Stenger einaste vegen ut av Vestbreidda

5 days ago 5



Frå og med onsdag har Israel stengd den einaste overgangen mellom den israelsk-okkuperte Vestbreidda og nabolandet Jordan.

Kong Hussein-brua, eller Allenby-brua, er den einaste vegen ut av Vestbreidda til eit anna land enn Israel for dei rundt 3 millionar palestinarane som bur der.

– Det er som om Israel endeleg har kunngjort at Vestbreidda er eit einaste stort fengsel, seier palestinske Adnan Naghnagha til NRK.

Han omtalar Jordan som palestinarar si livline, både på grunn av naudhjelpa som kjem inn derifrå, og fordi det har vore ein nødvendig veg ut.

– Vi har inga lufthamn eller hamneby, eller noko anna kommunikasjonspunkt med omverda, seier han frå Jenin på Vestbreidda.

Skaut to israelske soldatar

Allenby-overgangen er stengd på ubestemt tid, opplyser ein talsperson for israelske luftmyndigheiter, som kontrollerer overgangen.

Stenginga skjer to dagar etter at israelske myndigheiter opna han igjen, etter å ha stengd han i ei vekes tid.

Det skjedde etter at ein jordansk sjåfør opna eld og drap to israelske soldatar ved overgangspunktet.

Soldatar ber ei kiste drapert med det israelske flagget.

Gravferd for dei to drepne israelske soldatane.

Foto: Leo Correa / AP / NTB

Sjåføren som skaut soldatane gav seg ut for å skulle frakte naudhjelp frå Jordan som skulle til Gaza, skriv Reuters.

Qassam-brigadane, Hamas sin væpna fløy, har tatt på seg ansvaret for skytinga.

Jordanske myndigheiter har fordømt angrepet og kallar det eit «alvorleg brot på folkeretten og ein direkte trussel mot kongeriket Jordans humanitære innsats i Gaza».

Sidan starten på krigen i oktober 2023, har Jordan vore ei viktig forsyningslinje, ifølge jordanske Roya News.

Straffar alle

– Dette er i praksis ein kollektiv straff av alle palestinarar, som blir ramma av dette, seier seniorforsker Jørgen Jensehaugen ved Prio.

– Det betyr at alle palestinarar blir straffa for handlingane til enkeltpersonar.

Jørgen Jensehaugen, seniorforsker ved Institutt for fredsforskning.

Jørgen Jensehaugen.

Foto: n653186

Vestbreidda er omringa av Israel på tre sider og Jordan på den fjerde. Palestinarar frå Vestbreidda med palestinsk ID får som hovudregel ikkje lov til å bruke israelske flyplassar, slik mellom andre Flyktninghjelpen påpeikar.

Grenseovergangane mellom Vestbreidda og Israel ligg ved kontrollpunkt som det store fleirtalet av palestinarar ikkje har tilgang på. Overgangane er i all hovudsak berre for israelske borgarar, busettarar eller folk med spesialløyve, ifølge den israelske menneskerettsgruppa B'Tselem.

en rød bil parkert foran en bygning med en gruppe mennesker

Atara-sjekkpunktet på veg til byen Ramallah på den okkuperte Vestbreidda.

Foto: ZAIN JAAFAR / AFP / NTB

Også inne på Vestbreidda, og mellom Vestbreidda og Aust-Jerusalem, må palestinarar gjennom hundrevis av sjekkpunkt for å bevege seg rundt.

Desse kontrollpostane har blitt fleire og strengare etter Hamas sitt angrep på Israel 7. oktober 2023, fortel Jensehaugen.

I skuggen av Gaza

Jensehaugen peikar ei alvorleg utvikling på Vestbreidda i skuggen av krigen i Gaza.

I januar starta Israel starta ein militæroperasjon på Vestbreidda som har sendt titusenvis på flukt, ifølge Amnesty International. Flyktningleirane Jenin og Tulkarem er blitt så øydelagde at dei er ubebuelege.

Samstundes har angrep på palestinarar frå ekstreme busettarar auka, viser tal frå mellom anna Washington Institute.

I sommar vedtok den israelske regjeringa å bygge ut ei ny busetting i det såkalla E1-området, som i praksis deler Vestbreidda i to. Utbygginga er eit brot på folkeretten og har vakt skarpe reaksjonar.

– Den palestinske staten blir utsletta, sa finansminister Bezalel Smotrich om busettingas konsekvensar.

Han oppmoda statsminister Benjamin Netanyahu til å «fullføre trekket og anvende full israelsk suverenitet» over Vestbreidda, ifølge Haaretz.

Publisert 24.09.2025, kl. 09.45 Oppdatert 24.09.2025, kl. 12.09

Read Entire Article