Frivillige redningsmannskapar frå Røde Kors er på plass for å starta søket igjen tysdag føremiddag.
– Vi har fått inn ressursar frå Røde Kors, Norske Redningshunder, vi har dronar og politifolk som skal i aksjon i dag, seier Svein Buer, innsatsleiar i politiet.
Også i dag er vêrforholda utfordrande for leitemannskapa, opplyser innsatsleiar Svein Buer i politiet.
Foto: Tale Hauso / NRKDårleg vêr og mykje nedbør gjer arbeidet vanskeleg, og søket natt til tysdag blei avslutta rundt klokka 01.30, utan nye funn.
– Vêret byrja å ta seg veldig opp rundt midnatt. Då var det ikkje forsvarleg å halda fram søket oppe i fjellheimen, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.
Sist kontakt med den sakna mannen var torsdag 31. juli.
Møtte ikkje opp på flyplassen
Mannen frå USA blei meld sakna etter at han ikkje møtte opp til flyet han skulle ta frå Bergen måndag.
Han er på ferie med familien, og starta ein fjelltur åleine torsdag 31. juli i Ullensvang.
Siste sikre observasjon var same dag.
Søkeområdet er svært stort, og dårleg vêr gjer arbeidet vanskeleg.
– Me har fått eit tips om ein person som kan stemma med skildringa i dette området som han skulle gå, men det er ikkje stadfesta at det er han. Det er ein av tinga me kjem til å jobba vidare med no i morgontimane, seier Knappen.
Mannen skal vere fjellvand, godt utstyrt og i god form, opplyser Forde Kolltveit i Vest politidistrikt.
Stort søkeområde og dårleg vêr
Det er dårleg vêr i søkeområdet. Eit redningshelikopter søkte måndag kveld, men utan resultat. Klokka 22.55 måndag melde politiet at helikopteret returnerer til Sola.
– Det er meldt stiv kuling oppe på Folgefonna i dag. Så det blir vanskeleg å få inn helikopter. Men me håpar på at det skal vera eit mogleg vindauge både for helikoptersøk og på å få frivillige mannskap til å søka i området, ifølgje Knappen.
Vêrforholda i området gjer at det ikkje er mogleg å søke med fly. Her frå stengd veg i Jordal inn mot Buer og Buerbreen.
Foto: Tale Hauso / NRKPolitistasjonssjef i Hardanger, Øystein Torsnes, seier tysdag føremiddag at vêret er ei utfordring. Søkeområdet er også stort.
Mannen starta turen like ved Buerbreen i Ullensvang, og skulle innom fleire DNT-hytter rundt Folgefonna nasjonalpark på ruta.
– Me må ha eit ope sinn for heile området, men i første omgang konsentrerer me oss om Buer-området, seier Torsnes.
Publisert 05.08.2025, kl. 06.33 Oppdatert 05.08.2025, kl. 11.41