Slik sørger dei for at Trollstigen blir trygg igjen

1 day ago 5



Enorme steinblokker rasar nedover fjellsida og mot Trollstigen. Slik skal fjellsikrarane sørge for at den populære turistvegen igjen blir trygg å ferdast på.

– Det dett noko ned heile vegen. Det er mykje som er veldig laust, så mykje av det klarer eg å ta med fingrane å hive utanfor, seier Ken Tore Søyland, fjellsikrar og bergsprengar i Risa AS.

Jobben krev at dei heng fleire hundre meter over bakken. Men høgdeskrekken er ikkje ei utfordring.

– Nei, vi stoler på utstyret. Vi passar på kvarandre og er nøye med HMS-ein, seier han.

Ken Tore Søyland, fjellsikrar og bergsprengar i Risa AS, er med på å rassikre Trollstigen.

Ken Tore Søyland er ein av fjellsikrarane som jobbar for å gjere Trollstigen trygg.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Blei stengt i sommar

Kvart år lokkar den nasjonale turistvegen turistar frå inn- og utland til Møre og Romsdal, og mange ventar spent på når vegen opnar for sesongen.

Men i år var situasjonen annleis. Fare for ras prega opninga. Først blei berre deler av vegen opna, frå Valldal og opp til platået på Trollstigen.

7. juni blei heile Trollstigen opna for trafikk, til stor glede for besøkande og det lokale næringslivet. Men gleda var kortvarig.

Då ein stein dundra ned fjellsida og trefte ein bil, blei vegen stengt umiddelbart. 20. juni kom nyheita om at vegen blei stengt ut året.

Kamp mot klokka

I juli kom det pengar til rassikring og arbeidet starta kort tid etter.

Målet er at vegen kan opne til sesongen 2025. Men det er ein kamp mot klokka.

Kristian Bjørdal, byggleiar Møre og Romsdal fylkeskommune, seier det er ein utfordrande jobb.

– Det er veldig kjekt å vere i gang med sikringa. Målet er sjølvsagt å få vegen klar til turistsesongen neste år.

– Men det er krevjande tilkomst. I tillegg er det krevjande både vêr- og årstidsmessig. Både med tanke på når vinteren kjem og også når den slepp taket neste år, seier han.

Kristian Bjørdal, byggleiar Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kristian Bjørdal seier at arbeidet i Trollstigen er utfordrande.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Det er selskapet Risa AS som har fått jobben med å rassikre området.

– Vi fekk ei utfordring i og med at det kom snø allereie i september. Men trass i dette har vi stort sett klart å halde det gåande, seier Sven Marius Ollestad, prosjektleiar i Risa AS.

Sven Marius Ollestad, prosjektleiar i Risa AS.

Sven Marius Ollestad håper vegen er klar til opning neste år.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Vi har allereie fått ned større parti med fjell. Så det er ingen tvil om at det var eit behov for å sikre fjellet, legg han til.

– Trur du at det blir opning av Trollstigen til våren?

– Ja, det er i alle fall målet vårt. Vi håper å få gjort mest mogleg i år. Det kjem an på vêret vidare, men vi er optimistar.

Populær jobb

Så lenge vêret tillèt det kjem 12 klatrarar til å halde fram med å jobbe i den stupbratte fjellsida. Arbeidet skjer store delar av døgnet.

Og for arbeidarane var det eit spesielt oppdrag å få jobbe i Trollstigen. Då Risa fekk kontrakten var det mange som var raske til å melde seg til jobben.

– Eg ringde sjefen med ein gong. Det er ikkje kvar dag ein får sjansen til å sikre Trollstigen. Det er veldig gøy, seier fjellsikrar Ken Tore Søyland.

Det er Trollstigen. Den mest kjente vegen som finst i Noreg. Det å kunne fortelje at ein har vore med på å sikre Trollstigen er stort. Vi har plukka frå øvste hylle og tatt dei mest erfarne folka, seier Ollestad.

Rassikring av Trollstigen

Arbeidet i Trollstigen held fram så lenge vêrforholda gjer det mogleg.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert 04.10.2024, kl. 15.53

Read Entire Article