AFTENBLADET MEINER: Dei siste vekene har me fått dei gode nyheitene frå statsbudsjettet. Mandag kjem dei dårlege.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Leder
Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Stavanger Aftenblads meninger og analyser.
Det har vore mange breie smil og mykje jubel i avisspaltene den siste tida. Smørblide statsrådar har dukka opp over heile landet for å fortelja om pengar som er på veg i det komande forslaget til statsbudsjett.
I Adresseavisen i Trondheim smiler næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) om kapp med tre unge gründarar når ho lanserer ei ny gründersatsing på 52 millionar kroner. I Nationen kan barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) avsløra at regjeringa vil bruka 300 millionar kroner til kyrkjerestaurering neste år.
Her lokalt møtte heile tre statsrådar opp for å leggja fram gladsaka om at regjeringa innvilgar lånesøknaden på 1,4 milliardar kroner for å koma i gang med byggetrinn 2 av det nye sjukehuset i Stavanger. Helseminister Jan Christian Vestre (Ap), kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og landbruksminister Geir Pollestad smilte om kapp under vernehjelmane.
Ja, og så var det stor glede på Kannikhøyden då kulturminister Lubna Jaffery (Ap) og partikollega Torstein Tvedt Solberg var innom for å fortelja teatersjefen og museumsdirektøren at regjeringa gir 10 millionar kroner til det vidare arbeidet med nytt teater og museum i Stavanger.
Alle desse sakene er sjølvsagt positive for dei gode formåla som nå får pengar. Sånn sett er det ikkje rart at budsjettlekkasjane får brei omtale i media landet over.
Dermed er det heller ikkje til å undrast over at dei smørblide statsrådane nå har vore nokre veker på turné gjennom nasjonen. Det ville vore dårleg handverk – både politisk og kommunikasjonsmessig – å ikkje fortelja om gladsakene før heile budsjettet blir lagt fram komande mandag. Faren ville vore stor for at dei positive nyheitene drukna i totaliteten.
Men det er samtidig viktig å hugsa at godstemninga som blir skapt i oppsongen til framlegginga av statsbudsjettet, er nøye regissert og strategisk. Dei milde gåvene er heller ikkje nødvendigvis løysinga på alle problem. Sjukehusøkonomien i fylket er ikkje løyst av innvilginga av lånesøknaden. Det er framleis ikkje sikkert at det blir bygd nytt teater og museum sjølv om det kjem 10 millionar kroner i prosjekteringsmidlar.
Budsjettsakene som ikkje vil føra til gladsaker i media, veit me framleis ikkje om. Kven som vil få mindre pengar, kva som blir kutta og kven som blir sure, får me ikkje vita før heile forslaget til statsbudsjett blir lagt fram mandag. Då får me også vita kor stram totaliteten vil bli.
Det vil nok bli fleire presseoppslag om statsbudsjettet også i vekene framover. Men dei vil neppe vera like jublande som sakene me har sett dei siste vekene.
Publisert:
Publisert: 3. oktober 2024 20:00