Slik forvandla Olav Thon bygda i Hallingdal

5 days ago 11



– Olav Thon var verkeleg ei gåve til Flå kommune, seier ordførar Merete Høntorp Gandrud (Ap), til NRK.

I 2006 blei Thon stoppa av lensmannen i Flå.

Der kom samtalen inn på Bjørneparken og lensmannen tok han med på besøk i parken.

– Forvandla kommunen

– Han spurde om eg hadde klart å halde fartsgrensa, sa Thon til Dagens Næringsliv i 2012 og fortel at samtalen raskt kom inn på Bjørneparken.

Der og då bestemte Thon seg for å forvandle bygda.

Sidan 2007 investerte han og selskapa hans over 350 millionar i alt frå hotell til McDonalds.

For ordførar Gandrud er det ein trist dag, men ho vel å tenke på alt han gjorde for Flå.

– Han har jo forvandla denne kommunen vår frå ei mindre bygd til eit pulserande sentrum i Hallingdal. Han torde jo å satse der andre berre køyrde forbi.

  • Olav Thon og Stein Erik Hagen før sentralbanksjefens årstale i 2018.

    Olav Thon var i fleire år ein av dei rikaste personane i Noreg. Her er han saman med forretningsmannen Stein Erik Hagen i samband med årstalen til sentralbanksjefen i 2018.

  • Olav Thon på hytta i 1970.

    Olav Thon var glad i friluftsliv, og støtta i fleire år Den Norske Turistforening med pengar. På bildet er han avbilda på hytta si på Sollihøgda i 1970.

  • Olav Thon med byste av seg selv

    I samband med 80-årsdagen i 2003 blei Olav Thon tildelt St. Olavsorden for innsatsen sin for norsk næringsliv. Dei tilsette gav han ei byste laga av kunstaren Per Ung.

  • Sissel Berdal og Olav Thon da de giftet seg i 2019

    I 2019 gifte Olav Thon seg med Sissel Berdal Haga på Bristol Hotel i Oslo. Han gav henne æra for den fargerike klesstilen Thon etter kvart blei kjent for.

– Eineståande

Reaksjonane er mange og sterke etter nyheita om at Olav Thon har gått bort, 101 år gamal.

– Olav Thon var ein eineståande forretningsmann som skapte næring og arbeidsplassar både i og utanfor Noreg. Men han var også ein som aldri gløymde dei sterke røtene sine til Hallingdal.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre om bortgangen.

Støre trekker fram personlegdomen og engasjementet til Thon, ikkje minst for naturen.

– I dag går tankane mine til hans næraste, seier Støre.

Stein Erik Hagen seier at Olav Thon var eit førebilete på alle måtar.

– Han var ein stor inspirasjon, gav aldri opp og var alltid blid og positiv. Han fekk leve eit langt, godt og rikt liv, seier Hagen.

Publisert 16.11.2024, kl. 14.42 Oppdatert 16.11.2024, kl. 14.57

Read Entire Article