet sin nye test av 33 ulike solkremar viser at det nødvendigvis ikkje er på apoteket ein bør kjøpe solkrem.

Foto: n14859

Skumle stoff

I testen har Forbrukarrådet sett på om kremane inneheld hormonforstyrrande stoff.

– Disse stoffa kan bidra til at ein får problem med forplantning, tidleg eller sen pubertet for barn eller andre problem.

Rutle understrek at å smørje seg med ein krem som inneheld disse stoffa ikkje i seg sjølv er farleg.

– Men vi er opptatt av at ein skal ha moglegheit til å avgrense mengda ein blir utsett for over tid

Mann viser fram solbrent hud.

Elin Volder Rutle i Forbrukarrådet seier det er betre å smørje seg med solkrem som ikkje gjer det bra i testen, enn å ikkje smørje seg i det heile tatt.

Foto: Berit Roald

Sjølv om det kan høyrest skremmande ut med hormonforstyrrande stoff peiker Rutle på ein ting som er enda skumlare.

– Det er betre å smørje seg med solkrem, også med dei som inneheld disse stoffane, enn å lat ver.

Og om du har ein solkrem som inneheld slike stoff treng du ikkje å kaste han.

Rutle seier det ikkje er farleg å bruke han opp, og heller tenke over råda neste gang du går til innkjøp av solkrem.

– Dei vi anbefaler å vere særleg forsiktige er små barn og gravide. Dei er mest sårbare for disse stoffa.

– Apoteket er ikkje tryggare

Når NRK spør Forbrukarrådet om det er tryggare å kjøpe solkrem på eit apotek, kan svaret virke overraskande på mange.

– Vår test viser nesten det motsette. Mange av dei solkremane som inneheld hormonforstyrrande stoff er faktisk kjøpt på apotek, seier Elin Volder Rutle.

Ei som stolar på apoteka er Stine Emilie Johnsen på stranda i Bodø.

Det er så deilig! Eg har venta så lenge på det, så i dag er det ein heilt perfekt dag.

Og sjølvsagt har ho med seg solkrem.

– Det er eigentleg dotter mi som bruker han, og så er det faktor 50 pluss, så det gjev eit veldig bra solvern.

Johnsen blir overraska over at apoteket sel produkta som kjem så dårleg ut i testen.

– Eg har alltid følt meg tryggare når eg handlar solkremen der, seier ho.

Eit av dei produkta på apoteket som ikkje kom så godt ut er Vichy Capital Soleil Fløyelsmjuk SPF 50+.

Solkremen har lågare faktorbeskyttelse enn det som er oppgitt på behaldaren, den inneheld stoff som er hormonforstyrrande, og den er ikkje svanemerka.

Apoteka bestemmer sjøl

Änglamark Sun Lotion spf 30, altså Coop sitt eige merke er ein av dei solkremane som kjem godt ut i testen.

Prisen på ansiktssolkremen frå Vichy ligg på 300 kroner per 100 milliliter. Det er ein stiv pris samanlikna med den frå Änglamark som blir seld til 50 kroner per 100 milliliter.

Ved å velje ansiktssolkremen betaler du altså 50 kroner meir, men får berre ein fjerdel så mykje solkrem.

NRK har sendt fleire spørsmål til Apotekforeininga. Bland anna spørsmål om korleis dei kan forsvare å selje solkremar med hormonforstyrrande stoff på norske apotek.

– Handelsvarene, altså det som ikkje er legemiddel, er det apoteka sjølv som gjer sine eigne kvalitetsvurderingar av, forklarar Jostein Soldal i Apotekforeininga

– Vi har ikkje innsikt i kva for vurderingar som blir gjort. Prisar og vareutval på solkremar er altså ikkje noko vi har innsikt i.

Hudlege: – Dei vanlegaste solkrem-tabbane

Thrasyvoulos Tzellos er overlege ved hudavdelinga ved Nordlandssykehuset i Bodø.

Han seier det er vanskeleg å vite om ein solkrem som blir seld på apotek, oppfyller alle krav til tryggleik og effekt.

– Sidan solkremar ikkje er vurderte som legemiddel, krevst det ingen spesifikke studiar for å få dei ut på marknaden. Derfor er uavhengige og objektive testar frå Forbrukarrådet ekstremt viktige.

Det finst mange misforståingar om korleis ein bruker solkrem riktig, fortel hudlegen.

Den største feilen er å smørje for tynt.

– Vaksne treng omtrent ei handfull med krem til kroppen, og ei mengde tilsvarande to fingerlengder til ansiktet. For lite krem gjev ein falsk tryggleik, åtvarar Tzellos.

Han understrekar at timinga også er avgjerande.

– Kremen må påførast 30 minutt før du går ut i sola for å fungere optimalt. I tillegg må du smørje deg på nytt annakvar time – særleg etter at du har bada i havet. Bruker du sminke eller ansiktspleie, er regelen klar: Solkremen skal på til slutt.

Dropp ansiktssolkrem – og pass på «nordnorsk hud»

Solkremane for ansiktet er gjerne mykje dyrare, og kjem ofte i mindre størrelsar.

solkrem i hånd

Solkremar som er meint for ansiktet kjem ofte i mindre tubar og kan ha ein stiv pris.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Du treng ikkje blakke deg på eigne kremar for ansiktet, slår hudlegen fast.

– Nei, det er ikkje nødvendig. Faktor 50 er nok for ansiktet, og å bruke han riktig er det aller viktigaste, seier Tzellos.

Den beste beskyttelsen er likevel å ikkje opphalde seg i sola berre for å sole seg.

Tzellos dreg fram ein spesiell risikofaktor for folk i nord.

– Vi som bur i Nord-Noreg, ser ikkje sola på rundt fem månader. Huda vår blir heilt uvand med strålane. Når sommaren kjem, eller vi reiser til Syden, får vi altfor mykje sol på ei hud som ikkje er førebudd. Det er ein stor risikofaktor for å utvikle hudkreft.

Publisert 21.06.2026, kl. 06.50

Read Entire Article