Sterk vind – E10 kan bli stengt på kort varsel

1 week ago 16



E10 på Hamnøya i Moskenes kan bli stengt på kort varsel, ifølge Vegtrafikksentralen.

Årsaka er sterk vind og høge bølger.

Det same gjeld Kåkern bru på E10 i Flakstad.

Ifølge Reisnordland.no er hurtigbåten som skulle ha gått frå Svolvær torsdag morgon innstilt på grunn av vêrforholda.

Torghatten Nord melder også om at sambandet Melbu-Fiskebøl er innstilt no på grunn av mykje vind og høg sjø.

Read Entire Article