Solvår (14) og Melina (15) er positive til mobilforbod

1 month ago 23



– Det blir litt rart, men eg trur det kjem til å gå fint, seier Melina Moussazadeh (15).

Venninna Solvår Løvberg (14) trur mobilforbodet, som Elverum ungdomsskule no innfører, både er positivt og negativt.

– Fordi nokon kan jo for eksempel ha venner utanfor skolen som dei går på. Både nettvenner og venner på andre skolar. Så dei er kanskje litt avhengige i å ha kontakt med dei.

Samtidig meiner ho forbodet kan vere ein bra ting. For utan ein mobil i friminutta, kan dei lettare skaffe seg nye venner ved skolen dei går på, meiner Løvberg.

Solvår Løvberg viser hvordan den fungerer

Solvår Løvberg (14) viser korleis mobilforbodet på Elverum ungdomsskole blir handheva: Ved hjelp av magnetar som opnar og låser mobillommene kvar elev har fått.

Solvår Løvberg (14) og  Melina Moussazdeh (15) ved Elverum VGS

Solvår Løvberg (14) og Melina Moussazadeh (15) med kvar sine mobillommer som dei får ha med seg gjennom skoledagen.

På slutten av dagen får de mobilen

Moussazadeh og Løvberg trur det skal gå fint å vere utan mobiltelefonane heile skoledagen.

Mange har innført restriksjonar

I februar kom Utdanningsdirektoratet med oppfordringar om mobilbruk.

No har fleire kommunar, blant dei Oslo, Kristiansand og Elverum, innført mobilforbod på alle grunnskolane frå dette skoleåret.

I tillegg har fleire enkeltskolar allereie hatt ulike former for mobilrestriksjonar før dei nasjonale oppfordringane kom.

De to jentene har mye skjermtid

Solvår Løvberg seier ho prøver å ikkje vere så mykje på mobilen, mens Melina Moussazadeh seier ho håpar mobilforbodet vil hjelpe på hennar skjermtid.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

I ei undersøking som Utdanningsdirektoratet står bak, der nesten fire av ti grunnskolar har svart, melder 96 prosent at dei har innført restriksjonar.

Det frydar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

– Vi får tydelege tilbakemeldingar som viser at mobilfrie skolar får til betre læringsresultat, og dei har gjerne betre trivsel fordi mobbetala går ned.

Ho legg til at ved skolar som har mobilfrie friminutt, er elevane også meir aktive.

– Det er viktig for minnet, konsentrasjonen og evna til problemløysing. Det er vinn-vinn.

Oppfordring, ikkje lovpålagt

Nesten halvparten av dei vidaregåande skolane i Noreg har svart på same spørsmål. Her melder 64 prosent at dei har innført restriksjonar på bruk av mobiltelefonar og smartklokker.

Kunnskapsministeren ønsker ikkje å svare på om det å pålegge eit absolutt forbod gjennom lovverket er aktuelt.

– Det krev mange ressursar, pengar og ikkje minst tid som vi ikkje har.

Russetid VS Eksamenstid

– Vi har sett i friminutta at det har vore altfor lett å rømme inn i skjermen med éin gong klokka ringer, i staden for å vere saman med medelevane, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Foto: Remi Sagen / NRK

– Blir godt for både lærarar og elevar

På Elverum ungdomsskule er musikk- og engelsklærar Emil Sæternes positiv til innføringa av mobilforbod.

– Om det ikkje er sosiale medium, er det foreldre som ringer, eller andre elevar som har lyst til å ringe. Og ein skal sjekke det eine og det andre.

Han trur forbodet vil hjelpe på konsentrasjonen til elevane.

Lærer Emil Sæternes ved Elverum ungdomsskole

– Mobilen tar veldig lett fokus frå det som ein burde fokusere på Så det er eit ganske utbreidd problem trur eg. Ikkje hos alle, men hos veldig, veldig mange, seier Emil Sæternes om kva som er problemet med mobiltelefon i klasseromma,

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

Melina Moussazadeh (15) fortel at ho til vanleg bruker nesten ti timar på mobilen kvar dag. Ho er likevel optimistisk med tanke på det kommande skoleåret.

– Eg trur det kjem til å gå bra, for eg treng det. Eg kan ikkje ha ti timar i skjermtid. Og eg har jo gode venner eg kan vere med.

📱 Hadde du klart deg utan mobiltelefonen i sånn seks timar i strekk? 📱

Ps! Har skolen din ikkje innført mobilrestriksjonar? Tips oss, da vel!

Publisert 20.08.2024, kl. 07.01

Read Entire Article