Oppfordrar til å ikkje hamstre: – Må gå an å moderere seg

12 hours ago 6



Det Iren har sett i matbutikken, får ho til å reagere.

 Goran Jorganovich  / TV 2
PRISKRIG: Det har vore svært låge prisar på typiske julevarer i førjulstida. Foto: Goran Jorganovich / TV 2

Publisert 21.12.2024 13:35 Sist oppdatert 51 minutter siden

Det har vore svært låge prisar på mange varer i førjulstida. Enkelte butikkar har i periodar vore tomme for varer som graut og diverse søtsaker.

Dette sjølv om daglegvarekjedene har innført ei grense for kor stort mengd kundar kan ta med seg av enkelte varer. Blant desse har vore peparkakedeig, Non Stop og risgraut.

Men prisane kan føre til at nokon hamstrar, og dette er Iren Strømsrud sterkt imot.

– Kor mykje må dei kaste?

Torsdag la ho ut eit Facebook-innlegg på ei gruppe der folk kan tipse om gode tilbod. Innlegget har fått fleire reaksjonar.

– Grunnen var at eg ser at folk kjem heim med 10 pizzaar og nesten fulle handlekorger med julemarsipan, nonstop, julegraut og julepølser, seier Strømsrud.

 Skjermdump / Facebook
FACEBOOK: Dette innlegget la Iren ut på Facebook. Foto: Skjermdump / Facebook

– Dei kjøper ikkje 3-4 av kvar, men kanskje 10-20. Eg tenker at det må gå an å moderere seg litt, og også tenke på andre, legg ho til.

Strømsrud meiner at det er positive og negative sider ved priskrigen. På den eine sida kan fleire få moglegheit til å kjøpe billige varer. Samtidig kan det også føre til hamstring.

Strømsrud vil derfor oppfordre folk til å ikkje kjøpe meir enn dei treng.

– Eg har irritert meg ganske lenge over den overfloden, når eg ser at folk kjøper for å kjøpe. Kor mykje må dei kaste etter kvart, spør ho retorisk.

– Har du blitt freista sjølv av dei låge prisane?

 Privat
GIR VEKK: Knut og Iren Strømsrud har dei siste åra gitt vekk mat til dei som treng det i førjulstida. Foto: Privat

– Eg skal vere ærleg og seie at ja, eg kjøpte tre posar med forskjellig sjokolade og julemarsipan, og tre marsipangrisar. Det er det einaste eg har blitt freista av, seier Strømsrud.

Den eine sjokoladeposten blei rett nok gitt vekk i ei matkasse.

Strømsrud meiner at butikkane kan gjere meir for dei som har lite å rutte med.

– Eg synest butikkane bør ta grep. Mange har gjort det, ved å ha ei handlekorg ved kassene der folk kan legge ting oppi. Men når dei har priskrigar, så synest eg dei burde lage matkasser, og gje ut til dei som treng det, seier ho.

Sjå kva kjedene svarer lenger ned i saka.

Gir vekk til dei som treng

Dei siste tre åra har ho og mannen Knut har dei siste åra delt ut mat til dei som har behov for det i førjulstida.

– Det begynte med at vi såg at vi hadde altfor mykje mat. Vi såg at det her ville bli kasta til slutt, og det er kjempesynd, for det er varer som er heilt brukbare, seier Strømsrud.

Dei bestemte seg for å dele av det dei hadde til overs.

– Vi la rett og slett ut et innlegg på Facebook med «gis bort» til de som verkeleg trenger det. Vi fekk så mange meldingar, seier Strømsrud.

Dei fleste som tar kontakt er småbarnsfamiliar, men det er også andre som har behov for litt ekstra.

 Goran Jorganovich  / TV 2
BILLIG: Peparkaker er blant varene som har blitt sett ned i pris den siste tida. Foto: Goran Jorganovich / TV 2

– Vil variere

Kommunikasjonsrådgivar i Coop, Simen Kjønnås Thorsen. seier til TV 2 at det er mange år sidan det har vore eit liknande prisfall som i år.

– Extra har bestilt opp fleire varer enn tidlegare år for å vere rigga til julerushet, men likevel er det vanskeleg å føresjå korleis prisbiletet og etterspurnaden blir. Dei svært låge prisane i marknaden vi ser no gjer dermed at behaldninga på enkelte julevarer vil variere frå butikk til butikk, seier Thorsen.

Han opplyser at heilårsvarer som kanskje er ekstra populære i juletida, som røykelaks, nonstop og meierismør vil bli fylt opp fortløpande i butikken.

– Samtidig er det slik at det finst eit avgrensa volum av dei reine julevarene, som til dømes edamerost, julebrunost, julemarsipan og julegodt. Det aller meste av reine julevarer er no køyrt ut til butikk, seier Thorsen.

– Leverandørane har ikkje moglegheit til å produsere opp fleire juleprodukt så tett på jul, så når det er tomt, så er det tomt. Kva som er status i butikkhyllene no, varierer frå butikk til butikk, legg han til.

Kommunikasjonsdirektør i Kiwi, Kristine Aakvaag Arvin, opplyser at det varierer frå butikk til butikk om det er varer som er utseld.

– Rød Edamer er utseld overalt no, men den vellagra er det framleis ein del butikkar som har inne, seier ho.

 Ståle Winterkjær / TV 2 hjelper deg

COOP: Viss det er tomt i butikken, så er det tomt, seier Coop om enkelte juleprodukt. Årsaka er at det ikkje er moglegheit til å produsere meir så tett på jul. Foto: Ståle Winterkjær / TV 2 hjelper deg

 Gorm Røseth / TV 2

KIWI: Det varierer frå butikk til butikk kva varer som er utseld, seier Kristine Aakvaag Arvin i Kiwi. Foto: Gorm Røseth / TV 2

Arvin seier at det er bestilt inn fleire varer enn nokon gong. Kjeda har opna for at kvar butikk kan velje å sette ei maksgrense for kor mykje kvar kunde kan kjøpe. Ho har inntrykk av at kundane har respektert desse grensene.

– Vi ønsker i utgangspunktet ikkje å avgrense tal varer, men vi opna for at butikkane kunne gjere det, om det var nødvendig for at fleire skulle få glede av prisane, seier Arvin.

I Rema-butikkane kan det og vere utseld for nokre sesongvarer, opplyser leiar for kommunikasjon i Rema 1000, Hege Rognlien.

– For å sikre at flest mogleg får glede av dei største prisreduksjonane, har vi også innført nasjonale maksavgrensingar på svært populære varer som har fått store priskutt, seier Rognlien.

– Dette gjer vi for at flest mogleg av våre kundar skal nyte godt av dei låge prisane, det er noko vi ser at dei aller fleste set pris på, legg ho til.

– Ekstra stort behov

Når det gjeld Strømsrud si etterlysing om matkasser, seier Coop at dei bidreg med mat som er til overs.

– Vi er ein av de største leverandørane av overskotsmat til matsentralane og donerte i fjor nesten 900 tonn mat som kjem vanskelegstilte til gode. Så er det sjølvsagt eit ekstra stort behov til jul og det prøver vi å bidra til gjennom matsentralane, seier Thorsen i Coop.

– I tillegg er det mange samvirkelag og enkeltbutikkar rundt omkring i heile landet som deler ut mat, anten på eiga hand eller i samarbeid med andre frivillige organisasjonar lokalt, legg han til.

Også Kiwi donerer mat.

– Kiwi har vore samarbeidspartnar med Kirkens Bymisjon i over 20 år, og dagleg donerer våre butikkar mat til deira serveringsstader. Vi donerer mat for millioner av kroner, som bidreg til at Bymisjonen kan servere tusenvis av måltid til dei som treng det mest, seier Arvin i Kiwi.

Read Entire Article