Sterke reaksjonar etter Netanyahus tale i FN

3 days ago 7



Fredag ettermiddag talte Israels statsminister Benjamin Netanyahu til FNs hovudforsamling i New York.

Der gjekk han til angrep på vestlege leiarar som har anerkjent Palestina som ein eigen stats.

– Netanyahu gjekk rett i strupen på land som lenge har vore Israels allierte, seier Eirik Kvindesland, Midtausten-historikar.

Historikar: Dryg skulding mot vestlege leirar

Kvindesland peikar på at Netanyahu skulda desse landa for å støtte antisemittisme og drap på jødar.

– Det er jo ei veldig dryg påstand, og openbert ikkje sann. Du kan seie mykje om Keir Starmer og Emmanuel Macron, men dei er ikkje antisemittar eller jødedrapsmenn, seier Kvindesland.

Eirik Kvindesland forfatterbilde

Eirik Kvindesland, Midtausten-historikar ved University of Oxford.

Foto: Privat

Historikaren, meiner at var skuldingane mot vestlege leiarar, medan andre delar gjentok velkjende israelske talepunkt om at anerkjenning av Palestina er å løne Hamas.

Netanyahu samanlikna angrepet 7. oktober med 11. september i USA, og uttala at ei oppretting av ein palestinsk stat nær Jerusalem ville vere som å gi Al Qaida ein stat rett utanfor New York.

Ifølgje historikaren var mykje av talen retta mot eit amerikansk, republikansk publikum.

– Det er openbert ein ekstremt absurd og veldig propagandistisk samanlikning, seier Kvindesland, og legg til:

Det er fjernt frå den politiske prosessen som faktisk går føre seg.

Retta mot Trump og det amerikanske høgresida

Marte Heian-Engdal, historikar og forfattar, meiner at Netanyahus tale fyrst og fremst var retta mot Donald Trump og den amerikanske høgresida.

Ho påpeika at statsministeren til og med hadde kledd seg i mørk dress og raudt slips i klassisk Trump-stil.

Engdal viste også til at Netanyahu den siste tida har antyda ein «sterk respons» på land som har anerkjent Palestina, mellom anna gjennom mogleg annektering av Vestbreidda.

en person i rød frakk

Marte Heian-Engdal, historikar og forfattar.

Foto: Alf Simensen / NRK

– Han har sagt veldig eksplisitt at det ikkje blir nokon palestinsk stat.

Likevel meiner ho at Netanyahu denne gongen heldt tilbake dei mest kontroversielle utspela frå FN-talarstolen, og at det kan kome meir etterkvart.

Han følger ofte opp med hardare utspel når han kjem heim.

Talte til Midtausten

Kvindesland meiner talen også var retta mot Midtausten, der Netanyahu prøvde å framstille Israel som regional stormakt som formar utviklinga i Iran, Syria og Libanon.

Samstundes heldt han døra open for at arabiske og muslimske leiarar kan få fordelar dersom dei aksepterer Israels politikk, meiner historikaren.

Kvindesland merka seg også at mange land forlét salen under talen, noko han seier ofte skjer når Netanyahu talar.

d

Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB

– Det seier veldig mykje om kor isolert Israel er diplomatisk i verda akkurat no, seier han.

Ifølgje Kvindesland viser dette at Israel står svært sterkt hos USA, men samstundes blir meir og meir isolert elles i det internasjonale samfunnet.

Samstundes som FNs generalforsamling møtest denne veka, held Israel fram offensiven i Gaza by.

Sjå talen til Netanyahu:

Her talar den israelske statsministeren til FN.

SV: – Eit mørkt kapittel

SV-leiar Kirsti Bergstø reagerer kraftig på talen og skreiv på sosiale medium:

– Dette var nok eit mørkt kapittel for det palestinske folket og for håpet om at folkemordet som går føre seg skal stoppe.

Han gjentok at Israel «må gjere ferdig jobben» og halde fram offensiven.

en kvinne med blondt hår

SV-leiar Kirsti Bergstø.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

– Dødstala på Gaza er ekstreme. Verda over demonstrerer folk. Også internt i Israel blir demonstrasjonane større. Likevel held Netanyahus valdsmaskineri fram for døve øyre.

– Israel vil fordrive palestinarane frå Gaza. Dei som ikkje er drepne av den israelske hæren blir forsøkt svelta ut og drivne på flukt.

Protestar i New York og Israel

Før talen fann det stad store protestar både i New York.

Protesters gather outside the hotel

Demonstrantar utanfor hotell til Netanyahu.

Foto: AFP

Utanfor hovudkvarteret til FN og hotellet Netanyahu bur demonstrerte tusenvis mot krigen i Gaza.

Før Netanyahu drog var det protestar i Israel som kravde at han skal gå av og at krigen må bli stansa og gislane frigitte.

Publisert 26.09.2025, kl. 18.11 Oppdatert 26.09.2025, kl. 18.55

Read Entire Article