USA-valet
2016 (t.v.) samanlikna med 2024 (t.h.). Jim Chilton (85) viser forskjellen på grensa mellom hans ranch og Mexico frå 2016 til i dag. No har han eitt stort ønske for årets presidentval.
Publisert 30.10.2024 21:41
– Vent litt, eg skal berre hente hatten og rifla, seier Jim Chilton, og forsvinn inn i huset sitt her heilt sør i Arizona.
– Eg har alltid med meg våpen. Eg er ein cowboy, ikkje ei pyse.
Kartella krigar på ranchen
85-åringen svingar seg inn i jeepen og dundrar ut på skogsvegane på den enorme ranchen sin. Gjennom det mektige, men ugjestmilde ørkenlandskapet sklir han sørover mot grensa mot Mexico. Grensa strekk seg ni kilometer langs hans sørlege tomtegrense.
– Vi har fått beskjed av grensepatruljen om at vi ikkje må dra ned til det sørlege området av ranchen fordi kartella krigar mot kvarandre på amerikansk side, seier han.
Innvandring pregar USA-valet: – Kor mange er terroristar?
Likevel held han stø kurs nettopp mot dette området – han ønskjer å vise noko.
Grensa før Trump
Men først skal vi ein kjapp tur åtte år tilbake i tid. Under valkampen i 2016, møtte TV 2 Chilton for første gong.
Også ved det presidentvalet var ulovleg innvandring eit av dei aller viktigaste tema, drive fram av Donald Trump.
– Sjå her, sa Chilton til TV 2s team den gong, mens han viste fram det skrøpelege grensegjerdet som skilte hans gard frå Mexico.
– Så lett er det å krysse, sa han, og ålte seg under den stusslege ståltråden.
Den gong håpte Chilton inderleg at Trump skulle vinne valet. Ei viktig årsak var at Trump lovde å slå hardt ned på smugling av narkotika og menneske over grensa.
Chilton understreka at det var narkosmuglarar han først og fremst ønskte å stanse. Han seier han ikkje har noko imot innvandring, så lenge den skjer lovleg.
– Vi skal bygge ein mur langs heile grensa, ropte Trump på alle sine valmøte opp mot valet i 2016.
– Og Mexico skal betale for den!
Demokratane latterleggjorde Trump sitt mur-prosjekt, mellom anna fordi den både ville bli svært kostbar og ineffektiv sidan dei meinte immigrantane uansett ville klare å ta seg over.
Ein gjennomgang utført av det libertarianske Cato-instituttet i 2022, viser også at mange lett tar seg over – eller under – muren.
Grensa etter Trump
Gleda var stor for Chilton då Trump vann i 2016.
Etter den tid, har Chilton stått på scena med Trump fleire gonger, som til dømes under republikanarane sitt landsmøte i sommar.
– No ser muren slik ut, seier Chilton i dag, og viser fram noko ganske anna enn gjerdet for åtte år sidan.
Langs det meste av grensa mellom hans gard og Mexico, tronar no eit fleire meter høgt gjerde laga av stålstolpar forankra i betong.
– President Trump sikra grensa. Han bygde muren, slår Chilton fast.
Men ikkje heile.
Amerikanske grensestyremakter har laga eit interaktivt kart der dei viser til den nye muren.
Heile grensa er nesten 3200 kilometer lang.
Under Trumps presidentperiode frå 2017 til 2021 blei det bygd 130 kilometer ny mur eller gjerde, ifølge ei oversikt frå BBC og andre medium. I tillegg blei eksisterande grensebarrierar forsterka langs 600 kilometer.
Og nei, Mexico betalte ikkje.
Meiner Biden tabba seg ut
Også på ein del av grensa på Chilton sin ranch, manglar det gjerde. Bygginga stansa då Joe Biden tok over Det kvite hus i 2021.
– President Biden gjorde ei forferdeleg tabbe. På sin første dag, signerte han ei presidentordre som stansa bygginga av muren, seier Chilton oppgitt, og peikar på der gjerdet sluttar.
Han seier at illegale immigrantar og narkosmuglarar no strøymer over der det manglar gjerde.
Dette skil Trump og Harris sin innvandringspolitikk:
Demokratanes Kamala Harris:
Harris ønsker å etablere det ho kallar ein trygg, human og kontrollert immigrasjon over grensa.
Vil få gjennom immigrasjonsreforma som ikkje fekk fleirtal i Kongressen tidlegare i år. Reforma vil sikre 1500 fleire grensevakter, ytterlegare innstrammingar på retten til å søke asyl, og styrke utlendingsstyremaktene for å få raskare behandling av asylsøknader og deportasjoner.
Har sagt at alle som tar seg ulovleg over grensa, vil bli bortvist og nekta innreise i fem år.
Dei som tar seg over grensa ulovleg, vil også bli nekta asyl. Berre dei som møter ved ein grensovergang vil bli vurdert for opphald i USA. I januar 2023 innførte USA ein app som alle immigrantar skal bruke for å avtale time hos grensestyremaktene, og berre dei som har fått avtale skal møte ved grensa.
Republikanaranes Donald Trump:
Vil starte «tidenes største deportasjon» av alle udokumenterte immigrantar i USA. Trump vil ml.a. bruke nasjonalgarden for å gjennomføre dette. Det er rundt 11 millionar udokumenterte innvandrarar i USA.
Vil stenge grensene og hindre all ulovleg innvandring.
Vil fullføre muren mot Mexico og for øvrig styrke grensa. Opnar for å hente fleire tusen soldatar som er stasjonerte utanlands og sette dei inn på grensa.
Vil gjenoppta og utvide alle program frå forrige presidentperiode, som det kontroversielle «muslim ban».
Vil ha strengare screening for å hindre innreise for folk med «uønska haldningar».
Kjelder: Valkampsidene til Trump og Harris, AP, Reuters, Washington Post.
Trump har lova å bygge ferdig muren og stenge grensa. Det er ei avgjerande årsak til at Chilton kryssar fingrane for at Trump igjen tar over Det kvite hus. Og han har støtte frå mange andre her i den viktige vippestaten Arizona.
– Trump seier det som det er, han snakkar rett frå levra, seier Chilton.
– Og vi treng den muren.