For mange nordmenn er bustadlån det dei brukar mest pengar på i løpet av eit år.
Kva rente du får frå banken avgjer kor mykje du må betale, og her er forskjellane store.
Andreas Fagerheim betalte over 6 prosent i rente fram til han tok kontakt med banken. Då sette dei renta ned til under 5 prosent. No sparer han over 40.000 kroner i årlege utgifter.
– Kvifor gjorde ikkje du dette før?
– Det er ikkje noko eg likar å drive med. Eg stolte på at banken vil mitt beste. Eg har mykje anna morosamt å drive med, heller enn å sjå på renta, seier Fagerheim.
Fagerheim vil heller jobbe i fred og styre med ting han synest er meir morosame enn å sjekke renta.
Foto: William Jobling / NRKPassive kundar har høgast rente
Undersøkingar frå Forbrukarrådet viser at passive kundar betalar mest rente til banken.
Det same viser tala til Renteradar.
– Dei fleste kan spare 0,2 til 0,4 prosentpoeng. Det blir fort mykje pengar, seier marknadssjef Sindre Noss.
Dei får stadig rapportar frå kundar som ligg rundt 1 prosentpoeng over dei beste rentene.
Renteradar følgjer med på norske bankar både ved å kartlegge listeprisane og gjennom innrapportering frå brukarar.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKVed NTNU i Trondheim har dei forska på lån i norske bankar.
Funna viser at innvandrarar, barn av innvandrar og eldre har høgast rente.
– Dei som betalar aller mest er dei som har både høg alder og låg utdanning, seier Endre Jo Reite.
Han er fyrsteamanuensis ved NTNU, i tillegg til å vere direktør for personmarknad i BN Bank.
Endre Jo Reite forskar på korleis kundane blir behandla i norske bankar.
Foto: Terje Haugnes / NRKReite meiner det er på tide med ei opprydding i bankbransjen.
– Eg meiner det er urettferdig at vi tek meir betalt frå dei som ikkje finn fram i digitalt, seier Reite.
– Då vil jo banken tape pengar?
– Ja, då vil vi tape litt. Men vi bør klare oss utan inntekter som kjem frå utnytting av lojaliteten til kundane, seier Reite.
Meiner det er god konkurranse
Bankane har plikt til å oppgi prisar til Finansportalen, men mange kundar får rente som er langt lågare enn listeprisen.
Norske bankar er organisert i Finans Noreg. Dei meiner bransjen fungerer godt i dag, men vegår at enkelte kan ha dårleg rente.
– Det er vel ein fare i alle marknader, at viss du sit stille som forbrukar, så får du ikkje dei beste prisane, seier Tom Staavi.
– Kan ikkje de gi god rente til alle?
– Vi meiner prisane i bankane er ganske gjennomsiktige. Vi er lovpålagde å vurdere kvar enkelt kunde individuelt, seier han.
Tom Staavi er kommunikasjonsdirektør i Finans Noreg.
Foto: William Jobling / NRK– Ifølge Finanstilsynet er norske bankar av dei mest lønsame i Europa. Korleis forklarer du det?
– Dette går i bølger. No har vi hatt ein periode der innteninga auka, men det er mange grunnar til det, seier Staavi.
– Bankane bør ta kontakt
Pensjonistforbundet er fortvila over situasjonen og meiner eldre personar blir diskriminert av bankane.
– Bankane bør ta kontakt med kundar som sit med høg rente, seier styreleiar Jan Davidsen.
Jan Davidsen er styreleiar i Pensjonistforbundet, landets største interesseorganisasjon for eldre.
Foto: William Jobling / NRK– Har ikkje dei eldre eit ansvar sjølv?
– Jo, men mange klarar ikkje å ta det ansvaret. Det skjer blant anna fordi dei ikkje er digitale. Då har bankane eit ansvar for å ikkje utnytte dei lojale kundane, seier Davidsen.
Nøgd med den nye renta
No smiler Andreas Fagerheim litt når han snakkar om renta si.
– Det er klart den var alt for høg, seier han.
Banken sette ned renta tre dagar etter at han tok kontakt.
– Eg kan anbefala alle å gjere det, seier Fagerheim.
Se hvor mye du må betale når renta settes ned. Vi tar utgangspunkt i en nominell rente på 4,99 prosent.
Ditt lån
Nedbetalingstid nå
Månedlige utgifter 17 017 kr
Endrede utgifter -503 kr
Det vil si en total utgift på 17 017 kroner i måneden. Altså en endring på -503 kroner i renteutgifter.
Publisert 25.09.2025, kl. 18.07 Oppdatert 25.09.2025, kl. 18.26