Solberg: – Støre gjorde ein god jobb i møtet med Trump

1 week ago 20



Etter møtet mellom USA og Noreg i Det kvite hus torsdag, meiner tidlegare statsminister Erna Solberg (H) at statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) handterte møtet på ein bra måte.

I møtet diskuterte USAs president og den norske delegasjonen blant anna krigen i Ukraina og moglegheita til å få i stand ei våpenkvile.

I presseseansen etter møtet sa Trump at han vil ha slutt på at folk skal døy og at USA jobbar hardt for å få til ei våpenkvile.

Støre og Trump håndhilser

Trump og Støre handhelsar i Det ovale kontor.

Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTB

Signalet frå dette møtet er vanskeleg å tolke, meiner Solberg.

– Eg tenker at det forandrar seg litt dag for dag kva USA gjer med dette. Eg trur den største utfordringa med det er historieforståinga til Donald Trump knytt til territorium og område. Òg hans litt manglande tydelegheit på at det er Russland som er aggressoren i denne saka, sa ho til NRK.

Eit langt møte

Torsdag møtte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Jens Stoltenberg USAs president Donald Trump i Det kvite huset.

Der diskuterte dei blant anna handel mellom Noreg og USA, krigen i Ukraina og samarbeid mellom landa.

Møtet varte meir enn 90 minutt og blei etterfølgt av ein presseseanse i Det ovale kontor.

Der understreka USAs president at han «elskar Noreg».

Publisert 24.04.2025, kl. 20.37 Oppdatert 24.04.2025, kl. 20.48

Read Entire Article