Slik ser det ut når ei 367 kilo tung makrellstørje skal opp

3 hours ago 5



Det vart full klaff for båten som var utanfor Slåtterøy fyr i Bømlo i Vestland for å fiska makrellstørje før helga.

Ein fisk på nærmare 400 kilo, eller nærmare bestemt 367 kilo, vart resultatet.

Det er 30 kilo under noregsrekorden for makrellstørje tatt på stong.

– Å setja ord på dei kjenslene som er i sving når ein fiskar noko sånt, det går ikkje an. Men gang alt du ser føre deg med ti, fortel Martin Jacobsen.

Det var fredag ettermiddag dei sette kursen ut i havet med Asmund Aasheim sin Viknes 830.

Både Aasheim og Jacobsen er godkjente makrellstørjefiskarar av Fiskeridirektoratet.

På eit paddeflat hav observerte dei at det nærmast «kokte» i havoverflata med makrellstørjer.

Dei dorga forbi med gummiblekksprut som agn då ein av dei store fiskane slo til bak båten.

I løpet av sekund raste det ut 6–700 meter med line frå den kraftige snella.

Deretter starta den lange kampen med å få trøytta ut fisken.

Asmund og Martin Jacobsen på fiske

Små menn, stor fisk. Martin Jacobsen og Asmund Aasheim hadde tidenes dag i fiskebåten fredag. Denne makrellstørja på 367 kilo beit på kroken.

Foto: Privat / Privat

Fiskar: – Dette kan eg ikkje toppa

På ein video som NRK har fått tilgang til kan ein sjå Jacobsen tørka sveitten, medan han sveiver og sveiver.

– Eg har gangsperre frå nakkemuskulaturen og ned i tærne, seier Jacobsen til NRK dagen etter at fangsten var landa.

– Dette er ikkje ein einmannsjobb, forklarar Aasheim, som er godkjent teamleiar for fisket.

Han har vore med på store makrellstørjer tidlegare.

– Eg har fått ei på 300 kilo. Då tenkte eg at eg aldri kom til å toppa det, seier han.

Med fangsten fekk Martin Jacobsen sett ein solid personleg rekord for sportsfiske.

Tidlegare har han ein laks på 16 kilo som bestenotering i Bolstadelva. Denne rekorden vart slått til gangs på fredag.

– Eg veit ikkje om det går an å toppa dette, rett og slett, seier Jacobsen.

Aasheim på si sida har planen klar:

– Det er å få ein større, seier han.

Sjå fiskarane sveive inn den 367 kg tunge makrellstørja.

Forskar på fangsten

Den 28 fot store Viknes-båten til Aasheim vart for liten til å ta den store fisken om bord.

Redninga vart Havforskingsinstituttet, som er ute på forskingsfiske etter makrellstørje med sin båt.

Dei hadde hatt bomturar langs heile vestlandskysten i fleire dagar, trass i at dei hadde sett masse fisk.

Då dei høyrde kva som hadde skjedd på Bømlo sette dei straks kursen dit.

– I år er har vi sett og merkt ein god del svære makrellstørjer, seier Otte Bjelland i Havforskingsinstituttet.

Den største har målt 2,97 meter i lengde. Fisken utanfor Bømlo vart målt til 2,87 meter i lengde.

Bjelland og teamet undersøkjer mellom anna kor lang tid det går å få fisken opp av havet, kor djupt dei går, og kor ofte dei visar seg i overflata.

– Dette er mellom dei tinga me vil finna ut meir av, seier han.

Asmund Aasheim med makrellstørje

Foto: Privat / Privat

Kan ikkje selja fisken

Makrellstørja vart teken på land på Brandasund. Den eksklusive fisken har ein kilopris på mellom 300 og 400 kroner per kilo, ifølgje Fiskerimagasinet.

Vel og merke om kvaliteten er god.

Men fiskarane utanfor Bømlo treng ikkje gle seg over pengar på konto.

Det er nemleg strengt forbode å selja fisken.

– Me gav vekk ein del til lokale i Brandasund som kom på kaien. Dei ville absolutt betala, men eg sa at dei heller fekk vipsa til idrettslaget. Me må vera rause med fisken, for det vert fullt i frysaren om fire personar skal dela 300 kilo, seier Aasheim.

Stor makrellstørje i Brandasund

Her vert fisken heist på land.

Foto: Privat / PRIVAT

Publisert 06.10.2024, kl. 17.37 Oppdatert 06.10.2024, kl. 17.43

Read Entire Article