Statsforvaltar-avgangen
«Auka arbeidspress», «underfinansiert» og «svært urovekkande», seier statsforvaltarane om eigen ressurssituasjon.
Publisert 19.12.2024 18:45
Onsdag gjekk Valgerd Svarstad Haugland av som statsforvaltar i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
Det skjedde etter at det mellom anna blei avdekka alvorlege avvik innan handtering av klager på tvangsmedisinering.
På ein pressekonferanse uttalte ho at dette var «ei varsla katastrofe».
Ho viste til at ho fleire gongar har gitt beskjed til overordna styresmakter at dei ikkje har nok ressursar.
– Underfinansiert
TV 2 har sidan sommaren vore i kontakt med fleire statsforvaltarar. TV 2 har også gjennomgått årsrapportane frå alle ti statsforvaltarane for 2023.
Summert opp blir det teikna eit bilete av stramme økonomiske kår som gjer det krevjande for statsforvaltarane å løyse alle oppgåvene.
«Underfinansiert», «svært urovekkande» og «ikkje berekraftig», er ord som går igjen.
Denne beskjeden har departementa fått av fleire av statsforvaltarane.
Statsforvalterne får pengar over statsbudsjettet og midlar frå ulike departement ettersom ansvarsområdet dekkjer eit breitt spekter av oppgåver.
– Departementa er godt kjent med ressurssituasjonen vår og konsekvensane det kan medføre, seier fylkeslege i Vestland, Kristin Cotta Schønberg.
Ho meiner statsforvaltarane ikkje blir sett i stand til å gjere jobben sin i samsvar med føresetnadane i oppdraget og lova, slik situasjonen er i dag.
Utdrag frå årsrapportane
Årsrapport for Vestfold og Telemark
«Generelt ser det ut til at vi har en underfinansiering på BFD sitt fagområde. Vi har i 2023 brukt 2,2 mill mer på dette fagområdet enn vi får tildelt. Vi har over flere år gitt tilbakemeldinger på at HOD underfinansierer sitt fagområde.»
Årsrapport for Agder
«Jeg fremhevet i rapporten for ett år siden at økende oppdragsmengde kombinert med reduserte budsjetter utfordrer oss. Vi må jobbe mest med det som er viktigst. Vi trenger tydeligere ledelse og skarpere prioriteringer.»
Årsrapport for Rogaland
«Embetet har i 2023 hatt en mer anstreng økonomisk situasjon, men har allikevel god måloppnåelse. Men dette har gått ut over utviklings- og kompetanseheving for medarbeiderne og ført til økt arbeidspress. Tiltaket med økt lønn til alle som ble tatt i 2022 har gitt resultat i redusert turnover, men vi er bekymret for at arbeidspresset er en av årsakene til økt sykefravær.»
Årsrapport for Vestland
«I og med at den totale løyvinga er redusert og vi ikkje vart ferdige med alle utflyttingskostnadene, blir 2024 eit krevjande økonomisk år.
Med brei tilslutning frå organisasjonane har vi kome fram til at vi over to år vil redusere talet på tilsette med 20 (av rundt 260 årsverk), for å skaffe oss rom til å auke lønsnivået og ta høgd for framtidige kutt i budsjetta.
Vi må redusere kapasiteten på oppdraga frå HOD (tilsyns- og klagesaker på helse-, omsorgs- og barnevernsområdet), KDD (medverking i plansaker og klagesaker på plan og bygg), KLD (enkeltsaker og verneprosessar på naturmangfald- og forureining) og JD (alle sakstypar på verjemål). Vi er uroa over at det gjer oss mindre rusta til ta i vare rettstryggleiken til svake grupper eller tause interesser, til dømes den store auken i saker som gjeld helserettar og underfinansieringa av verjemålsområdet.»
Årsrapport for Møre og Romsdal
«Stramme økonomiske rammer, auka oppdragskrav og ikkje minst utfordringar med å rekruttere inn riktig fagkompetanse er det som vil utfordre oss mest i åra framover.»
Årsrapport for Trøndelag
«Statsforvalteren i Trøndelag leverer også i 2023 godt på våre oppdrag, og vurderer oss selv som en veldrevet organisasjon med kompetente medarbeidere. Likevel er det noe mer grunnlag for bekymring enn tidligere knyttet til både den samlede ressurssituasjonen og samfunnsmessige utviklingstrekk. Trangere økonomi for mange som følge av rente- og prisvekst, sammen med flyktningsituasjonen, gir økt pågang i form av klagesaker så vel som økt behov for veiledning innen oppvekst, helse og sosiale tjenester.»
Årsrapport for Nordland
«Helse- og omsorgsdepartementet er underfinansiert på sitt fagområde. I 2023 har avdelingen brukt mer på dette området enn det er tildelt, og viser et stort merforbruk. I 2022 ble flere vakanser besatt, og effekten er økte lønnskostnader i 2023. Økningen av oppgaver er ikke tilpasset tildelte midler»
Årsrapport for Troms og Finnmark
«Med den ressurssituasjonen vi har hos Statsforvalteren i dag har vi ikke kapasitet til å følge opp alle verneområder med kjente trusler. Vi vil derfor gjenta bekymringsmelding for utviklingen fremover for forvaltning av verneområder i vårt fylke der Statsforvalteren har forvaltningsmyndigheten.»
Varsla
I november fortalde TV 2 om eit brev sendt frå Statsforvaltaren i Vestland til dei ansvarlege departementa, der dei varsla om ein uhaldbar ressurssituasjon.
I brevet understreka dei at dei frykta saksbehandlingstida innan helse og barnevernssaker vil bli lengre, og at dei må prioritere vekk saker dei tidlegare ville gått inn i.
– Vi er uroa for rettstryggleiken til befolkninga, og for at vi ikkje kan klare å gjere oppdraget vårt, sa Kristin Cotta Schønberg, fylkeslege i Vestland, til TV 2 i november.
No har 114 pasientar i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus fått feilaktig lagt vekk klagen sin på tvangsmedisinering, i totalt 123 saker.
Kritikken har hagla, og Svarstad Haugland viste mellom anna til ressurssituasjonen då ho kunngjorde at ho gjekk av på grunn av manglande tillit.
– Manglande tillit
– Det er ut i frå vår erfaring ingen grunn til å tru at desse problema kun gjeld det som no er avdekka, seier Mette Ellingsdalen.
Ho er leiar i We Shall Overcome, interesseorganisasjon for menneskerettar, sjølvbestemmelse og verdigheit innan psykisk helse.
Ho seier det har vore ei stor auke dei seinare åra i både antal menneske som får eit tvangsmedisineringsvedtak og i antal klager.
– Vår erfaring er at desse klagane ikkje blir grundig behandla, og at medhaldsprosenten er svært låg, seier Ellingsdalen.
– Dette fører til manglande tillit til klagesystemet hos både pasientar og pårørande.
Uroa
Då TV 2 kontakta Haugland om ressurssituasjonen i november, ønska ho ikkje gi ein kommentar.
TV 2 har og vore i kontakt med resten av statsforvaltarane torsdag, om korleis dei ser på situasjonen.
Dei ønskjer ikkje kommentere den konkrete saka, men fleirtalet seier dei er uroa for ressurssituasjonen.
– Vi er uroa for auken i klagesakene og ressurssituasjonen til å handtere dette. Dette er viktige rettstryggleiksoppgåver som må varetakast på ein god måte, seier Bent Høie, Statsforvaltar i Rogaland.
– Vi delar uroa for ressurssituasjonen fordi vi over fleire år har opplevd eit sprik mellom ressursane vi har og oppgåvene vi skal løyse. Dette har vi dialog med styringsetatane om, seier fylkeslege i Nordland, Morten Juul Sundnes.
Alle som har svara, understrekar at dei ikkje har lovbrot.
Dei seier dei har gode rutinar for kontroll, for å sikre at sakene blir handtert etter prioriteringslister og innanfor krava.
– Er det lettare at det kan skje slike lovbrot når ressurssituasjonen er som den er?
– Eg har lyst å seie nei. Når det er ein vanskeleg ressurssituasjon som no, må vi vere ekstra gode på prioritering og interkontroll, slik at vi reduserer risikoen for tilsvarande feil, seier fylkeslegen i Vestland, Kristin Cotta Schønberg.
Difor går statsforvaltaren av
Statsforvaltar Valgerd Svarstad Haugland går av etter interne avvik.
Det første avviket handlar om klagebehandling. 114 pasientar har ikkje fått behandla sine klager på tvangsmedisinering dei siste fem åra, i totalt 123 saker.
Det andre avviket handlar om brot på offentleglova. Totalt 969 innsynskrav til helseavdelinga er ikkj ebehandla i perioden 2019 fram til sommaren 2024. 339 av desse er kome inn siste 12 månadane.
Svarstad Haugland seier dette er ei varsla katastrofe grunna ressurssituasjonen, men understreker at det ikkje er ein unnskuldning for ikkje å ha behandla sakene riktig.
– Ingen unnskyldning
TV 2 har sendt ei rekke spørsmål til digitaliserings- og forvaltningsministeren om ressurssituasjonen slik statsforvaltarane opplever det.
– På mange samfunnsområde kan det argumenterast for at det er behov for meir ressursar, skriv Karianne Tung (Ap) i ein e-post til TV 2.
Ho skriv vidare at ho er kjend med at Svarstad Haugland på generelt grunnlag har tatt opp ressurssituasjonen på helseområdet med Helse- og omsorgsdepartementet, og at saksmengda har auka.
– Det er likevel ingen unnskyldning for å ikkje vareta rettstryggleiken til innbyggarane, eller å ikkje behandle innkomne saker.