Slik får jegerane billegare patroner

1 month ago 18



No er hausten her, og for over 130.000 nordmenn betyr det ein ting: jakt.

Jeger Per Gunnar Øines på Longva på Sunnmøre har brukt månadsvis på å gjere seg klar til hjortejakta. Han stiller med heimelada ammunisjon.

Han har inntrykk av at stadig fleire jegerar gjer det same.

– Då blir det rimelegare, så du får skyte og trene meir. Og så har du eit mykje større utval av kuler å bruke, seier han.

I butikken kan det koste rundt 50 kroner for kvart jaktskot. Øines har rekna ut at tilsvarande ammunisjon laga heime kostar rundt 20 kroner. Treningsammunisjon kostar ca 13 kroner å lage sjølv, medan butikkprisen er rundt 25 kroner.

Det betyr at berre på den obligatotiske oppskytinga før jakta sparte han rundt 800 kroner.

Per Gunnar Øines lagar ammunisjon sjølv

Per Gunnar Øines har laga jaktkulene sine sjølv i årevis. Han har inntrykk av at interessa har auka blant jegerar.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Nervøs for å gjere feil

På arbeidsbenken på Longva i Haram står det krut, vekt, ladepresse og anna utstyr som trengst for å bruke om att dei tomme butikkhylsene, og dermed lage ny ammunisjon.

Også ei handbok ligg på benken og den er Øines sin bibel. Ladeboka har han lest frå perm til perm, for det er mykje som kan gå gale.

– Du kan ha for mykje krut i eller for lite. I verste fall kan du gløyme å ha krut i, og kula blir ståande fast i løpet, seier Øines.

Han er mentor for Roy Kolseth, som starta å lage ammunisjon for eit par år sidan.

– Eg er heilt fersk og nervøs for å gjere feil, men dersom eg gjer som eg har blitt fortalt er det ganske enkelt, seier Kolseth.

Krut og vekt som brukar til å lage ammunisjon sjølv

Krutet blir vegd slik at ein er sikker på at det blir riktig mengde

Per Gunnar Øines lagar jaktkuler sjølv

Det er viktig å vere nøyaktig når ein lagar ammunisjon sjølv.

Jaktkuler som er laga heime

Per Gunnar brukar å lage 50 kuler i gongen når han held på.

Sparer fleire tusen kroner

For Kolseth var det den stigande prisen på ammunisjon i butikken som fekk han til å starte med heimelading.

Tenåringssonen hans har nemleg starte å jakte, og faren vil at han skal øve så mykje han kan for å bli ein trygg jeger. Men det er dyrt.

– Vi hadde nok ikkje skote meir enn høgst nødvendig dersom vi ikkje lada sjølv, seier Kolseth.

Roy Kolseth framfor jaktbua

I denne jaktbua skal Roy Kolseth sitte under jakta. Han starta å lage eigne kuler for eit par år sidan.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Han lagar rundt 200 jaktammunisjon til seg og sonen, og trur at han sparar 5- 6000 kroner på å gjere jobben sjølv.

Ein annan faktor var at ammunisjonen han kjøpte på butikken førte til store øydeleggingar i hjortekjøtet. No har han tilpassa type kule og mengde krut for å unngå det.

Merkar stor interesse

Håvard Skjerstad Andersen

Håvard Skjerstad Andersen i Noregs Jeger og fiskeforbund trur heimelading er for dei spesielt interesserte.

Noregs Jeger- og fiskeforbund har ikkje statistikk på kor mange som driv med heimelading, men veit at det er populært både blant jegerar og sportsskyttarar.

– For jegerane er det dyrt å trene mykje når ammunisjonen er dyr. For sjølve jakta har ikkje prisen så mykje å seie, for det er ikkje der volumet av skot går, seier kommunikasjonssjef Håvard Skjerstad Andersen.

Han trur likevel ikkje at heimelading er for jegerar flest, sidan det krev både kunnskap og investering av utstyr. Andersen tvilar også på at det er mykje å spare.

– Visst du kjøper inn store volum og kanskje fleire går saman og kjøper inn utstyr, så blir det billegare, seier Andersen.

Farleg å eksperimentere

På jaktbutikken Jafi i Ålesund er det mange som kjem innom for å handle utstyret som trengst for å lage ammunisjon.

– Det byrjar å bli såpass dyrt at ein må nesten lade sjølv dersom ein skal skyte mykje, seier børsemakar Nils Kristian Valaas-Lundsvoll.

Nils Kristian Valaas-Lundsvoll ved butikken Jafi

Børsemakar Nils Kristian Valaas-Lundsvoll seier at mange jegerar brukar mykje pengar på jakta og at dei som vil skyte mykje, ofte lagar ammunisjonen sjølv.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ein patron som før kosta 25 kroner kostar vel no rundt 50 kroner.

Også han understrekar at det er ein del risikoar knytt opp til heimelading.

Men så lenge ein følgjer bøkene ein skal følgje, går det veldig greitt. Faren er om ein eksperimenterer utanom det.

Per Gunnar Øines lagar sin eigen ammunisjon. Her er han på skytebana på Hildre og testar kulene.

Per Gunnar Øines er nøgd med kulene han har laga sjølv.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

På Sunnmøre har Per Gunnar Øines pakka med seg børsa si og den heimelaga ammunisjonen til skytebana.

Han fyrer av fem kuler mot ein blink forma som eit reinsdyr. Datamaskinene ved sidan av gir han svaret på korleis han trefte og kor stor fart kulene hadde.

– Det var ei godkjent oppskyting. Det var greitt nok. Han er i alle fall død, seier Øines.

Publisert 05.09.2024, kl. 21.17

Read Entire Article